{"id":95867,"date":"2025-11-25T00:57:25","date_gmt":"2025-11-25T00:57:25","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/95867\/"},"modified":"2025-11-25T00:57:25","modified_gmt":"2025-11-25T00:57:25","slug":"geologane-skal-vurdere-steinraset-som-traff-flaggnutvegen-i-sunndal-nrk-more-og-romsdal-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/95867\/","title":{"rendered":"Geologane skal vurdere steinraset som traff Flaggnutvegen i Sunndal \u2013 NRK M\u00f8re og Romsdal \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p><strong>\u2013 Ut fr\u00e5 bileta kan det sj\u00e5 ut som dette er det vi kallar for flogstein. Det er stein som losnar h\u00f8gt oppe, treff fjellveggen og blir splintra i fleire, mindre fragment. Desse kan sprette veldig langt. Det er vanskeleg \u00e5 seie meir f\u00f8r nokon har v\u00e6rt inne i omr\u00e5det og sett n\u00e6rmare p\u00e5 det. <\/strong><\/p>\n<p>Regionsjefen i NVE region vest, Jostein M\u00e5rdalen, seier det er for tidleg \u00e5 trekke noko konklusjon om steinraset i Sunndal. S\u00f8ndag ramla fleire steinar ned p\u00e5 Flaggnutvegen som ligg n\u00e6r Sunndals\u00f8ra. Nokre av steinane var store.<\/p>\n<p>Berre nokre meter fr\u00e5 Rv. 70<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/steinras-stenger-flaggnutvegen-i-sunndal-1.17664575\" ec-id=\"pp:article:1.17664575\" ec-name=\"Ingen personar kom til skade i steinraset, men den kommunale vegen blei stengd.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Ingen personar kom til skade i steinraset, men den kommunale vegen blei stengd.<\/a> M\u00e5ndag var teknisk sjef i Sunndal kommune, Jan Erik Holte, p\u00e5 plass p\u00e5 rasstaden.<\/p>\n<p>D\u00e5 blei det funne end\u00e5 fleire steinar. Ein av dei l\u00e5g kring fem meter fr\u00e5 Rv. 70. Dette er ein veg med stor trafikk.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er ikkje mange meter bort til vegen, nei. Vi bur jo i Sunndal og alt her er jo n\u00e6re fjellsida. Det er jo veldig n\u00e6re dette her d\u00e5. Men s\u00e5nn er det ogs\u00e5 andre stader i Sunndal.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer st\u00e5r p\u00e5 sn\u00f8dekt bakken, n\u00e6r en nedlagt hekk. Den ene personen har p\u00e5 seg en gul refleksjakke, mens den andre har p\u00e5 en oransje refleksjakke. I bakgrunnen vises en bygning samt en parkert bil. Det ligger en stein p\u00e5 bakken foran dem.\" title=\"Foto: Eirik Haukenes \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Teknisk sjef i Sunndal kommune, Jan Erik Holte, her til h\u00f8gre saman med Bj\u00f8rn R\u00f8kkum, ser p\u00e5 stein som har kome ned fr\u00e5 fjellet.<\/p>\n<p>Foto: Eirik Haukenes \/ NRK<\/p>\n<p>Dronebilete<\/p>\n<p>Det var opp til kommunen \u00e5 avgjere om kva som skal skulle skje vidare med omr\u00e5det etter at steinane hadde ramla ned. M\u00e5ndag formiddag blei det send opp ei drone for \u00e5 f\u00e5 betre oversikt over situasjonen.<\/p>\n<p>Flaggnutvegen g\u00e5r parallelt med Rv. 70. Folk som har tenkt seg p\u00e5 tur opp p\u00e5 Ellefstolen med god utsikt over Sunndals\u00f8ra, startar gjerne turen her.<\/p>\n<p>Men det ligg ogs\u00e5 fleire bedrifter i omr\u00e5det, og eit par av dei har f\u00e5tt knust gjerdet p\u00e5 grunn av raset, melde<a href=\"https:\/\/www.driva.no\/nyheter\/n\/43jRX9\/rykker-ut-til-steinras-i-sentrum\" ec-id=\"https:\/\/www.driva.no\/nyheter\/n\/43jRX9\/rykker-ut-til-steinras-i-sentrum\" ec-name=\"lokalavisa Driva\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> lokalavisa Driva<\/a> s\u00f8ndag kveld.<\/p>\n<p>Teknisk sjef, Jan Erik Holte, har pr\u00f8vd \u00e5 finne spor i fjellveggen etter steinras ved hjelp av dronebilete. Men det har ikkje vore lett.<\/p>\n<p>\u2013 Det er lite \u00e5 sj\u00e5 oppe i fjellsida. Eg ser mest store og sm\u00e5 steinar som ligg her nede p\u00e5 bakken. Men lenger opp er det vanskeleg. Vi f\u00e5r ikkje fly lenger opp enn 120 meter.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person if\u00f8rt en oransje jakke og gr\u00f8nn lue bruker en kontrollpanel i en parkeringsplass. Sn\u00f8 ligger p\u00e5 bakken, og det er bygninger i bakgrunnen. Kontrollpanelet viser informasjon p\u00e5 skjermen. Omgivelsene ser ut til \u00e5 v\u00e6re rolige og avsidesliggende.\" title=\"Foto: Eirik Haukenes \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ei drone blei send opp for \u00e5 finne spor etter steinsprang i fjellet.<\/p>\n<p>Foto: Eirik Haukenes \/ NRK<\/p>\n<p>Mandag f\u00f8rmiddag hadde Sunndal kommune m\u00f8te med NVE for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 bileta og for \u00e5 vurdere om dei skulle sende ein geolog inn i omr\u00e5det.<\/p>\n<p>Jostein M\u00e5rdalen seier dei er innafor dei vurderingssonene som dei har lagt for dette omr\u00e5det.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det inneber at det er ein prosent sannsynleg at det kan kome eit steinsprang der i l\u00f8pet av eitt \u00e5r.<\/strong><\/p>\n<p>Opnar vegen<\/p>\n<p>Litt etter klokka 1430 blei det klart at det ikkje blir send inn geolog. Vegen blir opna. Kommunedirekt\u00f8r<strong> <\/strong>Bj\u00f8rn Flemmen Steinland sier dette i ein pressemelding fr\u00e5 Sunndal kommune.<\/p>\n<p>\u00abBasert p\u00e5 analyse av bilete og samtalar med NVE sine fagfolk er det vurdert at ei synfaring med geolog truleg ikkje vil gi vesentleg meir informasjon om fare for nye hendingar. Det har heller ikkje kome ned meir stein sidan hendinga s\u00f8ndag kveld. Sunndal kommune har difor valt \u00e5 opne Flaggnutvegen igjen for normal trafikk.\u00bb <\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>24.11.2025, kl. 13.21<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>24.11.2025, kl. 15.27<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Ut fr\u00e5 bileta kan det sj\u00e5 ut som dette er det vi kallar for flogstein. Det er&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":95868,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-95867","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115607623608149781","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/95867","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=95867"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/95867\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/95868"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=95867"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=95867"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=95867"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}