{"id":95145,"date":"2025-11-24T09:23:07","date_gmt":"2025-11-24T09:23:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/95145\/"},"modified":"2025-11-24T09:23:07","modified_gmt":"2025-11-24T09:23:07","slug":"fire-av-ti-advokatfullmektigar-jobbar-ulovleg-mykje-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/95145\/","title":{"rendered":"Fire av ti advokatfullmektigar jobbar ulovleg mykje \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert<\/p>\n<ul>\n<li>Fire av ti advokatfullmektigar jobbar ulovleg mykje, viser ei unders\u00f8king fr\u00e5 Juristforbundet.<\/li>\n<li>Unders\u00f8kinga vart gjennomf\u00f8rt etter at Dagens N\u00e6ringsliv omtalte problematikken.<\/li>\n<li>Funna er alvorlege, meiner Juristforbundet og Yngre advokater.<\/li>\n<li>Jusstudent Solveig Brunvoll er medviten om at ho er p\u00e5 veg inn i ei bransje med h\u00f8gt arbeidspress.<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2013 Eg forventar ugunstige arbeidstider, seier Solveig Brunvoll.<\/p>\n<p>Ho studerer juss, og skal blant anna jobbe med strafferett n\u00e5r studietida er over. Bransjen ho skal inn i, er kjent for h\u00f8gt arbeidspress.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur ikkje at ein kjem seg unna det med dette saksomr\u00e5det, og det har eg skikkeleg lyst til \u00e5 jobbe med.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person med langt, lyst h\u00e5r sitter foran en b\u00e6rbar datamaskin. Personen har p\u00e5 seg en svart jakke. Omgivelsene best\u00e5r av en moderne bygning med glassvegger og dempet belysning.\" title=\"Foto: Benyamin Farnam \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Solveig Brunvoll studerer rettsvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho trur mange finn ut i l\u00f8pet av studietida om dei \u00f8nsker seg ein livsstil med h\u00f8gt arbeidspress.<\/p>\n<p>Foto: Benyamin Farnam \/ NRK<\/p>\n<p>Dei siste m\u00e5nadene <a href=\"https:\/\/www.dn.no\/magasinet\/arbeidsliv\/schjodt\/wiersholm\/jan-fougner\/wiersholm-fullmektig-jobbet-1005-timer-pa-syv-dager\/2-1-1886352\" ec-id=\"https:\/\/www.dn.no\/magasinet\/arbeidsliv\/schjodt\/wiersholm\/jan-fougner\/wiersholm-fullmektig-jobbet-1005-timer-pa-syv-dager\/2-1-1886352\" ec-name=\"har Dagens N\u00e6ringsliv (DN)\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">har Dagens N\u00e6ringsliv (DN)<\/a> avdekt at advokatfullmektigar i dei st\u00f8rste advokatfirma i landet jobbar ulovleg mykje.<\/p>\n<p><strong>Ein av fullmektigane jobba heile 100,5 timar i l\u00f8pet av sju dagar, viser dokument som avisa har f\u00e5tt innsyn i.<\/strong><\/p>\n<p>I etterkant av DN sine artiklar bestemte Juristforbundet seg for \u00e5 kartlegge situasjonen blant medlemmene sine som er advokat\u00adfullmektigar i privat sektor.<\/p>\n<p>NRK har f\u00e5tt tilgang til unders\u00f8kinga. Dette er nokon av hovudfunna:<\/p>\n<ul>\n<li>Gjennomsnittleg arbeidstid for fullmektigane er 46 timar i veka.<\/li>\n<li>Rundt tre av ti droppar \u00e5 f\u00f8re alle timane dei faktisk jobbar.<\/li>\n<li>Fire av ti har hatt arbeidsveker p\u00e5 meir enn 69 timar.<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2013 Slik skal det ikkje vere. Fullmektigar er ferske i bransjen. Og sj\u00f8lv om dei har eit \u00f8nske om \u00e5 jobbe mykje, og har eit \u00f8nske om \u00e5 prestere, s\u00e5 er det klart at det er eit leiingsansvar \u00e5 legge til rette for at dei ikkje skal jobbe s\u00e5 lange dagar, seier Astrid R\u00f8d.<\/p>\n<p>Ho er leiar i Yngre advokater, som er ei undergruppe av Advokatforeningen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne i brun k\u00e5pe\" title=\"Foto: Sturlason AS Polyfoto\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Astrid R\u00f8d er leiar i Yngre advokater.<\/p>\n<p>Foto: Sturlason AS Polyfoto<\/p>\n<p>\u2013 Urovekkande h\u00f8gt<\/p>\n<p>Det er ulovleg \u00e5 jobbe meir enn 69 timar i veka.<\/p>\n<p>Likevel rapporterer 25 prosent av fullmektigane at dei har lengre arbeidsveker i l\u00f8pet av \u00e5ret. 13 prosent seier at dei ofte eller av og til har arbeidsveker p\u00e5 over 69 timar.<\/p>\n<p>\u2013 Eg synest det er urovekkande h\u00f8gt. Ein blir veldig sliten. Det kan g\u00e5 utover helsa, og eg er ogs\u00e5 redd for at det kan g\u00e5 utover kvaliteten p\u00e5 arbeidet ein gjer, seier Sverre Bromander.<\/p>\n<p>Han er president i Juristforbundet, og omtaler funna i unders\u00f8kinga som sv\u00e6rt alvorlege.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann i dress st\u00e5r i et moderne kontorlandskap og gestikulerer mens han snakker. Bakgrunnen viser et lyst rom med bord og stoler. Glassvegger og en stilisert tree-logo er synlige.\" title=\"Foto: Tore Linvollen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sverre Bromander er president i Juristforbundet.<\/p>\n<p>Foto: Tore Linvollen \/ NRK<\/p>\n<p>Manipulerer timelister<\/p>\n<p>Unders\u00f8kinga blei sendt ut til 973 fullmektigar som jobbar i privat sektor. 29 prosent svarte p\u00e5 den.<\/p>\n<p><strong>Rundt \u00e9in av fem av dei oppgir at dei har droppa \u00e5 f\u00f8re timar p\u00e5 dagar dei faktisk har jobba, og i staden f\u00f8rt timar p\u00e5 andre dagar for unng\u00e5 ulovleg h\u00f8g arbeidsmengd.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Timar skal bli f\u00f8rt n\u00e5r dei er jobba. Det er heilt openbert. Det er ikkje h\u00f8ve til \u00e5 tilpasse seg regelverket, seier Bromander.<\/p>\n<p>Til <a href=\"https:\/\/www.dn.no\/arbeidsliv\/wiersholm\/ingvill-kvernmo\/arbeidstilsynet\/arbeidstilsynet-sjefen-vil-rydde-opp-i-advokatbransjen-dette-skal-vi-ta-tak-i\/2-1-1893002\" ec-id=\"https:\/\/www.dn.no\/arbeidsliv\/wiersholm\/ingvill-kvernmo\/arbeidstilsynet\/arbeidstilsynet-sjefen-vil-rydde-opp-i-advokatbransjen-dette-skal-vi-ta-tak-i\/2-1-1893002\" ec-name=\"DN\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">DN<\/a> har Arbeidstilsynet varsla at dei vil unders\u00f8ke advokatbransjen, i lys av avsl\u00f8ringane til avisa, mens arbeidsminister Kjersti Stenseng har omtalt funna som <a href=\"https:\/\/www.dn.no\/arbeidsliv\/kjersti-stenseng\/schjodt\/thommesen\/arbeidsminister-kjersti-stenseng-na-star-advokatbransjen-for-tur\/2-1-1894502\" ec-id=\"https:\/\/www.dn.no\/arbeidsliv\/kjersti-stenseng\/schjodt\/thommesen\/arbeidsminister-kjersti-stenseng-na-star-advokatbransjen-for-tur\/2-1-1894502\" ec-name=\"alvorlege og uakseptable\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">alvorlege og uakseptable<\/a>.<\/p>\n<p>Krevjande yrke<\/p>\n<p>For mange advokatar, spesielt i privat sektor, blir jobben ein livsstil.<\/p>\n<p>Solveig Brunvoll trur at dei fleste som studerer juss finn ut i l\u00f8pet av studietida om det er noko dei \u00f8nsker seg.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 er det sikkert eit stort sjokk for mange, uansett i arbeidslivet, kor mykje det faktisk krev. Det er nok ingen som signerer hos dei store firmaa og tenker \u00abNo skal eg jobbe fr\u00e5 \u00e5tte til fire\u00bb.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne sitter p\u00e5 trappen i en moderne bygning. Hun har langt, lyst h\u00e5r og er if\u00f8rt en m\u00f8rk jakke.\" title=\"Foto: Benyamin Farnam \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">N\u00e5r Solveig Brunvoll er ferdig med studiane skal ho blant anna jobbe med strafferett under tida som fullmektig.<\/p>\n<p>Foto: Benyamin Farnam \/ NRK<\/p>\n<p>Samtidig h\u00e5par ho at offentlegheit rundt dagens praksis kan f\u00f8re til endring.<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5r firma gjennomg\u00e5ande har eit s\u00e5 stort behov for \u00e5 ha folk til \u00e5 jobbe s\u00e5 mykje overtid, s\u00e5 tilseier det eigentleg at dei treng fleire folk. Og s\u00e5 trur eg kanskje at studentmassen no er litt annleis enn den var f\u00f8r.<\/p>\n<p>Det er ingen hemmelegheit at yrket i periodar kan vere krevjande, if\u00f8lge Astrid R\u00f8d i Yngre advokater (YA).<\/p>\n<p>\u2013 D\u00e5 er det viktig at arbeidsgivarane legg til rette for at det \u00f2g kan vere rolegare periodar for fullmektigane.<\/p>\n<p>\u2013 Samtidig viser YA sine unders\u00f8kingar at dei unge trivst veldig godt med yrket sitt, og at dei har ei stor glede av \u00e5 vere p\u00e5 kontoret og jobbe med sakene sine, legg R\u00f8d til.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>24.11.2025, kl. 09.52<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>24.11.2025, kl. 10.03<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert Fire av ti advokatfullmektigar jobbar ulovleg mykje, viser ei unders\u00f8king fr\u00e5 Juristforbundet. Unders\u00f8kinga vart gjennomf\u00f8rt etter&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":95146,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-95145","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115603951272143959","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/95145","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=95145"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/95145\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/95146"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=95145"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=95145"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=95145"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}