{"id":95903,"date":"2025-11-25T03:14:25","date_gmt":"2025-11-25T03:14:25","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/95903\/"},"modified":"2025-11-25T03:14:25","modified_gmt":"2025-11-25T03:14:25","slug":"na-forstar-eg-at-det-skjer-pa-ordentleg-nrk-kultur-og-underholdning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/95903\/","title":{"rendered":"\u2013 N\u00e5 forst\u00e5r eg at det skjer p\u00e5 ordentleg \u2013 NRK Kultur og underholdning"},"content":{"rendered":"<p><strong>Det blei ingen Emmy-pris til den samiske serien. Det var britiske \u00abFallen\u00bb som vann i kategorien deira. <\/strong><\/p>\n<p>Serieskapar Silje Burgin-Borch er likevel sv\u00e6rt n\u00f8gd etter utdelinga.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi er s\u00e5 stolte av \u00e5 vere nominerte, det har heile tida vore ein siger i seg sj\u00f8lv.<\/strong><\/p>\n<p>Noko ogs\u00e5 hovudrolleinnehavar og serieskapar Vegard Bj\u00f8rsmo er einig i.<\/p>\n<p>\u2013 Det gjer meg s\u00e5 stolt at vi har laga ein serie fr\u00e5 eit samisk perspektiv p\u00e5 v\u00e5re premissar som samiske, og \u00e5 sj\u00e5 at det resonnerer med folk over heile verda er langt meir enn eg kunne forvente.<\/p>\n<p><strong>Denne nominasjonen har vore, og vil alltid vere ein siger, for samiske stemmer, seier Bj\u00f8rsmo natt til tirsdag norsk tid. <\/strong><\/p>\n<p>\u00abOro jaska \u2013 Hold kjeft\u00bb er den f\u00f8rste samiske TV-serien som er laga p\u00e5 30 \u00e5r. At han i tillegg var nominert til den internasjonale Emmy-prisen gjer han historisk, det har aldri skjedd ein samisk serie f\u00f8r.<\/p>\n<p>Den internasjonale Emmy-prisen er ein pris som blir delt ut \u00e5rleg for \u00e5 heidre dei beste TV-produksjonane som er laga<strong> utanfor <\/strong>USA. Dei vanlege Emmy-prisane, g\u00e5r hovudsakleg til amerikanske TV-program.<\/p>\n<p>Ungdomsserien er ein av fire seriar som er nominert i kategorien \u00abKids: Live-Action\u00bb.<\/p>\n<p>\u00abOro jaska \u2013 Hold kjeft\u00bb av Silje Burgin-Borch og Vegard Bj\u00f8rsmo, handlar om to ungdommar, Elli Anne og Iss\u00e1t, som begge ber p\u00e5 ei hemmelegheit.<\/p>\n<p>Historia finn stad i Karasjok og handlar om korleis ungdom opplever bygda. Blant temaa serien tek for seg er valdtekt, tystnadskultur og det \u00e5 vere skeiv i det samiske milj\u00f8et.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer st\u00e5r p\u00e5 en gate i en by, med en trapp og statue i bakgrunnen. En ung mann viser frem en t-skjorte med p\u00e5skriften &quot;I \u2665 KARASJOK&quot;. En kvinne st\u00e5r ved siden av ham med en strikket jakke. Det er flere mennesker og busser synlige i omgivelsene.\" title=\"Foto: Peter Svaar \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Serieskaparane Silje Burgin-Borch og Vegard Bj\u00f8rsmo er spente f\u00f8r utdelinga.<\/p>\n<p>Foto: Peter Svaar \/ NRK<\/p>\n<p>Serieskapar Vegard Bj\u00f8rsmo, som saman med K\u00e1tj\u00e1 R\u00e1vdn\u00e1 Broch Einebakken speler hovudrollene i serien, er blant dei 14 som har teke turen til i New York.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er utruleg rart for meg i mitt hovudet at ein liten serie fr\u00e5 Karasjok plutseleg f\u00e5r lov til \u00e5 m\u00f8te verda p\u00e5 ein s\u00e5nn type galla, seier Bj\u00f8rsmo.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Kva betyr det \u00e5 f\u00e5 ei slik anerkjenning?<\/p>\n<p>\u2013 Eg h\u00e5per det gjer at serien blir lagt merke til, at han blir sett. Og at det kan bidra til at vi faktisk f\u00e5r kommunisert bodskapen vi har med serien, seier Bj\u00f8rsmo som ogs\u00e5 deltok i <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/sapmi\/stjernekamp-favoritt-vegard-bjorsmo_-_-det-har-gatt-litt-fort-1.15188893\" ec-id=\"pp:article:1.15188893\" ec-name=\"Stjernekamp\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Stjernekamp<\/a> i 2020.<\/p>\n<p>\u2013 Enormt mykje merksemd<\/p>\n<p>Serien er laga med eit ganske alvorleg utgangspunkt. Og Bj\u00f8rsmo \u00f8nskjer blant anna \u00e5 behandle tystnadskulturen.<\/p>\n<p>\u2013 Det at vi m\u00e5 t\u00f8rre \u00e5 snakke om alvorlege ting, og t\u00f8rre \u00e5 vere kritiske til milj\u00f8et vi er ifr\u00e5, sj\u00f8lv om det er eit lite minoritetsmilj\u00f8. Vi er i ei tid der vi ber p\u00e5 konsekvensane etter fornorskinga. Og tystnad er noko eg \u00f8nskjer at serien kan forbetre.<\/p>\n<p>\u2013 Kvifor er dette tema som er viktig \u00e5 behandle?<\/p>\n<p>\u2013 Konsekvensar av tystnadskultur kan vere ganske alvorlege. Det er snakk om h\u00f8ge sj\u00f8lvmordstal og det er h\u00f8gare tal for overgrep. Det handlar om tryggleik og stoltheit i sin eigen kultur. Eg vil at det skal vere tryggare \u00e5 vere skeiv ogs\u00e5 p\u00e5 desse plassane.<\/p>\n<p>Silje Burgin-Borch opplever at nominasjonen alt har sett det samiske p\u00e5 kartet.<\/p>\n<p>\u2013 Vi f\u00e5r enormt mykje merksemd rundt dette her. Folk fr\u00e5 store internasjonale filmselskap kjem bort og takkar for at dei f\u00e5r h\u00f8ve til \u00e5 l\u00e6re litt om det \u00e5 vere samisk.<\/p>\n<p>Bj\u00f8rsmo innr\u00f8mmer at han har gjort f\u00f8rebuingar dersom det skulle g\u00e5 heile vegen i kveld.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er veldig nerv\u00f8s. Eg har \u00f8vd p\u00e5 talen eg kanskje skal halde \u00abbank i bordet\u00bb i natt. Eg gler meg mykje, seier Bj\u00f8rsmo.\n<\/p>\n<p>Elli Anne blir venn med den nye jenta, Sajje, og drar motvillig p\u00e5 fest. \/ Elli Anne oahppa\u0161uvv\u00e1 o\u0111\u0111a nieiddain Sajjiin, ja vuolg\u00e1 ill\u00e1mielas festii.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>24.11.2025, kl. 17.33<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>25.11.2025, kl. 03.41<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det blei ingen Emmy-pris til den samiske serien. Det var britiske \u00abFallen\u00bb som vann i kategorien deira. Serieskapar&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":95904,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-95903","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115608162342762289","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/95903","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=95903"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/95903\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/95904"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=95903"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=95903"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=95903"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}