{"id":95712,"date":"2025-11-24T20:33:37","date_gmt":"2025-11-24T20:33:37","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/95712\/"},"modified":"2025-11-24T20:33:37","modified_gmt":"2025-11-24T20:33:37","slug":"fleire-kommunar-vil-selje-arvesolvet-nrk-nordland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/95712\/","title":{"rendered":"Fleire kommunar vil selje arves\u00f8lvet \u2013 NRK Nordland"},"content":{"rendered":"<p>Over <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/ssb_-kommunenes-okonomi-ble-ytterligere-svekket-i-2024-1.17342629\" ec-id=\"pp:article:1.17342629\" ec-name=\"halvparten av norske kommunar gjekk i minus i 2024.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">halvparten av norske kommunar gjekk i minus i 2024.<\/a><\/p>\n<p>Det \u00e5ret blei sett p\u00e5 som eit krise\u00e5r for den norske kommune\u00f8konomien.<\/p>\n<p>Og det ser ikkje ut til at situasjonen er noko betre i 2025: Over heile Noreg <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/ostfold\/kommuner-over-hele-norge-kutter-millioner-i-renhold-pa-skoler-1.17619849\" ec-id=\"pp:article:1.17619849\" ec-name=\"kuttast det millionar i reinhald\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">kuttast det millionar i reinhald<\/a> p\u00e5 skular. Skular og sjukeheimar blir foresl\u00e5tt nedlagt, og <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nordland\/historisk-vedtak_-vestvagoy-og-moskenes-gar-for-sammenslaing-1.17534613\" ec-id=\"pp:article:1.17534613\" ec-name=\"kommunar sl\u00e5r seg saman\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">kommunar sl\u00e5r seg saman<\/a> for \u00e5 takle kvardagen.<\/p>\n<p>Bod\u00f8 kommune er ikkje eit unntak, <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nordland\/bodo-kommune_-vil-selge-halve-radhuset-for-a-redde-kommuneokonomien-1.17123664\" ec-id=\"pp:article:1.17123664\" ec-name=\"og d\u00e5 kjem ideen om \u00e5 selje seg ned i stort og sm\u00e5tt.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">og d\u00e5 kjem ideen om \u00e5 selje seg ned i stort og sm\u00e5tt.<\/a><\/p>\n<p>Samstundes er Bod\u00f8 ein av rundt 200 norske kommunar som har inntekt fr\u00e5 kraftproduksjon.<\/p>\n<p>90 prosent av den norske kraftforsyninga er eid av det offentlege. Halvparten av kommunane eller fylkeskommune, resten av staten, if\u00f8lgje <a href=\"https:\/\/www.kraftkommune.no\/artikkel\/dette-er-kraftkommunene\" ec-id=\"https:\/\/www.kraftkommune.no\/artikkel\/dette-er-kraftkommunene\" ec-name=\"kraftkommune.no\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">kraftkommune.no<\/a>.<\/p>\n<p>No vil dei selje 49 prosent av Bod\u00f8 Energi, der kommunen eig alle aksjane.<\/p>\n<p><strong>\u2013 N\u00e5r vi no skal frigjere verdiar og selje eigedelar, er det for \u00e5 f\u00e5 pengar til \u00e5 investere i ny utvikling, b\u00e5de eigenkapital til ny byutvikling og ein ny sjukeheim.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier ordf\u00f8rar Odd Emil Ingebrigtsen (H), og legg til at det er investeringar som b\u00e5de skal bidra til \u00e5 redusere kostnader, men ogs\u00e5 auka inntekter.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann med briller og dress\" title=\"Foto: Jan Langhaug \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bod\u00f8-ordf\u00f8rar Odd Emil Ingebrigtsen.<\/p>\n<p>Foto: Jan Langhaug \/ NTB<\/p>\n<p>Milliard-utbytte<\/p>\n<p>Men kor mykje dei kan f\u00e5 for 49 prosent av energiselskapet, er han usikker p\u00e5.<\/p>\n<p>\u2013 Det er vanskeleg \u00e5 seie, men det kan variere fr\u00e5 700 millionar til 1,2 milliardar, kanskje. Det vil vise seg.<\/p>\n<p>Dei siste 25 \u00e5ra har Bod\u00f8 kommune f\u00e5tt utbetalt n\u00e6r ein halv milliard i utbytte fr\u00e5 Bod\u00f8 Energi.<\/p>\n<p>\u2013 Kva trur du dei framtidige bod\u00f8v\u00e6ringane vil seie til eit s\u00e5nt sal?<\/p>\n<p>\u2013 Det er alltid ei avveging. Men n\u00e5r ein har d\u00e5rleg \u00f8konomi, s\u00e5 m\u00e5 ein ogs\u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 om ein kan realisere verdiar for \u00e5 investere dei klokt i andre ting.<\/p>\n<p>\u2013 Det er eit uttrykk som heiter \u00e5 pisse i buksa for \u00e5 halde seg varme. Gjer de det her?<\/p>\n<p>\u2013 Nei, tvert imot. Dette er noko som alle gjer i privat\u00f8konomien sin \u00f2g. Om du skal investere i noko nytt, s\u00e5 ser du p\u00e5 kor mykje du synest du kan l\u00e5ne. Dei fleste \u00f8nsker vel kanskje \u00e5 l\u00e5ne minst mogleg.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bod\u00f8 Energi\" title=\"Foto: Lars-Bj\u00f8rn Martinsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Dei stabile inntektene fr\u00e5 Bod\u00f8 Energi har vore til stor nytte for Bod\u00f8 kommune. No vil dei selje aksjar for \u00e5 finansiere byutvikling og sjukeheim.<\/p>\n<p>Foto: Lars-Bj\u00f8rn Martinsen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Vemodig, men riktig<\/p>\n<p>Fleire kommunar vurderer eller har allereie gjort det same, som Alta, Kautokeino, B\u00f8, \u00d8rland, Skaun og Rakkestad.<\/p>\n<p>Sistnemnde selde alle aksjane sine i det lokale energiselskapet. Salet gav 104 millionar kroner rett inn i kommunekassa til Rakkestad.<\/p>\n<p>I likskap med Bod\u00f8 skal kommunen i Indre \u00d8stfold bruke pengane p\u00e5 ny sjukeheim og andre store investeringar.<\/p>\n<p>\u2013 Det pressar oss til \u00e5 vurdere \u00e5 selje eigedomar. N\u00e5r det er sagt, meiner eg at tida var inne for sal av Rakkestad Energi, seier varaordf\u00f8rar i Rakkestad, Iselin Bj\u00f8rnstad (KrF).<\/p>\n<p>\u2013 Store omstillingar i energibransjen ville mest sannsynleg ete av utbyttet v\u00e5rt, meiner ho.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Tre smilende mennesker\" title=\"Foto: Rakkestad Senterparti\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Varaordf\u00f8rar Iselin Bj\u00f8rnstad (midten), her saman med ordf\u00f8rar Karoline Fjeldstad (Sp) og Knut Ruud i H\u00f8gre.<\/p>\n<p>Foto: Rakkestad Senterparti<\/p>\n<p>Bj\u00f8rnstad seier at det var ei vemodig og vanskeleg avgjersle \u00e5 ta for Rakkestad.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur likevel at det var ei riktig avgjersle \u00e5 selje no, det er ikkje gitt at selskapet ville halde fram med \u00e5 gi gode avkastningar i uoverskodeleg framtid.<\/p>\n<p>\u2013 Har de gjort dykk erfaringar som kommunar i nord kan l\u00e6re av?<\/p>\n<p>\u2013 Eg vil anbefale dei \u00e5 ha respekt for prosessane, dei b\u00f8r absolutt knytte til seg fagfolk med god kompetanse, som kan gjere gode analysar og vurdere verdiane p\u00e5 ein god m\u00e5te. Vi er veldig forn\u00f8gd med Pareto som tok oss gjennom ein ryddig prosess.<\/p>\n<p>Over 100 \u00e5rs historie<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 i Lofoten vil dei selje unna kraftaksjar. B\u00e5de Moskenes og V\u00e5gan kommunar vurderer no om dei skal kvitte seg med sine eigardelar i Lofotkraft AS.<\/p>\n<p>Kommunedirekt\u00f8ren i V\u00e5gan argumenterer med at det kan bidra til \u00e5 oppretthalde tenestetilbodet til innbyggarane, og f\u00f8re til l\u00e5gare nettleige i omr\u00e5det.<\/p>\n<p>Om dei ikkje sel, m\u00e5 dei kutte i \u00e5rsverk og redusere tenestetilbodet.<\/p>\n<p><strong>Samtidig har b\u00e5de Bod\u00f8 Energi og Lofotkraft eksistert i over 115 \u00e5r \u2013 og vore sj\u00f8lve arves\u00f8lvet til kommunane.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bod\u00f8 Energi 1909\" title=\"Foto: Arkiv \/ Bod\u00f8 Energi\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bod\u00f8 Energi har vore ein viktig akt\u00f8r i Bod\u00f8 i over 100 \u00e5r. Denne gjengen fr\u00e5 Bod\u00f8 Energi har nettopp fiksa elektrisitet i Bod\u00f8 i 1909.<\/p>\n<p>Foto: Arkiv \/ Bod\u00f8 Energi<\/p>\n<p>Ei oversikt NRK har f\u00e5tt, viser at alle lofotkommunane har f\u00e5tt 413 millionar kroner i utbytte fr\u00e5 Lofotkraft dei siste 25 \u00e5ra.<\/p>\n<p>V\u00e5gan har f\u00e5tt utbetalt 169 millionar. Likevel er dei p\u00e5 den berykta ROBEK-lista.<\/p>\n<p>\u2013 Utfordringa er at vi er i ein ekstremt pressa \u00f8konomisk situasjon, seier ordf\u00f8rar Vidar-Thom Benjaminsen (H).<\/p>\n<p>Vanskeleg val<\/p>\n<p>No f\u00f8ler dei seg nesten tvinga til \u00e5 selje kraftaksjane sine, eller legge ned skular og sjukeheim.<\/p>\n<p>\u2013 Men er dette \u00f8konomisk lurt? Vi har hatt 10 prosent avkastning p\u00e5 aksjane kvart \u00e5r. Det er sv\u00e6rt gunstig, p\u00e5peiker Benjaminsen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann i dress st\u00e5r foran Vagan r\u00e5dhus med inngangen i bakgrunnen. Han har en halskjede og ser mot kameraet. Det er sykkelparkering i n\u00e6rheten, og bygningen er moderne med store vinduer. Det er en gr\u00e5 gate med asfalt foran r\u00e5dhuset.\" title=\"Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Vi st\u00e5r i ein ekstremt pressa \u00f8konomisk situasjon, seier ordf\u00f8rar Vidar-Thom Benjaminsen (H).<\/p>\n<p>Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd \/ NRK<\/p>\n<p>Politikarane har enno ikkje tatt stilling til kva dei skal gjere. Kor mykje pengar dei kan f\u00e5 for aksjane vil han ikkje sei. Men at det er eit vanskeleg val er han tydeleg p\u00e5.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Kommunane st\u00e5r i ein ekstremt vanskeleg \u00f8konomisk situasjon. Og det blir berre verre for kvart \u00e5r. Dermed blir dette eit slags svar p\u00e5 desperasjonen. For noko m\u00e5 vi gjere. Det er eit siste fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 redde oss sj\u00f8lve.<\/strong><\/p>\n<p>Konsernsjefen i Lofotkraft vil naturlegvis ikkje miste eigarane sine.<\/p>\n<p>\u2013 Kommunane i Lofoten, som eig Lofotkraft, har gitt oss stabile og f\u00f8reseielege rammer gjennom aksjon\u00e6ravtalen, seier konsernsjef i Lofotkraft, Arnt M. Winther til NRK.<\/p>\n<p>Han viser til eit eksempel p\u00e5 det gode samarbeidet dei har hatt med kommunane:<\/p>\n<p>\u2013 Da det var behov for store oppgraderingar i det regionale straumnettet i Lofoten, viste eigarane stor ansvarskjensle ved \u00e5 avgrense utbyttet til oppgraderingane var gjennomf\u00f8rt.<\/p>\n<p>Ekspert \u00e5tvarar<\/p>\n<p>Seniorr\u00e5dgivar H\u00e5vard Moe i KS-konsulent seier at kommunar over heile landet vurderer \u00e5 selje unna eigedelar for \u00e5 redde \u00f8konomien.<\/p>\n<p>\u2013 Kommunane st\u00e5r ovanfor dei same problemstillingane over heile landet. Dette handlar om at kommune\u00f8konomien er t\u00f8ff overalt.<\/p>\n<p>\u2013 Har kommunane som st\u00e5r i dette dilemmaet noko til felles?<\/p>\n<p>\u2013 Det er d\u00e5rleg kommune\u00f8konomi som er hovud\u00e5rsaka for dei fleste. Kraftselskapa har h\u00f8g verdi og mange kommunar har h\u00f8g gjeld.<\/p>\n<p>\u2013 D\u00e5 er det n\u00e6rliggjande at kommunen vurderer om det er fornuftig \u00e5 veksle desse verdiane inn i ei redusert gjeldsbyrde, legg han til.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"KS Konsulent\" title=\"Foto: Olav R\u00f8li \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Seniorr\u00e5dgivar H\u00e5vard Moe i KS-konsulent \u00e5tvarar kommunane mot \u00e5 selje seg ut. <\/p>\n<p>Foto: Olav R\u00f8li \/ NRK<\/p>\n<p>Han kallar det \u00e5 selje arves\u00f8lvet, men seier samtidig at det er fleire kommunar som ikkje har noko anna val. Som V\u00e5gan i Lofoten.<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5r ein f\u00f8rst har hamna der, s\u00e5 har ein ikkje andre alternativ. Men om dei no berre endar opp med \u00e5 selje eit stort energiverk, utan \u00e5 gjere noko med skulestrukturen, s\u00e5 blir ikkje h\u00f2let tetta.<\/p>\n<p>Men det kan ogs\u00e5 vere ei fornuftig l\u00f8ysing, om kommunane har ein plan om st\u00f8rre avkastning.<\/p>\n<p>\u2013 D\u00e5 handlar det om \u00e5 veksle ein verdi inn i noko anna du meiner har ein varig verdi. Som \u00e5 setje pengane p\u00e5 b\u00f8rs, om ein meiner ein kan f\u00e5 st\u00f8rre avkastning p\u00e5 pengane der.<\/p>\n<p>\u2013 Men om det gjer at ein ikkje omstiller, s\u00e5 er det jo som \u00e5 pisse i buksa for \u00e5 halde seg varm.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>24.11.2025, kl. 18.25<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Over halvparten av norske kommunar gjekk i minus i 2024. Det \u00e5ret blei sett p\u00e5 som eit krise\u00e5r&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":95713,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-95712","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115606585554477318","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/95712","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=95712"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/95712\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/95713"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=95712"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=95712"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=95712"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}