{"id":95841,"date":"2025-11-24T23:52:23","date_gmt":"2025-11-24T23:52:23","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/95841\/"},"modified":"2025-11-24T23:52:23","modified_gmt":"2025-11-24T23:52:23","slug":"ein-av-tre-statsvitarar-har-opplevd-ubehag-pa-grunn-av-forskinga","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/95841\/","title":{"rendered":"Ein av tre statsvitarar har opplevd ubehag p\u00e5 grunn av forskinga"},"content":{"rendered":"<p>    Ein tredel av statsvitarar ved universitet i Canada og Nord-Europa har opplevd noko ubehageleg dei siste \u00e5ra. Ein av ni har opplevd trakassering og ein av femten har opplevd trugsm\u00e5l.<\/p>\n<p>\n        HETS FR\u00c5 KOLLEGAER: \u2013 Det mest nedsl\u00e5ende funnet me har gjort er at sv\u00e6rt mange av dei som hetsar, og kjem med trugsm\u00e5l er andre forskarkollegaer, seier Anders Ravik Jupsk\u00e5s, leiar for Senter for ekstremismeforsking ved UiO.<br \/>\n        Foto: Martin Toft\n    <\/p>\n<p>\u2013 Funna viser at det er ganske utbreidd med trugsm\u00e5l mot statsvitarar. Ein tredel av dei har opplevd ubehagelege situasjonar dei siste fem \u00e5ra p\u00e5 grunn av tema dei forskar p\u00e5. Det fortel Anders Ravik Jupsk\u00e5s til <a href=\"https:\/\/www.uniforum.uio.no\/nyheter\/2025\/11\/forskarar-opplever-trakassering.html\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Uniforum<\/a>.\u00a0<\/p>\n<p>Han leier Senter for ekstremismeforsking ved UiO (C-REX) og har vore med p\u00e5 forskingsprosjektet\u00a0<a href=\"https:\/\/www.sv.uio.no\/c-rex\/english\/research\/projects\/hits\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">HITS<\/a>\u00a0(Harassment, Intimidation and Threats in the Sciences) som har unders\u00f8kt trugsm\u00e5l mot og hets av statsvitarar. Prosjektet har vore leia av postdoktor Iris Beau Segers fr\u00e5 Senter for tverrfagleg kj\u00f8nnsforsking ved UiO.\u00a0<\/p>\n<p>Fekk inn 700 svar<\/p>\n<p>For eit halvt \u00e5r sidan fekk rundt 7000 statsvitarar ved universitetet i Canada og i Nord-Europa tilsendt eit sp\u00f8rjeskjema der form\u00e5let var \u00e5 finna ut i kor stor grad dei opplevde trugsm\u00e5l og hets p\u00e5 grunn av det dei forska p\u00e5.\u00a0<\/p>\n<p>Avsendarane var senterleiar Anders Ravik Jupsk\u00e5s, Senter for ekstremismeforsking ved UiO, professor Sarah de Lange fr\u00e5 Universitetet i Leiden, postdoktor Iris Beau Segers fr\u00e5 Senter for tverrfagleg kj\u00f8nnsforsking ved UiO og f\u00f8rsteamanuensis Audrey Gagnon fr\u00e5 Universitetet i Ottawa.<\/p>\n<p>Det kom inn til saman 700 svar, 100 av dei fr\u00e5 norske institusjonar.\u00a0<\/p>\n<p>Resultatet fr\u00e5 unders\u00f8kinga blei nyleg lagt fram p\u00e5 eit frukostm\u00f8te p\u00e5 SV-fakultetet der temaet var akademia under angrep. Til stades var ogs\u00e5 forskings- og h\u00f8gare utdanningsminister Sigrun Aasland og prorektor Bj\u00f8rn Jamtveit.<\/p>\n<p>Hets og trugsm\u00e5l fr\u00e5 forskarkollegaer<\/p>\n<p>Unders\u00f8kinga avdekkjer at ein av ni har opplevd direkte former for trakassering og ein av femten har erfart trugsm\u00e5l.<\/p>\n<p>\u2013 Det mest nedsl\u00e5ende funnet me har gjort, er at sv\u00e6rt mange av dei som hetsar og kjem med trugsm\u00e5l er andre forskarkollegaer. Men det mest vanlege er avstandstrakassering, gjerne p\u00e5 epost eller i sosiale media, fr\u00e5 personar utanfor akademia, konstaterer Anders Ravik Jupsk\u00e5s.\u00a0<\/p>\n<p>M\u00e5let med unders\u00f8kinga var \u00e5 finna ut i kva grad hets og trugsm\u00e5l mot statsvitarar avspeglar polariseringa i samfunnet i dei landa som er unders\u00f8kte. Sp\u00f8rjeskjemaet blei sendt til statsvitarar i Canada, Storbritannia, Irland, Austerrike, Polen, Belgia, Nederland, Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island.<\/p>\n<p>Verst for kvinner<\/p>\n<p>\u2013 Eit tydeleg funn er at hets og trugsm\u00e5l var sv\u00e6rt kj\u00f8nna. Kvinner opplever meir hets enn menn, berre fordi dei er kvinner. Ogs\u00e5 folk med innvandrarbakgrunn, folk med nedsett funksjonsevne, med arbeidarklassebakgrunn eller som har andre kj\u00f8nnsidentitetar enn mann og kvinne, er sv\u00e6rt utsette, sl\u00e5r Anders Ravik Jupsk\u00e5s fast.<\/p>\n<p>Han peikar p\u00e5 at alle dei som forskar p\u00e5 kontroversielle tema som ekstremisme, kj\u00f8nn eller innvandring, er s\u00e6rleg utsette for hets og trugsm\u00e5l.<\/p>\n<p>\u2013 Utanfor akademia er det eksterne akt\u00f8rar p\u00e5 ytre h\u00f8gre som st\u00e5r bak trugsm\u00e5la. Det er heller f\u00e5 religi\u00f8se og folk p\u00e5 venstresida som driv p\u00e5 med det, seier han.<\/p>\n<p>\u2013 Det er deprimerande<\/p>\n<p>Men i tillegg til at forskarkollegaer ogs\u00e5 st\u00e5r bak, opplever dei ubehagelege ting fr\u00e5 studentar, viser funna.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Det p\u00e5verkar den psykiske helsa deira og kjensla deira av tryggleik. Samtidig f\u00f8rer det til at statsvitarar som forskar p\u00e5 politisk f\u00f8lsame tema, f\u00e5r kalde f\u00f8ter og ikkje v\u00e5gar \u00e5 delta i den offentlege debatten. Det er deprimerande, synest Ravik Jupsk\u00e5s.<\/p>\n<p>\u2013 F\u00e5r mindre st\u00f8tte fr\u00e5 institusjonen\u00a0<\/p>\n<p>Forskarane bak unders\u00f8kinga har ogs\u00e5 sett p\u00e5 kva st\u00f8tte dei fortel at dei har f\u00e5tt etter ubehagelege hendingar.<\/p>\n<p>\u2013 Dei gir opp n\u00e6r familie og venner som dei viktigaste st\u00f8ttespelarane. Ogs\u00e5 kollegaene og profesjonelle psykologar gir dei st\u00f8tte. Men dei opplever \u00e5 f\u00e5 mindre st\u00f8tte\u00a0fr\u00e5 institusjonen der dei arbeider, og fr\u00e5 fagforeiningane, fortel Ravik Jupsk\u00e5s.<\/p>\n<p>Om lag 40 prosent er misn\u00f8gde og 40 prosent er n\u00f8gde med oppbackinga fr\u00e5 universitetet viser tala dei har henta inn.<\/p>\n<p>\u2013 Det mest alvorlege er at dei statsvitarane som verkeleg har opplevd \u00e5 f\u00e5 trugsm\u00e5l eller hets, har end\u00e5 mindre tru p\u00e5 at institusjonane vil st\u00f8tta dei. Det dei etterlyser, er b\u00e5de psykologisk bistand gjennom til d\u00f8mes Bedriftshelsetenesta eller ei teneste som kan gi dei juridisk bistand dei gongene dei har ubehagelege opplevingar p\u00e5 grunn av den forskinga dei har gjort p\u00e5 kontroversielle tema. Dei f\u00f8ler ofte at dei st\u00e5r heilt \u00e5leine, fortel Ravik Jupsk\u00e5s.<\/p>\n<p>Ein parallell til det som politikarar opplever<\/p>\n<p>Ravik Jupsk\u00e5s fortel kva unders\u00f8kinga skal kartleggja.<\/p>\n<p>\u2013 Me ynskjer \u00e5 visa fram korleis forskarar som studerer kontroversielle tema i liberale demokrati, ogs\u00e5 m\u00f8ter trugsm\u00e5l og hets. Undergravinga av akademisk fridom g\u00e5r under radaren i desse landa. Dette er ein parallell til det som politikarar i liberale demokrati ogs\u00e5 opplever, ikkje minst i sosiale media, seier Ravik Jupsk\u00e5s.<\/p>\n<p>B\u00e5de han og dei andre i prosjektet ser det som ein stor fare for akademia dersom dette held fram.<\/p>\n<p>\u2013 Me risikerer at det berre er dei mest hardhuda statsvitarane som deltar i den offentlege debatten, seier Ravik Jupsk\u00e5s.<\/p>\n<p>Blei skjelt ut av andre forskarar<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv har Anders Ravik Jupsk\u00e5s ogs\u00e5 m\u00f8tt motb\u00f8r under arbeidet med unders\u00f8kinga.<\/p>\n<p>\u2013 Det mest overraskande var forskarar som skjelte meg ut p\u00e5 e-post fordi eg hadde sendt sp\u00f8rjeskjemaet om dette temaet til dei. Og d\u00e5 eg sende ut ei purring, blei dei sv\u00e6rt irriterte og gav meg beskjed med store bokstavar om \u00e5 fjerna dei fr\u00e5 lista. Det var eldre, mannlege professorar som kom med den bodskapen. Ingen av dei var fr\u00e5 Noreg, understrekar han.<\/p>\n<p>Vil utvida unders\u00f8kinga\u00a0<\/p>\n<p>No er planen \u00e5 utvida unders\u00f8kinga til andre liberale demokrati i Europa som Frankrike, Tyskland, Spania og Italia. Deretter skal dei g\u00e5 vidare og unders\u00f8kja situasjonen for statsvitarar i andre liberale demokrati som Tsjekkia, Japan, Taiwan og Uruguay.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Til slutt skal me ha unders\u00f8kt situasjonen i 30 liberale demokrati, fortel han. Prosjektet er delvis finansiert av Sm\u00e5forskmidlar fr\u00e5 Institutt for statsvitskap ved UiO.<\/p>\n<p>F\u00f8lg UA p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.facebook.com\/Universitetsavisa\" target=\"_blank\" rel=\"nofollow noopener\">Facebook<\/a> og <a href=\"https:\/\/www.instagram.com\/universitetsavisa\/\" target=\"_blank\" rel=\"nofollow noopener\">Instagram<\/a>.<\/p>\n<p><script async src=\"\/\/www.instagram.com\/embed.js\"><\/script><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Ein tredel av statsvitarar ved universitet i Canada og Nord-Europa har opplevd noko ubehageleg dei siste \u00e5ra. Ein&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":95842,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-95841","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories","23":"tag-verden","24":"tag-world","25":"tag-world-news","26":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115607368384389588","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/95841","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=95841"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/95841\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/95842"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=95841"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=95841"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=95841"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}