{"id":96388,"date":"2025-11-25T15:20:08","date_gmt":"2025-11-25T15:20:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/96388\/"},"modified":"2025-11-25T15:20:08","modified_gmt":"2025-11-25T15:20:08","slug":"forskaren-mista-jobben-fordi-ho-mista-synet-heilt-galskap","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/96388\/","title":{"rendered":"Forskaren mista jobben fordi ho mista synet: \u2013 Heilt galskap"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Dei har aldri hatt meg tilsett fordi eg var s\u00e5 veldig god til \u00e5 sj\u00e5, seier Birgit Risholt (54) oppgitt.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er jo ikkje synet mitt, men det som g\u00e5r f\u00f8re seg oppi hovudet som er viktig. Og det fungerer jo like godt no som f\u00f8r.<\/strong><\/p>\n<p>Likevel har ho nyleg blitt 100 prosent uf\u00f8r etter 25 \u00e5r som tilsett ved Sintef i Trondheim og med erfaring fr\u00e5 \u00e5 leie b\u00e5de nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt.<\/p>\n<p><strong>Det skuldast at arbeidsgivaren sine IT-system ikkje er tilrettelagd for blinde og svaksynte. <\/strong><\/p>\n<p><strong>Det er det heller ikkje noko lovkrav om.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det er det som er heilt surrealistisk. Det er krav om universell utforming av det meste i samfunnet, men ikkje IT-system p\u00e5 jobb, seier Risholt.<\/p>\n<p>\u2013 At arbeidslivet er unntatt denne plikta, det er heilt galskap.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Birgit Risholt sammen med f\u00f8rerhunden Fox\" title=\"Foto: Qader Faraji \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Eg er glad i \u00e5 strikke, men eg tok ikkje ein doktorgrad for \u00e5 sitte heime \u00e5 strikke, seier Risholt som meiner ho kunne ha arbeida i 10\u201315 \u00e5r til. <\/p>\n<p>Foto: Qader Faraji \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Fortvilande situasjon<\/p>\n<p>Risholt lid av ein augesjukdom som gjer at ho gradvis har mista synet.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har nok sett d\u00e5rleg lenge, men eg blei klar over det i 2016.<\/p>\n<p>Sidan den gong har synet blitt gradvis d\u00e5rlegare og no ser ho nesten ikkje i det heile tatt lenger. Men seniorforskaren klarte likevel lenge \u00e5 st\u00e5 i jobben.<\/p>\n<p><strong>Ved hjelp av ein skjermlesar \u2013 eit program som les tekst p\u00e5 skjermen h\u00f8gt \u2013 og auga der skjermlesaren ikkje fungerte, kunne ho arbeide vidare.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Skjermlesaren fungerer heilt fint med standard programvare som Outlook og Word. S\u00e5 eg er eigentleg ein vanleg databrukar, like kjapp som f\u00f8r.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne som sitter ved et bord med en laptop og et vindu\" title=\"Foto: Qader Faraji \/ NRk\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013\u00a0Eg f\u00f8ler at eg personleg m\u00e5 ta rekninga for at arbeidsgivaren min ikkje har gode nok IT-system.<\/p>\n<p>Foto: Qader Faraji \/ NRk<\/p>\n<p>Sintef sine IT-system kan derimot ikkje brukast med skjermlesar. Dei er nemleg ikkje universelt utforma.<\/p>\n<p>\u2013 Eg kan jo bruke alt av nettsider og ChatGPT. Dei er jo universelt utforma.<\/p>\n<p>N\u00e5r ho derimot skulle inn i Sintef sine system for \u00f8konomistyring, prosjekt- og kvalitetsstyring og liknande, kom problema.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er da det ramlar saman. Dei systema er ikkje kompatible med hjelpe-programvara som eg har p\u00e5 min PC.<\/strong><\/p>\n<p>Risholt fortel at Sintef har fors\u00f8kt \u00e5 legge til rette for henne ved at ho i sju \u00e5r har arbeidd i 50 prosent stilling.<\/p>\n<p>Den siste tida har ho ogs\u00e5 f\u00e5tt meir ansvar for prosjektleiing og arbeid med yngre forskarar.<\/p>\n<p>\u2013 Dei har strekt seg s\u00e5 langt som dei f\u00f8lte at dei kunne.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Men n\u00e5r eg no ikkje klarar \u00e5 bruke datasystema deira lenger, da blei det stopp. S\u00e5 det er ein fortvilande situasjon.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en person som holder en telefon\" title=\"Foto: Qader Faraji \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Mobiltelefonen styrer Risholt med stemma.<\/p>\n<p>Foto: Qader Faraji \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Sl\u00f8sing med ressursar<\/p>\n<p>\u2013 For det f\u00f8rste er det ein personleg tragedie at det skjer, seier Terje Andr\u00e9 Olsen, leiar i Noregs blindeforbund om situasjonen Risholt st\u00e5r i.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ogs\u00e5 ser vi jo at det samstundes blir ei samfunnsmessig sl\u00f8sing med ressursar.<\/strong><\/p>\n<p>Olsen peiker p\u00e5 at det for andre system er lovp\u00e5lagde krav om at dei skal vere universelt utforma og skal kunne brukast av blinde og svaksynte.<\/p>\n<p>Slik er det ikkje for IT-system p\u00e5 jobben.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det som trengst er at ein seier at IT-system p\u00e5 arbeidsplassen ogs\u00e5 er omfatta av disse lovkrava, for da begynner ogs\u00e5 produsentane \u00e5 lage slik programvare.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Terje Andr\u00e9 Olsen\" title=\"Foto: Blindeforbundet\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Leiar i blindeforbundet, Terje Andr\u00e9 Olsen, h\u00e5par Stortinget utvidar kravet om universell utforming til ogs\u00e5 gjelde IT-system i arbeidslivet.<\/p>\n<p>Foto: Blindeforbundet<\/p>\n<p>Olsen fortel at Blindeforbundet har gjort unders\u00f8kingar som viser at nesten ein tredjedel av synshemma i arbeidslivet har m\u00e5tta bytte jobb eller slutte p\u00e5 grunn av IT-system som ikkje er tilpassa.<\/p>\n<p>\u2013 Det er alt for mange. Samstundes veit vi at det er mange som st\u00e5r utanfor arbeidslivet og synest det er vanskeleg \u00e5 komme inn igjen.<\/p>\n<p>\u2013 Ogs\u00e5 veit vi at det er behov for arbeidskraft i dette landet. Da er det viktig at vi legg til rette for at flest mogleg f\u00e5r jobbe.<\/p>\n<p>Han viser til at Oslo Economics p\u00e5 oppdrag fr\u00e5 Bufdir kom med ein rapport for eit \u00e5r sidan. Den viste at krav om universell utforming av IKT-system p\u00e5 arbeidsplassen <a href=\"https:\/\/www.bufdir.no\/aktuelt\/nyhetsbrev\/uu\/universell-utforming-av-ikt-pa-arbeidsplassen-er-lonnsomt\/\" ec-id=\"https:\/\/www.bufdir.no\/aktuelt\/nyhetsbrev\/uu\/universell-utforming-av-ikt-pa-arbeidsplassen-er-lonnsomt\/\" ec-name=\"vil vere samfunns\u00f8konomisk l\u00f8nnsamt.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">vil vere samfunns\u00f8konomisk l\u00f8nnsamt.<\/a><\/p>\n<p>\u2013 Men sidan har det ikkje skjedd noko.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg h\u00e5par jo at nokon ser alvoret i dette og s\u00f8rger for \u00e5 f\u00e5 fremma det naudsynte forslaget for Stortinget. For dette trur eg er ting som det er stor einigheit om politisk for \u00e5 f\u00e5 til.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Gjort s\u00e5 mykje vi kan p\u00e5 eigen kj\u00f8l<\/p>\n<p>\u2013 Birgit er ein dyktig og god kollega, men vi kan ikkje g\u00e5 inn p\u00e5 hennar personlege forhold, seier Gunn Jorun Widding, konserndirekt\u00f8r i Sintef.<\/p>\n<p>Ho seier dei legg til rette for at medarbeidarar med ulike funksjonsvariasjonar f\u00e5r brukt sin kompetanse og erfaring.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Men vi ser dessverre at vi ikkje aleine har kraft til \u00e5 p\u00e5verke v\u00e5re IT-leverand\u00f8rar til \u00e5 tilrettelegge standardsystema vi bruker fullt ut for synshemma.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Gunn Jorun Widding i Sintef\" title=\"Foto: Qader Faraji \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Gunn Jorun Widding fortel at Sintef ikkje klarar \u00e5 fullt ut legge til rette for at synshemma kan bruke IT-systema deira. <\/p>\n<p>Foto: Qader Faraji \/ NRK<\/p>\n<p>Widding fortel at Sintef gjennom saka med Risholt har blitt meir merksam p\u00e5 utfordringane synshemma har rundt digitale verkt\u00f8y.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi har gjort s\u00e5 mykje vi kan p\u00e5 eigen kj\u00f8l, og vi har unders\u00f8kt korleis v\u00e5re st\u00f8rste systemleverand\u00f8rar legg til rette for universell utforming.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Vi \u00f8nsker \u00e5 vurdere om det er endringar vi kan gjere i v\u00e5re rutinar for nyskaffingar av digitale verkt\u00f8y med tanke p\u00e5 universell utforming, som samstundes er gjennomf\u00f8rbart for oss.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>25.11.2025, kl. 13.59<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Dei har aldri hatt meg tilsett fordi eg var s\u00e5 veldig god til \u00e5 sj\u00e5, seier Birgit&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":96389,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-96388","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115611017184739180","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/96388","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=96388"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/96388\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/96389"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=96388"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=96388"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=96388"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}