{"id":97381,"date":"2025-11-26T16:25:07","date_gmt":"2025-11-26T16:25:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/97381\/"},"modified":"2025-11-26T16:25:07","modified_gmt":"2025-11-26T16:25:07","slug":"droppar-gummigranulat-pa-nye-fotballbanar-i-europa-gar-for-norsk-bjork-nrk-rogaland-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/97381\/","title":{"rendered":"Droppar gummigranulat p\u00e5 nye fotballbanar i Europa \u2013 g\u00e5r for norsk bj\u00f8rk \u2013 NRK Rogaland \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p><strong>\u2013 Eg synest dekke n\u00e5 er heilt prima. Det er mykje betre enn det me hadde tidlegare.<\/strong><\/p>\n<p>Stefan Mladenovic er kaptein p\u00e5 andredivisjonslaget Pors Fotball i Porsgrunn.<\/p>\n<p>Det ser ut som ei vanleg fotballtrening p\u00e5 ein vanleg norsk kunstgrasbane.<\/p>\n<p>Men innfyllet p\u00e5 matta skil seg ut.<\/p>\n<p><strong>Dei svarte og milj\u00f8skadelege gummikulene er nemleg byta ut med bj\u00f8rkegranulat p\u00e5 b\u00e5de den nye treningsbana og hovudbana til Pors.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5r det f\u00f8rst er t\u00f8rt p\u00e5 dette underlaget, blir det veldig t\u00f8rt. D\u00e5 kan det lugga ein del. Men n\u00e5r det blir vatna, er bana heilt topp \u00e5 spela p\u00e5, meiner Pors-kapteinen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en person i en bl\u00e5 jakke\" title=\"Foto: Tom Ole Buaas \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Pors-kaptein Stefan Mladenovic har blitt glad i \u00e5 spela fotball p\u00e5 kunstgras dekt med bj\u00f8rkeinnfyll.<\/p>\n<p>Foto: Tom Ole Buaas \/ NRK<\/p>\n<p>Hastar med alternativ<\/p>\n<p><strong>Sm\u00e5, svarte gummikuler.<\/strong><\/p>\n<p>Som festar seg p\u00e5 treningsbuksa.<\/p>\n<p>I fotballskoen.<\/p>\n<p>I gangen.<\/p>\n<p>I klesvasken.<\/p>\n<p>Alle som har tilbrakt litt tid p\u00e5 ein norsk kunstgrasbane kjenner seg igjen.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/Gummigranulat er partiklar laga av gummi. Gummigranulat blir ofte brukt til \u00e5 laga gummibelagde overflater p\u00e5 leikeplassar og som fyllmasse p\u00e5 fotballbanar med kunstgras.\" rel=\"nofollow\">Gummigranulat<\/a> er namnet.<\/p>\n<p><strong>90 prosent av dei om lag 50.000 kunstgrasbanane i Europa er dekt med dette.<\/strong><\/p>\n<p>I utgangspunktet eit perfekt innfyll p\u00e5 kunstgras, men den store slagsida er milj\u00f8konsekvensane og utsleppet av mikroplast (sj\u00e5 under).<\/p>\n<p>I 2031 kjem forbodet mot gummigranulat.<\/p>\n<p>Derfor blir det jobba p\u00e5 spreng for \u00e5 finna gode alternativ.<\/p>\n<p>Pors landa p\u00e5 bj\u00f8rkeinnfyll. Det har same konsistens som gummi og oppf\u00f8rer seg p\u00e5 same m\u00e5te, if\u00f8lge klubben.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 blir det spanande \u00e5 sj\u00e5 korleis det blir n\u00e5r kulda kjem til vinteren og korleis forholda blir d\u00e5, seier Pors-trenar Magne Hesmyr Nilsen.<\/p>\n<p>Norsk bj\u00f8rk p\u00e5 kunstgras i Europa<\/p>\n<p>Det er nok produsenten i \u00c5rdal i Ryfylke ogs\u00e5 spente p\u00e5. Dei meiner dei har funne ei av l\u00f8ysingane p\u00e5 milj\u00f8krisa for kunstgrasbanane.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Me trur me har eit veldig godt produkt som kan ta mykje av marknaden. Potensialet er enormt stort.<\/strong><\/p>\n<p>Jonas G. Ravn\u00e5s er dagleg leiar ved NorFill Sports og viser fram ein neve bj\u00f8rkeflis.<\/p>\n<p>I \u00abbj\u00f8rkefabrikken\u00bb g\u00e5r t\u00f8mmerstokkar av bj\u00f8rk gjennom ein omfattande prosess, som til slutt endar opp i sm\u00e5 partiklar.<\/p>\n<p>\u2013 Me har testa produktet over fleire \u00e5r og har f\u00e5tt formell godkjenning av det internasjonale fotballforbundet Fifa, seier Ravn\u00e5s.<\/p>\n<p>Produksjon av bj\u00f8rkegranulat ved Norfill sine produksjonslokale i \u00c5rdal i Ryfylke.<\/p>\n<p>I dag er bj\u00f8rkegranulatet lagt p\u00e5 30 banar i Norge, og NorFill Sports har tatt 20 prosent av den norske kunstgras-marknaden i 2025.<\/p>\n<p>Produktet er ogs\u00e5 testa i Sheffield i England i eit prosjekt som er sponsa av Premier League og det engelske fotballforbundet.<\/p>\n<p>Ryfylke-bedrifta samarbeider ogs\u00e5 med Norges Fotballforbund (NFF).<\/p>\n<p><strong>\u2013 Bj\u00f8rkegranulat er eit godt produkt, spesielt f\u00f8r temperaturen blir for l\u00e5g og banane risikerer \u00e5 bli harde \u00e5 spela p\u00e5. Produktet er noko fleire av v\u00e5re klubbar er forn\u00f8gde med, seier kommunikasjonsdirekt\u00f8r i NFF, Ragnhild Ask Connell.<\/strong><\/p>\n<p>Men per i dag finst det ikkje noko fullgodt alternativ til gummigranulat, if\u00f8lge NFF.<\/p>\n<p>\u2013 Med tanke p\u00e5 speleigenskapar har gummigranulat utgjort eit fantastisk materiale, sommar som vinter, i heile Norge. Ikkje noko er forel\u00f8pig p\u00e5 dette niv\u00e5et, seier Ask Connell.<\/p>\n<p>Likevel st\u00e5r det ikkje p\u00e5 planane til bj\u00f8rke-produsenten i Ryfylke.<\/p>\n<p>\u2013 Me har ogs\u00e5 planar i fleire land i Norden, og har vunne v\u00e5r f\u00f8rste bane i Sveits. Me jobbar ogs\u00e5 aktivt mot Sverige og fleire andre marknader, seier Ravn\u00e5s i NorFill Sports.<\/p>\n<p>Det langsiktige m\u00e5let er \u00e5 produsera og selja bj\u00f8rkegranulat til 1000 banar i \u00e5ret innan 2031.<\/p>\n<p>NorFill Sports<\/p>\n<ul>\n<li>Er utviklet av GOE-Ip \u2013 en norsk teknologibedrift med r\u00f8tter i oljeindustriens reservoarteknologi. Etter fem \u00e5rs forskningsarbeid ble NorFill kommersielt lansert av NorFill Sports som et alternativ til gummigranulat.<\/li>\n<li>Produksjonen foreg\u00e5r i \u00c5rdal i Ryfylke, og gjennomf\u00f8res av NorFill Sports med bruk av norsk t\u00f8mmer og lokal arbeidskraft. Norfill Sports har som m\u00e5l \u00e5 gjenplante all skog som benyttes i produksjonen.<\/li>\n<li>Samarbeider med fotballforbund, kommuner og leverand\u00f8rer i hele Europa.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Kilde: NorFill Sports<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann som st\u00e5r foran et lager\" title=\"Foto: Magnus Stokka \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Jonas G. Ravn\u00e5s er dagleg leiar og ein av 14 tilsette ved NorFill Sports. Han seier produksjonen skal doblast, noko som vil gi fleire arbeidsplassar.<\/p>\n<p>Foto: Magnus Stokka \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Behov for fleire<\/p>\n<p>Men mange alternativ er pr\u00f8vd f\u00f8r.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/trondelag\/forst-ute-med-kunstgressbane-uten-gummikuler-1.13782223\" ec-id=\"pp:article:1.13782223\" ec-name=\"Sand\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Sand<\/a>, kork, <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/trondelag\/olivenstein_-bark-og-kokos-kan-erstatte-gummigranulat-i-framtidas-kunstgressbaner-1.16395664\" ec-id=\"pp:article:1.16395664\" ec-name=\"kokos\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">kokos<\/a>, furu, <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestfoldogtelemark\/olivensteiner-kan-vaere-kunstgress-losningen-1.15053636\" ec-id=\"pp:article:1.15053636\" ec-name=\"olivenstein\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">olivenstein<\/a>, maiskolbar, <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/trondelag\/olivenstein_-bark-og-kokos-kan-erstatte-gummigranulat-i-framtidas-kunstgressbaner-1.16395664\" ec-id=\"pp:article:1.16395664\" ec-name=\"bark\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">bark<\/a> og kongler har blitt str\u00f8dd over norske grasmatter.<\/p>\n<p>Men eigenskapane til gummien er vanskeleg \u00e5 erstatta.<\/p>\n<p>\u2013 Kvifor skal ein d\u00e5 lukkast med norsk bj\u00f8rk?<\/p>\n<p>\u2013 For v\u00e5r del har det handla om \u00e5 utvikla eit produkt med ideelle fotballtekniske eigenskapar som samstundes ivaretar berekraftsperspektivet. Med godkjenningane me f\u00e5r, har me langt p\u00e5 veg best\u00e5tt, meiner Ravn\u00e5s.<\/p>\n<p>Milj\u00f8direktoratet vil ikkje kommentera enkeltprodukt, men er generelt positive til at fleire n\u00e5 utviklar alternativ til gummigranulat p\u00e5 norske kunstgrasbanar.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det finst alt n\u00e5 fleire alternativ til plast, og me vil trenga fleire for \u00e5 dekka behovet, seier seksjonsleiar Mathieu Vulemans.<\/strong><\/p>\n<p>Han understrekar at klubbar som alt har lagt banar med gummi, vil kunna halda fram med \u00e5 bruka dei \u2013 ogs\u00e5 etter forbodet i 2031.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 m\u00e5 dei ha sett i verk tiltak etter ei nasjonal forskrift.<\/p>\n<p>Forbodet gjeld \u00e5 rehabilitera eller legga nye banar med gummigranulat.<\/p>\n<p>\u2013 Dei nordiske landa har ogs\u00e5 blitt einige om \u00e5 laga eit felles prosjekt for \u00e5 testa ulike alternativ, seier Vulemans.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en person som jobber p\u00e5 en maskin\" title=\"Foto: Magnus Stokka \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Jonas G. Ravn\u00e5s i NorFill Sports viser produksjonen av bj\u00f8rkeinnfyll til kunstgrasbanar.<\/p>\n<p>Foto: Magnus Stokka \/ NRK<\/p>\n<p>Auka tilskot<\/p>\n<p>Men dei milj\u00f8venlege alternativa har lenge vore meir kostbare for klubbane og kommunane. Der gjer at mange framleis g\u00e5r for gummigranulat.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om ein stor del av meirkostnadane blir kompensert gjennom statlege st\u00f8tteordningar i form av spelemidlar fr\u00e5 Norsk Tipping.<\/p>\n<p>\u2013 Me er litt dyrare enn gummigranulat pris mot pris, men med dei statlege st\u00f8tteordningane blir me rimelegare enn gummi i 2026, seier Ravn\u00e5s i NorFill Sports.<\/p>\n<p>Nyleg informerte ogs\u00e5 regjeringa om at <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/regjeringen-oker-tilskuddene-for-kunstgressbaner-uten-gummigranulat-1.17600154\" ec-id=\"pp:article:1.17600154\" ec-name=\"dei aukar tilskota for kunstgrasbanar utan gummigranulat.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">dei aukar tilskota for kunstgrasbanar utan gummigranulat.<\/a><\/p>\n<p>\u2013 Eg er glad for at me n\u00e5 tar grep saman for meir milj\u00f8vennlege idrettsbanar, sa statsminister Jonas Gahr St\u00f8re d\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.regjeringen.no\/no\/aktuelt\/regjeringen-oker-tilskuddene-for-baner-uten-gummigranulat\/id3121681\/#:~:text=Jeg%20er%20glad%20for%20at%20vi%20n%C3%A5%20tar,milj%C3%B8et%20med%20plast%2C%20sier%20statsminister%20Jonas%20Gahr%20St%C3%B8re.\" ec-id=\"https:\/\/www.regjeringen.no\/no\/aktuelt\/regjeringen-oker-tilskuddene-for-baner-uten-gummigranulat\/id3121681\/\" ec-name=\"handlingsplanen blei lansert.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">handlingsplanen blei lansert.<\/a><\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/sport\/350-millioner-skal-sikre-plastfrie-fotballbaner-innen-2031-1.17646995\" ec-id=\"pp:article:1.17646995\" ec-name=\"Fotballens Milj\u00f8fond er ogs\u00e5 oppretta for \u00e5 sikra plastfrie fotballbanar innan 2031\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Fotballens Milj\u00f8fond er ogs\u00e5 oppretta for \u00e5 sikra plastfrie fotballbanar innan 2031<\/a>, og 350 millionar kroner er sett av til f\u00f8rem\u00e5let.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"et felt med gress\" title=\"Foto: Tom Ole Buaas \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Slik ser kunstgrasmatta til Pors ut med dekke av bj\u00f8rke-granulat.<\/p>\n<p>Foto: Tom Ole Buaas \/ NRK<\/p>\n<p>Litt dyrare \u2013 enn s\u00e5 lenge<\/p>\n<p>For Pors Fotball blei ikkje bj\u00f8rkeinnfyllet dyrare enn gummi for treningsbana (sj\u00e5 faktaboks). Men for stadionbana blei bj\u00f8rk 260.000 kroner dyrare enn gummi ville blitt.<\/p>\n<p>Dette betalte Pors for dei nye banane<\/p>\n<p>Treningsbane:<\/p>\n<ul>\n<li>Totalkostnad bane (7200 m2) utan innfyll: 3.000.000<\/li>\n<li>Bj\u00f8rkeinnfyll: 700.000 (alternativt ville gummi kosta 300.000)<\/li>\n<li>St\u00f8tte spelemidlar: 400.000<\/li>\n<li><strong>Sum total: 3.300.000<\/strong><\/li>\n<li><strong>Dette betyr at totalkostnaden blir lik for b\u00e5de bj\u00f8rkeinnfyll og gummi.<\/strong><\/li>\n<\/ul>\n<p>Nye stadion til Pors Grenland:<\/p>\n<ul>\n<li>Totalkostnad bane (Fifa Quality Pro bane) 3.000.000<\/li>\n<li>Bj\u00f8rkeinnfyll: 1.110.000 (alternativt ville gummi kosta 450.000)<\/li>\n<li>St\u00f8tte spelemidlar: 400.000.<\/li>\n<li><strong>Sum total: 3.710.000.<\/strong><\/li>\n<li><strong>Totalkostnad for gummi ville blitt 3.450.000. Det betyr at bj\u00f8rk blir 260.000 kroner dyrare.<\/strong><\/li>\n<\/ul>\n<p>Med auka st\u00f8tte for 2026 viser klubben sine utrekningar at dei faktisk ville g\u00e5tt 600.000 kroner i pluss p\u00e5 treningsbana dersom dei hadde venta med oppgraderingane til neste \u00e5r.<\/p>\n<p>\u2013 Argumentet fr\u00e5 enkelte klubbar om at ein ikkje har r\u00e5d til \u00e5 byta til organisk innfyll, held ikkje m\u00e5l. Med dei nye satsane fr\u00e5 2026, er dette ei gunstig ordning, seier styremedlem Per Kjetil S\u00f8rensen i Pors.<\/p>\n<p>Han poengterer likevel at det ikkje finst st\u00f8tteordningar for vedlikehald, og at klubbane m\u00e5 ta h\u00f8gde for ekstra kostnadar her n\u00e5r dei vel organisk innfyll som bj\u00f8rk.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>26.11.2025, kl. 16.39<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Eg synest dekke n\u00e5 er heilt prima. Det er mykje betre enn det me hadde tidlegare. Stefan&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":97382,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-97381","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115616935192841277","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/97381","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=97381"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/97381\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/97382"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=97381"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=97381"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=97381"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}