{"id":98091,"date":"2025-11-27T12:25:10","date_gmt":"2025-11-27T12:25:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/98091\/"},"modified":"2025-11-27T12:25:10","modified_gmt":"2025-11-27T12:25:10","slug":"dette-kjem-vi-aldri-til-a-gloyme-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/98091\/","title":{"rendered":"\u2013 Dette kjem vi aldri til \u00e5 gl\u00f8yme \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Sj\u00f8lvsagt er han PAOK-supporter, drosjesj\u00e5f\u00f8ren som k\u00f8yrer meg gjennom Thessaloniki.<\/p>\n<p>Dei fleste i byen er det, seier han. Ja, truleg 70 prosent av alle i Nord-Hellas.<\/p>\n<p>Men kva synest han om eigaren vil eg vite? Han som <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/sport\/illsint-klubbpresident-stormet-banen-med-pistol-1.13957204\" ec-id=\"pp:article:1.13957204\" ec-name=\"storma banen med pistol etter at ein scoring vart annullert\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">storma banen med pistol etter at ein scoring vart annullert<\/a>?<\/p>\n<p>\u2013 Ein god mann. Han brukte jo ikkje pistolen. Og dessutan var det heilt p\u00e5 sin plass \u00e5 p\u00e5peike at AEK alltid f\u00e5r hjelp fr\u00e5 dommarane, meiner drosjesj\u00e5f\u00f8r Spyridon f\u00f8r han slepp meg av utanfor Toumba stadion.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ivan Savvidis \" title=\"Foto: Sakis Mitrolidis \/ AFP\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Savvidis er greskrussisk og har tidlegare sete i Dumaen i Russland. If\u00f8lgje The Guardian har forretningsmannen tette band til Vladimir Putin.<\/p>\n<p>Foto: Sakis Mitrolidis \/ AFP<\/p>\n<p>Gutedraumen<\/p>\n<p>Dette, ein sliten og nedtagga arena i Hellas nest st\u00f8rste by, er alts\u00e5 det Brann-trenar Freyr Alexandersson h\u00e5pa p\u00e5 d\u00e5 europaligamotstandarane skulle trekkast.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er ein gutedraum. Det vert ein kamp eg vonar spelarane aldri kjem til \u00e5 gl\u00f8yme. Det kjem i alle fall ikkje eg til \u00e5 gjere, sa islendingen p\u00e5 pressekonferansen f\u00f8r kampen.<\/p>\n<p>Det er ein heilt annan fotballkultur som ventar Brann i kveld. Ein som nok kan bli opplevd som heilt gresk, og for lidenskapelege bergensarar.<\/p>\n<p>PAOK sine supportarar er kjend for \u00e5 vise begeistring for eige lag med fyrverkeri og baluba. Misn\u00f8ye med motstandaren <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/sport\/paok-olympiakos-endte-i-kaos-1.11671976\" ec-id=\"pp:article:1.11671976\" ec-name=\"kan dei vise med roten fisk, eldsp\u00e5setting eller vald\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">kan dei vise med roten fisk, eldsp\u00e5setting eller vald<\/a>.<\/p>\n<p>Dei kan vere s\u00e5 fiendtlege mot motstandarlaget at Toumba har f\u00e5tt tilnamnet \u00abDet svarte helvete\u00bb.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har jo fatt litt trening i kva europeisk fotballkultur kan innebere etter kampar i mellom anna Bologna, seier kaptein Fredrik Pallesen Knudsen.<\/p>\n<p>\u2013 Men vi har h\u00f8yrd at det er noko heilt spesielt her. Vi gler oss.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"brann-trener p\u00e5 Toumba Stadion\" title=\"Foto: Oddgeir Berland \u00d8ystese \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Her trener Brann p\u00e5 Toumba stadion. Torsdag kveld ventar \u00abDet svarte helvete\u00bb.<\/p>\n<p>Foto: Oddgeir Berland \u00d8ystese \/ NRK<\/p>\n<p>Strenge tryggleikstiltak<\/p>\n<p>\u2013 Toumba er ein t\u00f8ff arena for motstandarane v\u00e5re. Brann kjem til \u00e5 f\u00e5 mykje press p\u00e5 seg, sa PAOK-forsvarar Giannis Michailidis til BA dagen f\u00f8r kamp.<\/p>\n<p>Det er venta kring 300 Brann-supportarar p\u00e5 kampen i Hellas nest st\u00f8rste by. Dei er tilr\u00e5dde av gresk politi om \u00e5 ikkje g\u00e5 rundt med raudt i byen.<\/p>\n<p>Fire timar f\u00f8r kamp skal dei slusast til stadion, med tung politibeskyttelse. Utan er det sannsynleg at bussane kan bli angripne, er beskjeden.<\/p>\n<p>PAOK sine supportarar gjer at alle kampar vert rekna som h\u00f8grisiko her.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"brann p\u00e5 podiet f\u00f8r pressekonferanse\" title=\"Foto: Oddgeir Berland \u00d8ystese \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Alle som f\u00f8lger fotball veit at dette er ein unik stadion som kan skape ein unik stemning, seier Freyr Alexandersson. <\/p>\n<p>Foto: Oddgeir Berland \u00d8ystese \/ NRK<\/p>\n<p>I 2012 braut det ut kampar mellom heimepublikum og supportarar fr\u00e5 Rapid Wien inne p\u00e5 Toumba.<\/p>\n<p>Slikt er vanleg n\u00e5r PAOK m\u00f8ter eit av storlaga i Hellas.<\/p>\n<p>Men drosjesj\u00e5f\u00f8r Spyridon meiner Brann-supporterane er trygge i Thessaloniki.<\/p>\n<p>\u2013 Jada, dette er ein heilt trygg by. Det kjem til \u00e5 g\u00e5 bra. S\u00e5 lenge dei ikkje gjer noko dumt.<\/p>\n<p>Freyr Alexandersson gler seg i alle fall til koket.<\/p>\n<p>\u2013 Alle som f\u00f8lger fotball veit at dette er ein unik stadion som kan skape ein unik stemning. Det vert vanskeleg, men det vert \u00abpisse sjovt\u00bb.<\/p>\n<p>F\u00f8r kampen 18.45 i kveld har b\u00e5de Brann og PAOK sju poeng i Europaligaen.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>27.11.2025, kl. 11.05<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Sj\u00f8lvsagt er han PAOK-supporter, drosjesj\u00e5f\u00f8ren som k\u00f8yrer meg gjennom Thessaloniki. Dei fleste i byen er det, seier han.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":98092,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-98091","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115621653779275000","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/98091","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=98091"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/98091\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/98092"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=98091"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=98091"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=98091"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}