{"id":96572,"date":"2025-11-25T19:05:08","date_gmt":"2025-11-25T19:05:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/96572\/"},"modified":"2025-11-25T19:05:08","modified_gmt":"2025-11-25T19:05:08","slug":"kjem-til-a-bruke-vanvitig-mykje-straum-nrk-ostfold-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/96572\/","title":{"rendered":"\u2013 Kjem til \u00e5 bruke vanvitig mykje straum \u2013 NRK \u00d8stfold \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert:<\/p>\n<ul>\n<li>Eit datasenter p\u00e5 storleik med Monaco er planlagt i Sarpsborg, noko som inneber omfattande naturinngrep.<\/li>\n<li>Regjeringa \u00f8nskjer fleire datasenter for datalagring, men forbyr datasenter for utvinning av kryptovaluta.<\/li>\n<li>Prosjektet har skapt politisk debatt i Sarpsborg, med uro for straumforbruk og naturinngrep.<\/li>\n<li>Ordf\u00f8raren peikar p\u00e5 moglegheita for arbeidsplassar og \u00f8konomiske ringverknader, men etterlyser nasjonale f\u00f8ringar.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg forst\u00e5r godt at det finst ein skepsis om ein tenker at TikTok skal komme til Sarpsborg og produsere kattevideoar. Det bildet er veldig unyansert.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier ordf\u00f8rar Magnus Arnesen (H) om datasenteret som blir planlagt p\u00e5 Hasle i Sarpsborg. <\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann som st\u00e5r utenfor en bygning\" title=\"Foto: Eirik Pessl-Kleiven \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sarpsborg-ordf\u00f8rar Magnus Arnesen fortel at planarbeidet er i gang. Han \u00f8nsker \u00e5 sj\u00e5 an moglegheitene med eit datasenter.<\/p>\n<p>Foto: Eirik Pessl-Kleiven \/ NRK<\/p>\n<p>Datasenteret er berre eitt i rekka av planlagde datasenter i Noreg.<\/p>\n<p>Regjeringa reknar nemleg datasenter som kritisk digital infrastruktur, og \u00f8nsker \u00e5 sikre at norske data blir lagra p\u00e5 norsk jord. Difor presenterte dei i sommar ein <a href=\"http:\/\/www.regjeringen.no\/no\/aktuelt\/tydeliggjor-krav-til-sikkerhet-og-setter-mal-for-en-barekraftig-og-samfunnsnyttig-datasenternaring\/id3113430\/\" ec-id=\"http:\/\/www.regjeringen.no\/no\/aktuelt\/tydeliggjor-krav-til-sikkerhet-og-setter-mal-for-en-barekraftig-og-samfunnsnyttig-datasenternaring\/id3113430\/\" ec-name=\"ny datasenterstrategi\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">ny datasenterstrategi<\/a>.<\/p>\n<p>Aukar fort<\/p>\n<p>Sidan den gongen har talet p\u00e5 registrerte datasenter auka fort.<\/p>\n<p><strong>1. juli var det registrert <a href=\"http:\/\/nkom.no\/aktuelt\/58-datasentre-har-registrert-seg\" ec-id=\"http:\/\/nkom.no\/aktuelt\/58-datasentre-har-registrert-seg\" ec-name=\"58 datasenter i Noreg\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">58 datasenter i Noreg<\/a>. Knappe fem m\u00e5nader seinare er det <a href=\"http:\/\/nkom.no\/datasenter\/oversikt\" ec-id=\"http:\/\/nkom.no\/datasenter\/oversikt\" ec-name=\"registrert 79 datasenter\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">registrert 79 datasenter<\/a> i Noreg.<\/strong><\/p>\n<p>Det er ein auke p\u00e5 36 prosent.<\/p>\n<p>Fleire store prosjekt er allereie i gang, og fleire blir planlagde rundt om i landet.<\/p>\n<p>Vil bygge i skogsomr\u00e5de<\/p>\n<p>Byggeprosjektet i Sarpsborg er ikkje blant dei registrerte datasentera. Det krevjast b\u00e5de reguleringsplan og konsekvensutgreiing f\u00f8rst, og dette arbeidet er no sett i gang.<\/p>\n<p>I eit brev der det blir varsla om oppstart, <a href=\"http:\/\/www.sarpsborg.com\/politikk-og-planer\/kunngjoringer\/store-datasenter-hasle---omradereguleringsplan--varsel-om-oppstart-av-planarbeid-og-utbyggingsavtale.-offentlig-ettersyn-av-planprogram\/\" ec-id=\"http:\/\/www.sarpsborg.com\/politikk-og-planer\/kunngjoringer\/store-datasenter-hasle---omradereguleringsplan--varsel-om-oppstart-av-planarbeid-og-utbyggingsavtale.-offentlig-ettersyn-av-planprogram\/\" ec-name=\"skriv kommunen\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">skriv kommunen<\/a> at omr\u00e5det er planlagt for storskala datasenter (hyperscale) med blant anna k\u00f8yrevegar, energianlegg, pumpestasjon, prosess- og kj\u00f8levatn.<\/p>\n<p><strong>Omr\u00e5det er p\u00e5 cirka 2152 dekar, omtrent p\u00e5 st\u00f8rrelse med Monaco. <\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"r\u00f8dt omr\u00e5de markert i kart\" title=\"Foto: Sarpsborg kommune\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Slik ser omr\u00e5det ut der datasenteret er planlagt: Det strekker seg over eit areal som svarer til 300 fotballbanar.<\/p>\n<p>Foto: Sarpsborg kommune<\/p>\n<p>I dag er dette eit skogsomr\u00e5de, der det ogs\u00e5 er myr og noko dyrka mark.<\/p>\n<p>N\u00e5 blir det planlagt datahallar, administrasjonsbygg, elkraft-omr\u00e5de, parkeringsplassar, logistikk- og transportomr\u00e5de og ein energisentral.<\/p>\n<p>Eit datasenter i \u00d8stfoldbyen har vore ein id\u00e9 sidan 2017. Omr\u00e5det har blitt utvida mykje sidan f\u00f8rste gong det blei foresl\u00e5tt.<\/p>\n<p>Meiner det har blitt framstilt feil<\/p>\n<p>I Sarpsborg er det selskapet DC Sarpsborg som vil bygge datasenter. Selskapet har ein stor eigardel fr\u00e5 Sarpsborg kommune sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Arnesen meiner at m\u00e5ten planprosessen er organisert p\u00e5, ikkje er problematisk. <\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er tette skott mellom kommunen som eig selskapet og sj\u00f8lve planprosessen. Det er ikkje ein uvanleg m\u00e5te \u00e5 gjere det p\u00e5 i det stadiet vi er n\u00e5. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det har ein sett i Skien og andre byar der tilsvarande utvikling har skjedd. Kommunen er med i starten, og s\u00e5, p\u00e5 eit eller anna tidspunkt, overl\u00e8t ein prosjektet til andre.<\/p>\n<p><strong>Arnesen meiner datasenter i Noreg har blitt framstilt feil tidlegare.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Oversikt over hogstfelt med sn\u00f8 p\u00e5 bakken\" title=\"Foto: Ingrid M Langvik \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Omr\u00e5det er regulert som friluftsomr\u00e5de, men det er ogs\u00e5 hogstfelt og bustader innanfor den regulerte tomta.<\/p>\n<p>Foto: Ingrid M Langvik \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Det er kanskje ikkje kommunisert godt nok kva slags konsekvensar dette f\u00e5r lokalt. Det er moglegheiter for mange arbeidsplassar. B\u00e5de direkte p\u00e5 datasenteret, og ikkje minst gjennom ringverknadane i byggeperioden som blir over mange, mange \u00e5r.<\/p>\n<p>Han saknar tydelegare f\u00f8ringar fr\u00e5 regjeringa. <\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er eit omr\u00e5de der eg saknar nasjonal politikk. Kven \u00f8nsker vi som nasjon at skal etablere datasenter i Noreg, og korleis skal eigarskapen sj\u00e5 ut?<\/strong><\/p>\n<p>Vil ha meir lagring av data<\/p>\n<p><strong>Regjeringa vil forby datasenter for utvinning av kryptovaluta, men ho \u00f8nsker fleire datasenter for lagring av data om borgarar i Noreg.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Noreg skal bli blant dei mest digitaliserte landa i verda innan 2030, og datasenter for \u00e5 lagre og prosessere data speler ei n\u00f8kkelrolle for \u00e5 f\u00e5 det til, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).<\/p>\n<p>Grunnen til at regjeringa \u00f8nsker forbod mot nye datasenter som vinn ut kryptovaluta, er at det gir mindre verdiskaping og f\u00e6rre arbeidsplassar.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Karianne Oldernes Tung, fotografert november 2025 \" title=\"Foto: John-Andre Samuelsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap). <\/p>\n<p>Foto: John-Andre Samuelsen \/ NRK<\/p>\n<p><strong>Men Tung er einig med ordf\u00f8raren i Sarpsborg om at det trengst ein tydeleg felles datasenterpolitikk i Noreg. <\/strong><\/p>\n<p><strong>For \u00e5 gi ei hjelpande hand til kommunane, la regjeringa fram ein rettleiar i 2023.<\/strong><\/p>\n<p>Den gir kommunane r\u00e5d om forholdsreglar og kven dei b\u00f8r kontakte ved f\u00f8respurnader om \u00e5 etablere datasenter \u2013 enten fr\u00e5 interessentar eller kommunen sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Delte meiningar<\/p>\n<p>I Sarpsborg er det delte meiningar politisk om datasenterplanane.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dette er vi sv\u00e6rt kritiske til, seier gruppeleiar i Raudt i Sarpsborg, Jan Petter Bast\u00f8e.<\/strong><\/p>\n<p>Bast\u00f8e meiner det er fleire grunnar til at ein ikkje b\u00f8r gjennomf\u00f8re utbygginga av datasenteret i Sarpsborg.<\/p>\n<p>\u2013 Det kjem til \u00e5 bruke vanvitig mykje straum, og den treng vi til andre ting. Og s\u00e5 legg det beslag p\u00e5 eit stort naturomr\u00e5de som blir brukt til fritidsaktivitetar og rekreasjon.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg kjem til \u00e5 fortsette \u00e5 jobbe mot dette s\u00e5 lenge eg framleis har puls.<\/strong><\/p>\n<p>Bj\u00f8rn Lande i KrF ser meir avventande p\u00e5 planane.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bj\u00f8rn Lande avbildet foran en steinvegg\" title=\"Foto: Alex Frank\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bj\u00f8rn Lande i Sarpsborg KrF <\/p>\n<p>Foto: Alex Frank<\/p>\n<p><strong>\u2013 I utgangspunktet s\u00e5 er det eit spennande prosjekt, men med moglege negative konsekvensar. Og da har vi stilt sp\u00f8rsm\u00e5l om omfanget av det, spesielt med tanke p\u00e5 naturinngrep, fortel Lande.<\/strong><\/p>\n<p>Det er framleis mange \u00e5r f\u00f8r det eventuelt st\u00e5r eit datasenter i Sarpsborg.<\/p>\n<p>Prosessen som n\u00e5 er sett i gang, er ei utgreiing av konsekvensane for naturen og n\u00e6romr\u00e5da.<\/p>\n<p>Kan bli vedtatt i 2027<\/p>\n<p><strong>Ordf\u00f8rar i Sarpsborg, Magnus Arnesen, er spent p\u00e5 kva som kjem fram i utgreiingane. <\/strong><\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi m\u00e5 f\u00e5 gode fakta p\u00e5 bordet med tanke p\u00e5 kva konsekvensar det f\u00e5r for naturen og n\u00e6rmilj\u00f8et.<\/strong><\/p>\n<p>Frist for innspel p\u00e5 omr\u00e5dereguleringa er 19. desember. F\u00f8r fristen blir det halde eit ope informasjonsm\u00f8te.<\/p>\n<p>Sarpsborg kommune skal deretter ta stilling til planprogrammet i februar 2026. Viss planen blir godkjent, vil konsulentselskapet utarbeide ein vidare plan som blir sendt inn hausten 2026, og som kommunen igjen skal behandle politisk.<\/p>\n<p>Eit vedtak av planane i bystyret <a href=\"https:\/\/www.sarpsborg.com\/globalassets\/dokumenter\/politikk-og-planer\/kunngjoringer\/2025.12.19.--store-datasenter-hasle---oppstart\/planprogram.pdf#page=29\" ec-id=\"https:\/\/www.sarpsborg.com\/globalassets\/dokumenter\/politikk-og-planer\/kunngjoringer\/2025.12.19.--store-datasenter-hasle---oppstart\/planprogram.pdf\" ec-name=\"skal etter planen og utan forseinkingar,\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">skal etter planen og utan forseinkingar,<\/a> kunne vedtakast politisk av kommunen tidlegast i oktober 2027.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>25.11.2025, kl. 18.10<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>25.11.2025, kl. 19.03<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert: Eit datasenter p\u00e5 storleik med Monaco er planlagt i Sarpsborg, noko som inneber omfattande naturinngrep. Regjeringa&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":96573,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-96572","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115611901919106457","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/96572","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=96572"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/96572\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/96573"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=96572"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=96572"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=96572"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}