{"id":96993,"date":"2025-11-26T09:08:18","date_gmt":"2025-11-26T09:08:18","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/96993\/"},"modified":"2025-11-26T09:08:18","modified_gmt":"2025-11-26T09:08:18","slug":"norled-skyss-vi-merkar-stor-forskjell","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/96993\/","title":{"rendered":"Norled, Skyss | \u2013 Vi merkar stor forskjell"},"content":{"rendered":"\n<p>Det har g\u00e5tt tre veker sidan Norled, som del av ei reklamasjonssak, fekk tilsendt og montert nye batteri i fart\u00f8ya \u00abTrym\u00bb og \u00abFrey\u00bb som g\u00e5r ruter i Flor\u00f8bassenget.<\/p>\n<p>Prosjektansvarleg Roger Rivedal hos Norled rosar dei involverte.<\/p>\n<p>\u2013 Heile prosessen med utskifting gjekk p\u00e5 skinner, og alle involverte har f\u00e5tt mykje skryt for innsatsen. Og ja \u2013 vi merkar stor forskjell med positivt forteikn, seier Rivedal til Firdaposten.<\/p>\n<p>No er defekte batteripakker bytta ut og alt fungerer optimalt. Det har p\u00e5verka rekkevidda fr\u00e5 dag ein etter utskiftinga.<\/p>\n<p>M\u00e5tte g\u00e5 redusert<\/p>\n<p>\u2013 Med fire-fem defekte batteri i kvar batteripakke, s\u00e5 hadde vi eit problem. Du kom inn til lading, men hadde ikkje full kapasitet n\u00e5r du gjekk ut igjen. Problema forskauv seg, og neste tur m\u00e5tte gjerne g\u00e5 med redusert fart. No er vi kvitt dette problemet, og dermed blir vi ogs\u00e5 langt sjeldnare forsinka som f\u00f8lgje av at vi ikkje kan g\u00e5 p\u00e5 planlagt marsjfart, seier Rivedal.<\/p>\n<p>I tillegg til \u00e5 byte ut batteri i batteripakkane, har Norled ogs\u00e5 gjort nokre tilpassingar med korleis batteri blir stabla og montert. Det vil gjere liknande operasjonar mykje enklare i framtida.<\/p>\n<p>Produksjonsfeil<\/p>\n<p>Bakgrunnen for utskiftinga var ein reklamasjon mot leverand\u00f8ren, d\u00e5 det blei oppdaga ein produksjonsfeil p\u00e5 ein serie med batteri som var produsert i 2023. <\/p>\n<p>\u2013 No har vi f\u00e5tt p\u00e5 plass batteri med den kapasiteten vi vart f\u00f8respegla i 2024. Det merkar vi allereie p\u00e5 stabilitet og auka rekkevidd, seier Rivedal.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det har g\u00e5tt tre veker sidan Norled, som del av ei reklamasjonssak, fekk tilsendt og montert nye batteri&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":96994,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[56],"tags":[36,60,61,12502,62,30,28,12501,29,3431,1510],"class_list":{"0":"post-96993","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-naeringsliv","8":"tag-art","9":"tag-business","10":"tag-economy","11":"tag-florobassenget","12":"tag-naeringsliv","13":"tag-no","14":"tag-norge","15":"tag-norled","16":"tag-norway","17":"tag-skyss","18":"tag-story"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115615216708064602","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/96993","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=96993"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/96993\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/96994"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=96993"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=96993"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=96993"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}