{"id":97264,"date":"2025-11-26T14:08:08","date_gmt":"2025-11-26T14:08:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/97264\/"},"modified":"2025-11-26T14:08:08","modified_gmt":"2025-11-26T14:08:08","slug":"norsk-bonde-og-smabrukarlag-med-opprop-for-a-fjerne-samordningsregelen-i-landbruket-nrk-more-og-romsdal-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/97264\/","title":{"rendered":"Norsk Bonde- og Sm\u00e5brukarlag med opprop for \u00e5 fjerne samordningsregelen i landbruket \u2013 NRK M\u00f8re og Romsdal \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert<\/p>\n<ul>\n<li>Mange b\u00f8nder, som Sofie Rebekka H\u00f8ybakk, opplever at d\u00e5rlege velferdsordningar gjer det vanskeleg \u00e5 kombinere bondeyrket med graviditet og sjukdom.<\/li>\n<li>Samordningsregelen i landbruket f\u00f8rer til \u00f8konomiske utfordringar ved at inntekt fr\u00e5 anna arbeid eller Nav trekkast fr\u00e5 tilskotet til landbruksvikar.<\/li>\n<li>Samdrift kan lette situasjonen noko, men legg ofte ekstra arbeidspress p\u00e5 kollegaer.<\/li>\n<li>Regelverket for velferdsordningar i landbruket er komplekst og vanskeleg \u00e5 forst\u00e5 for mange b\u00f8nder.<\/li>\n<li>Jordmorforeningen st\u00f8ttar oppropet fr\u00e5 Norsk Bonde- og Sm\u00e5brukarlag og meiner regelen kan utgjere ein helserisiko for mor og barn.<\/li>\n<li>Landbruksministeren lovar \u00e5 jobbe for \u00e5 forbetre velferdsordningane, men samordningsregelen g\u00e5r han ikkje inn for \u00e5 fjerne no.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>\u00c5rsaka er det ho meiner er for d\u00e5rlege velferdsordningar for b\u00f8nder som blir sjuke eller gravide.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg er redd for at vi ikkje skal takle \u00e5 f\u00e5 fleire s\u00e5nn som systemet er. D\u00e5 eg var gravid sist gang, heldt sambuaren min p\u00e5 \u00e5 jobbe seg i hel, fortel Sofie Rebekka H\u00f8ybakk<\/strong>.<\/p>\n<p>\u2013 D\u00e5 har eg ikkje turt \u00e5 f\u00e5 fleire barn sidan.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Sofie Rebekka H\u00f8ybakk (til venstre) og Kristine Blindheim.\" title=\"Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sofie Rebekka H\u00f8ybakk (til venstre) med kollega Kristine Blindheim.<\/p>\n<p>Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK<\/p>\n<p>Opprop<\/p>\n<p>Ho er ei av mange som st\u00f8ttar oppropet til Norsk Bonde- og Sm\u00e5brukarlag om \u00e5 fjerne samordningsregelen i landbruket.<\/p>\n<p>Regelen gjer at dersom du har inntekt fr\u00e5 anna arbeid, eller st\u00f8nad fr\u00e5 Nav, blir du trekt i tilskotet til landbruksvikar ved sjukdom eller graviditet.<\/p>\n<p>Problemet er at ikkje alle d\u00e5 har nok inntekt fr\u00e5 gardsdrifta til \u00e5 dekke utgiftene til ein avl\u00f8ysar.<\/p>\n<p>Samordningsregelen i landbruket<\/p>\n<ul>\n<li>Samordningsregelen gjeld ordninga med avl\u00f8ysartilskot ved sjukdom og f\u00f8dsel.<\/li>\n<li>Dersom ein bonde har inntekt fr\u00e5 anna arbeid eller f\u00e5r ytingar fr\u00e5 Nav, blir denne inntekta trekt fr\u00e5 tilskotet som skal dekke kostnadene til avl\u00f8ysar p\u00e5 garden.<\/li>\n<li>Form\u00e5let med regelen er \u00e5 unng\u00e5 dobbel kompensasjon, men han har ogs\u00e5 f\u00e5tt kritikk fordi deltidsb\u00f8nder ofte ikkje f\u00e5r full dekning for dokumenterte avl\u00f8ysarutgifter.<\/li>\n<li>Nokre meiner dette kan skape ulikskap mellom heiltids- og deltidsb\u00f8nder, medan andre peikar p\u00e5 at regelen sikrar at offentlege midlar blir brukt rettferdig.<\/li>\n<li>Det g\u00e5r f\u00f8re seg ein politisk diskusjon om framtida til samordningsregelen.<\/li>\n<li>Norsk Bonde- og Sm\u00e5brukarlag har starta eit opprop der dei vil ha regelen fjerna.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Sofie Katrine H\u00f8ybakk har no g\u00e5tt inn i samdrift med tre nabob\u00f8nder.<\/p>\n<p>Ei av dei er Kristine Blindheim. Ho er no gravid, og det skaper utfordringar.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Heldigvis for meg, s\u00e5 driv vi samdrift. P\u00e5 den m\u00e5ten kunne kollegaene mine steppe inn n\u00e5r eg m\u00e5tte ut. Avl\u00f8ysaren jobbar ikkje s\u00e5 mange timar som eg skulle ha jobba, s\u00e5 d\u00e5 blir det ein del ekstra p\u00e5 mine kollegaer, seier Blindheim<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer st\u00e5r i en fj\u00f8s med melkekyr i stallene rundt dem. Den ene har p\u00e5 seg en lys arbeidsjakke, mens den andre er kledd i gr\u00e5 arbeidskl\u00e6r. Det ligger h\u00f8y p\u00e5 bakken, og det er betonggulv i stallen. Det er dagslys som str\u00f8mmer inn gjennom vinduene.\" title=\"Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Dei to b\u00f8ndene meiner velferdsordningane til b\u00f8nder er for kompliserte, og trur det f\u00f8rer til at folk g\u00e5r i fj\u00f8sen sj\u00f8lv om dei er sjuke.<\/p>\n<p>Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK<\/p>\n<p>B\u00e5de Sofie Rebekka H\u00f8ybakk og Kristine Blindheim meiner regelverket for velferdsordningar i landbruket er alt for komplisert.<\/p>\n<p>\u2013 D\u00e5 eg skulle sjekke kva vi kunne ha krav p\u00e5 i st\u00f8tte d\u00e5 eg fekk Henny, skj\u00f8nte eg ingen ting. Eg trudde det var ammet\u00e5ka, men n\u00e5r eg pr\u00f8ver \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 det no, er det like gale, ler H\u00f8ybakk.<\/p>\n<p>F\u00e5r st\u00f8tte<\/p>\n<p>Den norske jordmorforening meiner samordningsregelen potensielt kan tvinge nybakte m\u00f8drer tilbake til hardt fysisk arbeid p\u00e5 garden, fordi dei ikkje har r\u00e5d til avl\u00f8ysar.<\/p>\n<p>\u2013 Det utgjer ein helserisiko for mor og barn. S\u00e5 vi st\u00f8ttar oppropet fordi vi meiner kvinner har krav p\u00e5 ei trygg og god barseltid, uansett om dei er b\u00f8nder eller har eit anna yrke, seier leiar i jordmorforeningen, Lena Henriksen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det handlar om likestilling og om kvinnehelse.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person som smiler med en bl\u00e5 genser\" title=\"Foto: Sonja Balci\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Lena Henriksen meiner samordningsregelen kan tvinge nybakte m\u00f8drer tilbake i hardt fysisk arbeid f\u00f8r dei er klare.<\/p>\n<p>Foto: Sonja Balci<\/p>\n<p>Styremedlem i Norsk Bonde- og Sm\u00e5brukarlag, Ola Kvendset, h\u00e5per oppropet n\u00e5r fram n\u00e5r partia no skal forhandle om neste \u00e5rs budsjett.<\/p>\n<p>\u2013 Det er eit kjempeproblem at b\u00f8nder ikkje f\u00f8ler dei kan bli sjuke eller f\u00e5 barn, fordi dei ikkje f\u00e5r hjelpa dei treng, seier han.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ola Kvendset, leder i Bonde- og sm\u00e5brukarlaget i M\u00f8re og Romsdal \" title=\"Foto: Eirik Haukenes \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ola Kvendset seier b\u00f8nder f\u00f8ler dei ikkje kan bli sjuke eller f\u00e5 barn.<\/p>\n<p>Foto: Eirik Haukenes \/ NRK<\/p>\n<p>Vil jobbe for betre ordningar<\/p>\n<p>Landbruksminister Nils Kristen Sandtr\u00f8en seier dei ikkje vil fjerne samordningsregelen no.<\/p>\n<p>Han viser til at regjeringa og Norges bondelag har inng\u00e5tt jordbruksavtalen for 2026, der avl\u00f8ysarordningar og velferdsordningar var oppe til debatt.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Landbruksminister Nils Kristen Sandtr\u00f8en\" title=\"Foto: P\u00e5l Hansen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Landbruksminister Nils Kristen Sandtr\u00f8en seier Regjeringa ikkje vil fjerne samordningsregelen no.<\/p>\n<p>Foto: P\u00e5l Hansen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Det blei tatt ei avgjerd om heller \u00e5 styrke tilskota ved f\u00f8dsel, for \u00e5 s\u00f8rge for at folk som f\u00e5r barn ogs\u00e5 har \u00f8konomi til \u00e5 leige inn avl\u00f8ysar n\u00e5r ein treng det, seier Sandtr\u00f8en.<\/p>\n<p>Han lovar at dei likevel vil jobbe for \u00e5 gjere det enklare \u00e5 vere bonde.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Arbeidarpartiet har som del av v\u00e5rt partiprogram at vi framleis \u00f8nsker \u00e5 utvikle avl\u00f8ysarordninga og styrke velferdsordninga, seier han.<\/strong><\/p>\n<p><a class=\"link__container link__container--with-thumbnail autonomous forward-navigation\" href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/xl\/sara-marie-sovik-var-atte-ar-da-ei-stor-steinblokk-raste-ut-bak-huset-i-fjelltunvegen-i-alesund-1.17212390\" data-ec-id=\"pp:article:1.17212390\" data-ec-name=\"Raset\" data-ec-category=\"SMALL_THUMBNAIL\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"lazy\" alt=\"\u00c5LESUND 20080326:&#10;Oversiktsbilde av omr\u00e5det der en boligblokk (midt i bildet) i Fjelltunveien i \u00c5lesund kollapset natt til onsdag. Ulykken skjedde da et steinras traff bygningen.\" title=\"Foto: Svein Ove Ekornesv\u00e5g \/ NTB\"\/><\/p>\n<p><\/a><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>26.11.2025, kl. 13.55<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert Mange b\u00f8nder, som Sofie Rebekka H\u00f8ybakk, opplever at d\u00e5rlege velferdsordningar gjer det vanskeleg \u00e5 kombinere bondeyrket&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":97265,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-97264","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115616396494418077","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/97264","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=97264"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/97264\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/97265"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=97264"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=97264"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=97264"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}