{"id":97310,"date":"2025-11-26T15:12:08","date_gmt":"2025-11-26T15:12:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/97310\/"},"modified":"2025-11-26T15:12:08","modified_gmt":"2025-11-26T15:12:08","slug":"haper-pa-endeleg-punktum-i-frosta-saka-etter-ankesaka-mot-arne-bye-nrk-trondelag-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/97310\/","title":{"rendered":"H\u00e5per p\u00e5 endeleg punktum i Frosta-saka etter ankesaka mot Arne Bye \u2013 NRK Tr\u00f8ndelag \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p><strong>\u2013 Eg trur folk er veldig klare for \u00e5 bli ferdige med saka. Det har hengt over mange i lang tid. S\u00e5 at det blir sett eit punktum no, trur eg berre er godt for folk.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier Torbj\u00f8rn Fredagsvik. NRK m\u00f8ter han utanfor butikken i Frosta sentrum.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ei sak som omhandlar veldig mange, og s\u00e5 har det f\u00f8reg\u00e5tt veldig lenge. Folk er nok prega p\u00e5 mange m\u00e5tar, og blir jo minte p\u00e5 det kvar dag.<\/p>\n<p>\u2013 Folk skjemmest kanskje litt for \u00e5 seie at dei er fr\u00e5 Frosta, s\u00e5 det blir bra for folk \u00e5 bli ferdig med dette, legg han til.<\/p>\n<p><strong>Om lag 72 kilometer fr\u00e5 den vesle kommunen, i Frostating lagmannsrett, starta ankesaka mot Arne Bye i dag.<\/strong><\/p>\n<p>Den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta er d\u00f8md for 70 valdtekter og 82 tilfelle av \u00e5 ha misbrukt si stilling for \u00e5 oppn\u00e5 seksuell omgang.<\/p>\n<p>I ankesaka skal lagmannsretten avgjere kva straff Bye skal f\u00e5 for det desse lovbrota, som han er d\u00f8md for.<\/p>\n<p>Ber om at Bye blir vurdert p\u00e5 mildaste m\u00e5te<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det vil bli lagt ned p\u00e5stand om at Arne Bye blir vurdert p\u00e5 mildaste m\u00e5te.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier Linn Haug Holm i Frostating lagmannsrett. Ho er ei av tre som forsvarer Arne Bye i ankesaka.<\/p>\n<p>\u2013 Bye blei d\u00f8md til 21 \u00e5r i fengsel, men det har skjedd ei endring i straffelova med verknad den 1. juli 2025, seier forsvarar Eirik Svingen Bj\u00f8rgo.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En dommer st\u00e5r foran en fargerik kunstplakat i en rettssal. Dommeren har p\u00e5 seg svart kappe med hvit skjorte og slips. I rommet er det et skrivebord og en lampe. Stemningen er formell og preget av rettslige aktiviteter.\" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Eirik Svingen Bj\u00f8rgo er ein av Bye sine tre forsvararar. <\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p>For n\u00e5r lagmannsretten no skal behandle Bye si anke over straffeutm\u00e5linga, gjer ei lovendring at maksimalt kan d\u00f8mmast til 16 \u00e5r i fengsel.<\/p>\n<p>Dette er begge partane einige om.<\/p>\n<p>    Frosta-saka<\/p>\n<ul aria-labelledby=\"993673b4-f022-4f68-aafe-d4aedd608458\" role=\"list\">\n<li>Kvifor skal saka mot Arne Bye g\u00e5 for retten igjen?\n<p>Den 6. juni blei den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/trondelag\/dommen-mot-arne-bye-blir-lest-opp-i-trondelag-tingrett-i-steinkjer-1.17442021\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">d\u00f8mt til 21 \u00e5r i fengsel i Tr\u00f8ndelag tingrett.<\/a><br \/>\nHan blei funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for \u00e5 oppn\u00e5 seksuell omgang.<\/p>\n<p>Men s\u00e5 anka Arne Bye dommen, b\u00e5de straffeutm\u00e5linga og skuldsp\u00f8rsm\u00e5let. Han ville ha ei ny vurdering av om kvinnene var ute av stand til \u00e5 motsette seg det som skjedde p\u00e5 legekontoret.<\/p>\n<p>Frostating lagmannsrett avgjorde at Bye si anke over straffeutm\u00e5linga og anke over skuldsp\u00f8rsm\u00e5let for 18 tiltalepostar skal fremmast til ankeforhandling.<\/p>\n<p>Men s\u00e5 trakk Bye anken over skuldsp\u00f8rsm\u00e5let, men lagmannsretten skal framleis behandle Bye si anke over straffeutm\u00e5linga. <\/p>\n<p>Dermed er skuldsp\u00f8rsm\u00e5let rettskraftig avgjort, men lagmannsretten skal i ankeforhandlinga avgjere kva straff han skal d\u00f8mmast til for desse lovbrota.<\/p>\n<\/li>\n<li>Kva skal lagmannsretten behandle i ankesaka?\n<p>Frostating lagmannsrett skal behandle Arne Bye si anke over straffeutm\u00e5linga \u2013 alts\u00e5 kva straff Bye skal f\u00e5 for lovbrota han blei funnen skuldig i ved Tr\u00f8ndelag tingrett sin dom fr\u00e5 6. juni.<\/p>\n<p>I tingretten blei han funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for \u00e5 oppn\u00e5 seksuell omgang. Dette er med andre ord rettskraftig avgjort.<\/p>\n<\/li>\n<li>Kvifor har maksstraffa Arne Bye kan f\u00e5r blitt kortare?\n<p>N\u00e5r Frostating lagmannsrett no skal behandle Bye si anke over straffeutm\u00e5linga, gjer ei lovendring at han maksimalt kan d\u00f8mmast til 16 \u00e5r i fengsel.<\/p>\n<p>Den tidlegare kommuneoverlegen blei i Tr\u00f8ndelag tingrett mellom anna funnen skuldig i 38 brot av \u00a7 292 i straffelova.<\/p>\n<p>Paragrafen inneheldt bestemmingar knytt til valdtekt ved innf\u00f8ring av gjenstandar.<\/p>\n<p>Strafferamma for brot p\u00e5 denne lova var 15 \u00e5r. N\u00e5r ein blir d\u00f8mt for fleire brot, kan ein f\u00e5 seks \u00e5r ekstra straff.<\/p>\n<p>Dermed blei Arne Bye d\u00f8md til 21 \u00e5r fengsel i Tr\u00f8ndelag tingrett, den 6. juni 2025.<\/p>\n<p>D\u00e5 lovendringane som blir kalla \u00absamtykkelova\u00bb tr\u00e5dde i kraft 1. juli finst ikkje denne paragrafen lenger.<\/p>\n<p>I tillegg fjerna lovendringa minstestraffa p\u00e5 tre \u00e5r og \u00f8vre strafferamme p\u00e5 15 \u00e5r ved valdtekt til samleie.<\/p>\n<p>Dermed vil strafferamma for lovbrota Bye er d\u00f8md for vere 16 \u00e5r etter lovverket som er gjeldande i dag.<\/p>\n<p>Dersom han skal d\u00f8mmast til 21 \u00e5r i fengsel, m\u00e5 det bevisast at ei av valdtektene har vore grov.<\/p>\n<\/li>\n<li>Det har kome fleire nye saker mot Arne Bye. Kva skjer med dei?\n<p>Ankesaka som no g\u00e5r for retten p\u00e5verkar ikkje etterforskinga av dei nye sakene mot Arne Bye.<\/p>\n<p>Dette er to parallelle l\u00f8p: Sakene som g\u00e5r for retten og dei nye sakene som er under etterforsking.<\/p>\n<p>Den tidlegare kommuneoverlegen er sikta for 33 nye valdtektshandlingar overfor 16 forn\u00e6rma.<\/p>\n<p>Dette har vore under etterforsking sidan desember 2024 \u2013 parallelt med at saka mot Bye er under behandling i rettssystemet.<\/p>\n<p>Politiet har bekrefta at dei leiter etter manglande videomateriale i forbindelse med denne etterforskinga. <\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p><strong>\u2013 P\u00e5stand fr\u00e5 p\u00e5talemakta si side er fengsel i 16 \u00e5r, d\u00e5 me ikkje kan seie at det er grunnlag for fr\u00e5drag i dette maksimalniv\u00e5et.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier statsadvokat Rikhard Haugen Lyng i retten.<\/p>\n<p>Det er sett av tre dagar til behandling av ankesaka i Frostating lagmannsrett.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Statsadvokatene Rikhard Haugen Lyng og Eli Nessimo, forsvarer Frode Wisth og i bakgrunnen rettspsykiater K\u00e5re Nonstad\" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Statsadvokatane Rikhard Haugen Lyng og Eli Reberg Nessimo i samtale med Arne Bye sin forsvarar Frode Wisth.<\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Me m\u00e5 st\u00e5 i det saman<\/p>\n<p>Samstundes som ankesaka g\u00e5r for retten, er kommunen godt i gang med \u00e5 totalrenovere legekontoret i Frosta.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Byggeplassen viser et p\u00e5g\u00e5ende byggearbeid med gr\u00e5 stein og sn\u00f8. Flere arbeidere med verneutstyr er synlige i bakgrunnen. Bygningen er delvis dekket med stillas og bl\u00e5 presenninger. Omr\u00e5det er inngjerdet med byggeplank.\" title=\"Foto: J\u00f8te Toftaker \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Legekontoret i Frosta kommune skal bli heilt nytt.<\/p>\n<p>Foto: J\u00f8te Toftaker \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 At det blir sett eit slags punktum for den delen av saka trur eg bryr veldig mykje for dei som er direkte involvert og ogs\u00e5 for bygda.<\/p>\n<p>Det seier leiar for sanitetsforeininga i Frosta, Kirsten Ulriksen Skogseth.<\/p>\n<p>\u2013 Alle me p\u00e5 Frosta kjenner nokon som har hatt det vanskeleg i denne saka. S\u00e5 me har f\u00e5tt \u00f8ve oss p\u00e5 \u00e5 vere gode sambygdingar, gode vener og gode slektningar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kirsten Ulriksen Skogseth st\u00e5r p\u00e5 en sn\u00f8dekt vei utenfor boliger. Det er gr\u00e5 himmel og tr\u00e6r i bakgrunnen. Personen har p\u00e5 seg en tykk jakke og skjerf. I bakgrunnen ses en bygning med parkerte biler.\" title=\"Foto: J\u00f8te Toftaker \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Skogseth seier fleire av dei forn\u00e6rma er skuffa over at ei lovendring endrar maksstraff for det Arne Bye er d\u00f8md for.<\/p>\n<p>Foto: J\u00f8te Toftaker \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Kva tenker du om vegen framover?<\/p>\n<p>\u2013 Me m\u00e5 st\u00e5 i det og me m\u00e5 st\u00e5 i det saman. St\u00f8tte kvarandre og godta at folk reagerer forskjellig og kjem seg ut av dette i kvar si takt og sitt eige tempo.<\/p>\n<p>Tove R\u00f8ddesnes er koordinerande bistandsadvokat for dei forn\u00e6rma kvinnene. Ho fortel at det er ei lette for dei forn\u00e6rma kvinnene \u00e5 sleppe \u00e5 forklare seg i lagmannsretten.<\/p>\n<p>\u2013 Samstundes er det ei belasting, det er helseopplysingar om dei og det er video som er sv\u00e6rt sensitiv. S\u00e5 det er ei belasting \u00e5 vere ein del av det. <\/p>\n<p>R\u00f8ddesnes fortel at mange av dei forn\u00e6rma kvinnene er i traumebehandling og er p\u00e5 veg tilbake.<\/p>\n<p>\u2013 Dei st\u00e5r framleis i ein berg-og-dal-bane. Vi merker at belastinga framleis er veldig h\u00f8g.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To kvinner st\u00e5r og snakker sammen i en innend\u00f8rs setting. Den ene kvinnen har langt h\u00e5r og en svart jakke med knapper, mens den andre b\u00e6rer en gr\u00e5 blazer og hvit skjorte. Bakgrunnen viser rader med r\u00f8de sitteplasser. Belysningen er naturlig og rommet har en enkel, moderne design.\" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Tove R\u00f8ddesnes og Ingunn Kjelstad er koordinerande bistandsadvokatar for dei forn\u00e6rma kvinnene.<\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p>Forsvarar om Bye: \u2013 Han har det tungt<\/p>\n<p>Arne Bye kom inn i rettssal 206 i Frostating lagmannsrett like f\u00f8r ankebehandlinga starta klokka 09.00. <\/p>\n<p><strong>\u2013 Han har det tungt. Det er sv\u00e6rt krevjande for han \u00e5 vere, seier forsvarar Frode Wisth.<\/strong><\/p>\n<p>Bye sette seg ned mellom dei tre forsvararane sine, like overfor p\u00e5talemakta. <\/p>\n<p>D\u00e5 retten blei sett begynte Bye \u00e5 notere og hadde med seg seks pennar i forskjellige fargar.<\/p>\n<p>Gjennom heile dagen sat han konsentrert og roleg \u2013 slik han ogs\u00e5 gjorde i tingretten. <\/p>\n<p>Bye skal forklare seg i retten torsdag.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann i juridisk drakt knapper p\u00e5 seg en kappe i en rettssal. Bakgrunnen viser en tradisjonell rettsal med trepanel. Det er en vannflaske og dokumenter synlige p\u00e5 et bord foran ham. Mannen har briller og har p\u00e5 seg en skjorte med slips.\" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bye sin forsvarar, Frode Wisth, fortel at Bye har det t\u00f8ft.<\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Arne Bye vil forklare seg om personlege forhold og omstende rundt dei straffbare forholda som er gjort, seier Haug Holm.<\/p>\n<p>I tillegg les b\u00e5de forsvararane og p\u00e5talemakta opp enkelte delar av tingretten sin dom og skal vise eit utval av videoane fr\u00e5 legekontoret.<\/p>\n<p>\u2013 Retten er n\u00f8ydd til \u00e5 ha eit representativt utdrag. Dei m\u00e5 ha mogelegheit til \u00e5 gjere seg opp ei meining om kor grovt dette har vore. Eller kor lite grovt det har vore, seier forsvarar Bj\u00f8rgo. <\/p>\n<p>    Hei!<\/p>\n<p>Er du eller nokon du kjenner p\u00e5verka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie \u00e5 fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven eg burde snakke med?<\/p>\n<p>D\u00e5 vil eg veldig gjerne h\u00f8yre fr\u00e5 deg!<\/p>\n<p>All informasjon blir behandla konfidensielt.\u00a0<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>26.11.2025, kl. 15.13<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>26.11.2025, kl. 15.53<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Eg trur folk er veldig klare for \u00e5 bli ferdige med saka. Det har hengt over mange&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":97311,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-97310","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115616647878619230","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/97310","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=97310"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/97310\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/97311"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=97310"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=97310"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=97310"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}