{"id":97791,"date":"2025-11-27T06:11:07","date_gmt":"2025-11-27T06:11:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/97791\/"},"modified":"2025-11-27T06:11:07","modified_gmt":"2025-11-27T06:11:07","slug":"to-soldatar-i-nasjonalgarden-skotne-i-washington-d-c-nrk-urix-utenriksnyheter-og-dokumentarer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/97791\/","title":{"rendered":"To soldatar i nasjonalgarden skotne i Washington D.C. \u2013 NRK Urix \u2013 Utenriksnyheter og -dokumentarer"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Dette forferdelege angrepet var ei handling av vondskap, hat og terror, sa den amerikanske presidenten Donald Trump natt til torsdag norsk tid.<\/p>\n<p>FBI etterforskar skytinga, men har ikkje stadfesta at dei etterforskar saka som terror, slik presidenten meiner det er.<\/p>\n<p>To soldatar fr\u00e5 nasjonalgarden blei onsdag skotne ikkje langt fr\u00e5 Det kvite hus, dei er begge kritisk skadde. \u00c9in mann er p\u00e5gripen.<\/p>\n<p>I eit <a href=\"https:\/\/x.com\/WhiteHouse\/status\/1993876260737474800\" onclick=\"window.open(this.href, &#039;&#039;, &#039;resizable=no,status=no,location=no,toolbar=no,menubar=no,fullscreen=no,scrollbars=no,dependent=no&#039;); return false;\" ec-id=\"https:\/\/x.com\/WhiteHouse\/status\/1993876260737474800\" ec-name=\"videoopptak\" rel=\"nofollow\">videoopptak<\/a> fr\u00e5 Florida, der Trump feirar den amerikanske h\u00f8gtida hausttakkefest, sa han at den p\u00e5gripne mannen kom til USA fr\u00e5 Afghanistan i 2021.<\/p>\n<p>Tryggingsdepartementet har stadfesta at den p\u00e5gripne er afghansk statsborgar. Han skal ha arbeidd for USA i Afghanistan.<\/p>\n<p>Reuters skriv at den p\u00e5gripne kom til USA i samband med ei ordning for afghanarar som hjelpte amerikanske styrkar i Afghanistan.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En gruppe mennesker st\u00e5r samlet p\u00e5 en gate merket med politiens avsperringer, under en kveldshimmel. Polititjenestepersoner i uniformer st\u00e5r i forgrunnen, mens andre er synlige lenger bak. Det er lastebiler og lys fra politiarbeid synlige i bakgrunnen. Omgivelsene tyder p\u00e5 en hendelse som involverer politiinnsats.\" title=\"Foto: Mark Schiefelbein \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u00c5staden er sperra av i den amerikanske hovudstaden.<\/p>\n<p>Foto: Mark Schiefelbein \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p><strong>Reuters melder at amerikanske immigrasjonsmyndigheiter stoppar behandlinga av s\u00f8knader fr\u00e5 afghanarar.<\/strong><\/p>\n<p>FBI etterforskar saka<\/p>\n<p>FBI-direkt\u00f8ren var av dei som deltok p\u00e5 ein pressekonferanse i den amerikanske hovudstaden seint onsdag kveld.<\/p>\n<p><strong>\u2013 To av dei modige medlemmene v\u00e5re av Nasjonalgarden, blei angripne i ei forferdeleg valdshandling. Dei blei skotne. Tilstanden deira er kritisk, sa Kash Patel.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person med caps og svart jakke er synlig i forkant av bildet. Bakgrunnen er lys og udefinert. Personen ser ut til \u00e5 v\u00e6re i en samtale eller diskusjon. Bildeutsnittet fokuserer p\u00e5 hodet og overkroppen.\" title=\"Foto: DREW ANGERER \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">FBI-direkt\u00f8r Kash Patel. <\/p>\n<p>Foto: DREW ANGERER \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>If\u00f8lge FBI blei nasjonalgardistane skotne nokre kvartal fr\u00e5 Det kvite hus, som ligg i sentrum av Washington D.C.<\/p>\n<p>\u2013 Dette vil bli behandla som vald mot tenestemann, seier Patel. FBI etterforskar saka.<\/p>\n<p>If\u00f8lge ordf\u00f8raren i Washington D.C. Muriel Bowser var skytinga m\u00e5lretta.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det vi veit er at dette er eit m\u00e5lretta angrep. \u00c9in person har tilsynelatande sikta seg inn p\u00e5 desse gardistane, seier Bowser. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Den personen er no p\u00e5gripen, seier ho vidare.<\/p>\n<p>AP skriv at den mistenkte skal ha blitt skoten.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To politibetjenter holder opp avsperringsb\u00e5nd p\u00e5 en gate. Bakgrunnen viser en utrykningsbil og en buss. Det er flere mennesker til stede, inkludert ansatte som jobber i omr\u00e5det. Tr\u00e6r med h\u00f8stfarger omgir scenen.\" title=\"Foto: DREW ANGERER \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ein person er p\u00e5gripen etter at to soldatar fr\u00e5 nasjonalgarden blei skotne og drepne. <\/p>\n<p>Foto: DREW ANGERER \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Bilete fr\u00e5 staden viser ein mann i uniform som f\u00e5r behandling i ein ambulanse.<\/p>\n<p>Det var ABC News og nyheitsbyr\u00e5et AP som melde om hendinga f\u00f8rst, p\u00e5 bakgrunn av ikkje namngjevne kjelder.<\/p>\n<p>Full forvirring<\/p>\n<p><strong>Det har vore stor forvirring rundt tilstanden til dei soldatane fr\u00e5 nasjonalgarden. <\/strong><\/p>\n<p>Like f\u00f8r klokka 22.00 sa guvern\u00f8ren i Vest-Virginia, Patrick Morrise at dei to soldatane var drepne.<\/p>\n<p>\u2013 Vi er i kontinuerleg kontakt med f\u00f8derale tenestemenn medan etterforskinga held fram, skriv Morrisey p\u00e5 <a href=\"https:\/\/x.com\/wvgovernor\/status\/1993782336056357214?s=20\" ec-id=\"https:\/\/x.com\/wvgovernor\/status\/1993782336056357214\" ec-name=\"X.\" rel=\"nofollow\">X.<\/a><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Flere personer, inkludert milit\u00e6re nasjonalvaktmedlemmer, st\u00e5r p\u00e5 en scene med sperringer. En gruppe mennesker i dress ser ut til \u00e5 diskutere med hverandre. I bakgrunnen st\u00e5r et hvitt kj\u00f8ret\u00f8y med bl\u00e5lys. Det er et politisk eller offentlig arrangement, med gule b\u00e5nd som markerer omr\u00e5det.\" title=\"Foto: Mark Schiefelbein \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p>Foto: Mark Schiefelbein \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>Om lag 20 minutt seinare skriv Morrisey ei ny melding p\u00e5 <a href=\"https:\/\/x.com\/wvgovernor\/status\/1993788043971502534\" ec-id=\"https:\/\/x.com\/wvgovernor\/status\/1993788043971502534\" ec-name=\"X\" rel=\"nofollow\">X<\/a> at han har f\u00e5tt motstridande meldingar om tilstanden til dei to soldatane.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi vil gje fleire oppdateringar n\u00e5r vi f\u00e5r meir informasjon, skriv han vidare. <\/strong><\/p>\n<p>Stenger Det kvite hus<\/p>\n<p>If\u00f8lge forsvarsministeren i USA, Pete Hegseth, ber Trump om at 500 ekstra soldatar skal bli sende til Washington D.C., som f\u00f8lge av skyteepisoden.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann i dress st\u00e5r foran en mikrofon. Han har p\u00e5 seg en skjorte med rutem\u00f8nster og en slips med amerikanske flagg. Bakgrunnen er n\u00f8ytral og utfyller innholdet i bildet. Mannen ser ut til \u00e5 v\u00e6re i en presentasjon eller tale.\" title=\"Foto: FELIX LEON \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Forsvarsministeren i USA, Pete Hegseth.<\/p>\n<p>Foto: FELIX LEON \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>I august blei over <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/enda-flere-soldater-fra-nasjonalgarden-til-washington-d.c.-1.17530864\" ec-id=\"pp:article:1.17530864\" ec-name=\"2000 soldatar fr\u00e5 nasjonalgarden sende til hovudstaden Washington.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">2000 soldatar fr\u00e5 nasjonalgarden sende til hovudstaden Washington.<\/a><\/p>\n<p>Utplasseringa av nasjonalgarden og Ice-agentar for \u00e5 p\u00e5gripe migrantar i fleire byar i USA har utl\u00f8yst store protestar, mellom anna i Washington.<\/p>\n<p>Det kvite hus, der presidenten bur og har kontoret sitt, er nedstengd som f\u00f8lge av hendinga, opplyser pressesekret\u00e6ren til presidenten Karoline Leavitt.<\/p>\n<p>Interessert i \u00e5 f\u00f8lge med p\u00e5 det som skjer i verda? H\u00f8yr utanriksredaksjonen sin podkast her: <\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>26.11.2025, kl. 21.54<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>27.11.2025, kl. 07.07<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Dette forferdelege angrepet var ei handling av vondskap, hat og terror, sa den amerikanske presidenten Donald Trump&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":97633,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-97791","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories","23":"tag-verden","24":"tag-world","25":"tag-world-news","26":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115620183088461500","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/97791","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=97791"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/97791\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/97633"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=97791"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=97791"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=97791"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}