{"id":98238,"date":"2025-11-27T15:03:08","date_gmt":"2025-11-27T15:03:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/98238\/"},"modified":"2025-11-27T15:03:08","modified_gmt":"2025-11-27T15:03:08","slug":"det-er-framleis-ikkje-noko-anger-nrk-trondelag-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/98238\/","title":{"rendered":"\u2013\u00a0Det er framleis ikkje noko anger \u2013 NRK Tr\u00f8ndelag \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Eg flirer jo litt av det han seier nokre gonger. Eg blir frustrert over m\u00e5ten han ser p\u00e5 det og at han ikkje ser realitetane.<\/p>\n<p>Det seier Trine Haug, ei av dei forn\u00e6rma, n\u00e5r ho h\u00f8yrer forklaringa til sin tidlegare fastlege i Frostating lagmannsrett.<\/p>\n<p>\u2013 Det var b\u00e5de godt og litt ekkelt. Alt p\u00e5 ein gong. Men det er greitt \u00e5 h\u00f8yre kva han seier, seier ho om forklaringa til Bye.<\/p>\n<p>Arne Bye er d\u00f8md for b\u00e5de valdtekt og misbrukt av stilling mot Haug.<\/p>\n<p><strong>\u2013 <\/strong><strong>Det er framleis ikkje noko anger. Han meiner framleis at det han har gjort er rett, seier Haug.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Trine Haug h\u00f8rer Arne Bye forklare seg i Frostating lagmannsrett i Frosta-saken.\" title=\"Foto: J\u00f8te Toftaker \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Trine Haug sit heime og f\u00f8lger Arne Bye si forklaring i lagmannsretten.<\/p>\n<p>Foto: J\u00f8te Toftaker \/ NRK<\/p>\n<p>Fleire av dei forn\u00e6rma f\u00f8lger saka digitalt heimanfr\u00e5, om lag 72 kilometer fr\u00e5 der Arne Bye igjen gjev si forklaring, no i Frostating lagmannsrett.<\/p>\n<p>\u2013 Det er viktig at me f\u00e5r h\u00f8yre det ordrett og sj\u00e5 han, sj\u00e5 uttrykka i ansiktet og kroppsspr\u00e5ket hans, seier Haug.<\/p>\n<p>    Frosta-saka<\/p>\n<ul aria-labelledby=\"aaaed5c6-5db8-4b40-82cb-3e9f4fd7c864\" role=\"list\">\n<li>Kvifor skal saka mot Arne Bye g\u00e5 for retten igjen?\n<p>Den 6. juni blei den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/trondelag\/dommen-mot-arne-bye-blir-lest-opp-i-trondelag-tingrett-i-steinkjer-1.17442021\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">d\u00f8mt til 21 \u00e5r i fengsel i Tr\u00f8ndelag tingrett.<\/a><br \/>\nHan blei funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for \u00e5 oppn\u00e5 seksuell omgang.<\/p>\n<p>Men s\u00e5 anka Arne Bye dommen, b\u00e5de straffeutm\u00e5linga og skuldsp\u00f8rsm\u00e5let. Han ville ha ei ny vurdering av om kvinnene var ute av stand til \u00e5 motsette seg det som skjedde p\u00e5 legekontoret.<\/p>\n<p>Frostating lagmannsrett avgjorde at Bye si anke over straffeutm\u00e5linga og anke over skuldsp\u00f8rsm\u00e5let for 18 tiltalepostar skal fremmast til ankeforhandling.<\/p>\n<p>Men s\u00e5 trakk Bye anken over skuldsp\u00f8rsm\u00e5let, men lagmannsretten skal framleis behandle Bye si anke over straffeutm\u00e5linga. <\/p>\n<p>Dermed er skuldsp\u00f8rsm\u00e5let rettskraftig avgjort, men lagmannsretten skal i ankeforhandlinga avgjere kva straff han skal d\u00f8mmast til for desse lovbrota.<\/p>\n<\/li>\n<li>Kva skal lagmannsretten behandle i ankesaka?\n<p>Frostating lagmannsrett skal behandle Arne Bye si anke over straffeutm\u00e5linga \u2013 alts\u00e5 kva straff Bye skal f\u00e5 for lovbrota han blei funnen skuldig i ved Tr\u00f8ndelag tingrett sin dom fr\u00e5 6. juni.<\/p>\n<p>I tingretten blei han funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for \u00e5 oppn\u00e5 seksuell omgang. Dette er med andre ord rettskraftig avgjort.<\/p>\n<\/li>\n<li>Kvifor har maksstraffa Arne Bye kan f\u00e5r blitt kortare?\n<p>N\u00e5r Frostating lagmannsrett no skal behandle Bye si anke over straffeutm\u00e5linga, gjer ei lovendring at han maksimalt kan d\u00f8mmast til 16 \u00e5r i fengsel.<\/p>\n<p>Den tidlegare kommuneoverlegen blei i Tr\u00f8ndelag tingrett mellom anna funnen skuldig i 38 brot av \u00a7 292 i straffelova.<\/p>\n<p>Paragrafen inneheldt bestemmingar knytt til valdtekt ved innf\u00f8ring av gjenstandar.<\/p>\n<p>Strafferamma for brot p\u00e5 denne lova var 15 \u00e5r. N\u00e5r ein blir d\u00f8mt for fleire brot, kan ein f\u00e5 seks \u00e5r ekstra straff.<\/p>\n<p>Dermed blei Arne Bye d\u00f8md til 21 \u00e5r fengsel i Tr\u00f8ndelag tingrett, den 6. juni 2025.<\/p>\n<p>D\u00e5 lovendringane som blir kalla \u00absamtykkelova\u00bb tr\u00e5dde i kraft 1. juli finst ikkje denne paragrafen lenger.<\/p>\n<p>I tillegg fjerna lovendringa minstestraffa p\u00e5 tre \u00e5r og \u00f8vre strafferamme p\u00e5 15 \u00e5r ved valdtekt til samleie.<\/p>\n<p>Dermed vil strafferamma for lovbrota Bye er d\u00f8md for vere 16 \u00e5r etter lovverket som er gjeldande i dag.<\/p>\n<p>Dersom han skal d\u00f8mmast til 21 \u00e5r i fengsel, m\u00e5 det bevisast at ei av valdtektene har vore grov.<\/p>\n<\/li>\n<li>Det har kome fleire nye saker mot Arne Bye. Kva skjer med dei?\n<p>Ankesaka som no g\u00e5r for retten p\u00e5verkar ikkje etterforskinga av dei nye sakene mot Arne Bye.<\/p>\n<p>Dette er to parallelle l\u00f8p: Sakene som g\u00e5r for retten og dei nye sakene som er under etterforsking.<\/p>\n<p>Den tidlegare kommuneoverlegen er sikta for 33 nye valdtektshandlingar overfor 16 forn\u00e6rma.<\/p>\n<p>Dette har vore under etterforsking sidan desember 2024 \u2013 parallelt med at saka mot Bye er under behandling i rettssystemet.<\/p>\n<p>Politiet har bekrefta at dei leiter etter manglande videomateriale i forbindelse med denne etterforskinga. <\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p><strong>Den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen er d\u00f8md for 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av sin stilling som lege for \u00e5 oppn\u00e5 seksuell omgang.<\/strong><\/p>\n<p>I ankesaka skal lagmannsretten avgjere kva straff Bye skal f\u00e5 for desse lovbrota, som han er d\u00f8md for.<\/p>\n<p>Ei lovendring gjer at han no kan f\u00e5 kortare straff:<\/p>\n<p>Bye: \u2013 H\u00f8gst uetisk og ikkje akseptabelt<\/p>\n<p>P\u00e5 dag to av tre i ankesaka i lagmannsretten forklarar Bye seg for retten.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg f\u00f8ler eg har bidratt og eg har f\u00f8lt ansvar for \u00e5 ta vare p\u00e5 befolkninga, seier Bye i retten.<\/strong><\/p>\n<p>Den tidlegare kommuneoverlegen seier han var redd for \u00e5 oversj\u00e5 noko i jobben som lege og at han ville vere ein garantist for folk si helse.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har bestandig sett p\u00e5 meg sj\u00f8lv som ein slags garantist for folk si helse, seier Bye.<\/p>\n<p>Men p\u00e5 grunn av frykta for \u00e5 oversj\u00e5 noko begynte han \u00e5 filme konsultasjonane p\u00e5 legekontoret. P\u00e5 det meste filma han med opptil tolv kamera samtidig.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er sj\u00f8lvsagt noko som er h\u00f8gst uetisk og ikkje akseptabelt.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Rettstegning av Arne Bye i lagmannsretten.\" title=\"Illustrasjon: Ane Hem \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Rettsteikning av Arne Bye i lagmannsretten torsdag.<\/p>\n<p>Illustrasjon: Ane Hem \/ NTB<\/p>\n<p>\u2013 Ekstremt smertefullt n\u00e5r eg ser den belastinga eg har medf\u00f8rt for veldig mange av dei forn\u00e6rma, legg Bye til.<\/p>\n<p>Haug som f\u00f8lger forklaringa fr\u00e5 Frosta, seier det var fint \u00e5 h\u00f8yre at Bye synest det er vondt \u00e5 sj\u00e5 smerta han har p\u00e5f\u00f8rt dei.<\/p>\n<p>\u2013 Det er godt \u00e5 h\u00f8yre, seier ho.<\/p>\n<p>Kva er valdtekt i denne saka?<\/p>\n<p>Den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta er d\u00f8md for 70 valdtekter og 81 tilfelle for \u00e5 ha misbrukt sin stilling for \u00e5 oppn\u00e5 seksuell omgang.<\/p>\n<p>I straffelova er det \u00e5 skaffe seg seksuell omgang med nokon som er ute av stand til \u00e5 motsette seg dette, definert som valdtekt.<\/p>\n<p>Den tidlegare kommuneoverlegen er d\u00f8md for \u00e5 ha f\u00f8rt fingre og gjenstandar inn i skjeden og\/eller endetarmsopninga p\u00e5 kvinnene.<\/p>\n<p>Gjenstandane var mellom anna ein deodorant, plastflaske og delar av ein astmainhalator.<\/p>\n<p>Bye er ogs\u00e5 d\u00f8md for \u00e5 ha \u00abr\u00f8rt klitoris p\u00e5 ein masturbasjonsliknande m\u00e5te\u00bb.<\/p>\n<p>Dette har skjedd i forbindelse med medisinske unders\u00f8kingar der kvinnene sat i ein gynekologstol. Dei skal ikkje ha hatt oversikt over kva legen gjorde og var ute av stand til \u00e5 motsette seg handlingane.<\/p>\n<p><strong>I forklaringa si seier Bye ogs\u00e5 at unders\u00f8kingane han gjorde og utstyret han brukte var velgrunna.<\/strong><\/p>\n<p>Han brukte mellom anna delar av ein astmainhalator p\u00e5 gynekologiske unders\u00f8kingar.<\/p>\n<p>\u2013 Eg skal ikkje g\u00e5 s\u00e5 mykje inn p\u00e5 det, men eg f\u00f8lte det var eigna. Men dei sakkunnige var av ein annan oppfatning, kommenterer Bye.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bilde viser et brett med flere objekter innpakket i plastposer. Blant objektene er ulike former som en rosa h\u00f8yttaler og flere r\u00f8r i metall og plast. Omgivelsene er en lys rom med trepaneler. Det er ingen personer synlige i bildet.\" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det alternative utstyret Bye brukte under gynekologiske unders\u00f8kingar blei lagt fram i lagmannsretten. P\u00e5 brettet ligg det mellom anna ein deodorant, ei plastflaske og delar av ein astmainhalator.<\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 F\u00f8ler du deg eigentleg, rett og slett, uskuldig d\u00f8md?<\/p>\n<p>Etter Bye si frie forklaring fekk han fleire sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 b\u00e5de eigne forsvararar, aktor og bistandsadvokaten.<\/p>\n<p>\u2013 Ser du p\u00e5 det som overgrep? sp\u00f8r aktor Eli Reberg Nessimo.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg vil ikkje kommentere det med overgrep. Eg synest det er eit forferdeleg ord, svarar Bye.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer i dommerkl\u00e6r sitter i en rettssal. Den ene personen har langt h\u00e5r og b\u00e6rer \u00f8redobber. Den andre personen er kledd i hvitt og m\u00f8rkt. Omgivelsene har en trepanelvegg og synlige elektroniske enheter.\" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Statsadvokat Eli Reberg Nessimo og statsadvokat Rikhard Haugen Lyng.<\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Tenker du p\u00e5 pasientane dine? Er du bekymra for korleis det g\u00e5r med dei? sp\u00f8r Nessimo.<\/p>\n<p>\u2013 Ja, det kan eg trygt seie at eg er, svarar Bye.<\/p>\n<p>Lagdommar Sven-J\u00f8rgen Lindsetmo tok ordet, lente seg fram og sette blikket i Bye, og stilte den tidlegare kommuneoverlegen fleire sp\u00f8rsm\u00e5l.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Lagdommern Sven-J\u00f8rgen Lindsetmo og rettspsykiatrisk sakkyndig K\u00e5re Nonstad\" title=\"Foto: Kim Nyg\u00e5rd \/ Adresseavisen\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Lagdommar Sven-J\u00f8rgen Lindsetmo stiller Bye sp\u00f8rsm\u00e5l i retten. Framfor han sit rettspsykiatrisk sakkunnig K\u00e5re Nonstad<\/p>\n<p>Foto: Kim Nyg\u00e5rd \/ Adresseavisen<\/p>\n<p><strong>\u2013 F\u00f8ler du deg eigentleg, rett og slett, uskyldig d\u00f8mt? sp\u00f8r lagdommaren. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Nei p\u00e5 ingen som helst m\u00e5te, svarar Bye.<\/p>\n<p>Lindsetmo sp\u00f8r vidare kva Bye tenker om tingrettsdommen p\u00e5 21 \u00e5r i fengsel.<\/p>\n<p>Bye gjentar at motivasjonen hans som lege har vore \u00e5 bidra til folk si gode helse og tryggleik.<\/p>\n<p>\u2013 Og d\u00e5 synest eg 21 \u00e5r er sv\u00e6rt lenge, kommenterer Bye.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Rettsal med flere personer, inkludert advokater og dommere, som deltar i en rettsh\u00f8ring. Det er dataskjermer og drikkevarer p\u00e5 bordene. M\u00f8bleringen er laget av tre, og rommet har en formell atmosf\u00e6re. \" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Han synest litt synd p\u00e5 seg sj\u00f8lv<\/p>\n<p>Samstundes som ankesaka g\u00e5r for retten, er forn\u00e6rma Randi Vinge p\u00e5 dugnad i idrettshallen, i Frosta kommune.<\/p>\n<p>Ho h\u00f8yrer p\u00e5 medan hennar tidlegare fastlege forklarar seg p\u00e5 nytt.<\/p>\n<p>\u2013 Eg f\u00f8ler at han synest litt synd p\u00e5 seg sj\u00f8lv. At det er synd p\u00e5 han som har sete i fengsel s\u00e5 lenge.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Randi Vinge-Granmo st\u00e5r med en gul rengj\u00f8ringsmaskin i en sportshall. Personen har p\u00e5 seg en svart genser og holder maskinens h\u00e5ndtak. Bakgrunnen viser en stor hall med et h\u00e5ndballm\u00e5l og reklameplakater p\u00e5 veggene. Det er ikke synlig aktivitet eller andre personer i bildet.\" title=\"Foto: J\u00f8te Toftaker \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Randi Vinge seier det blir godt \u00e5 sette eit punktum for denne delen av saka mot Arne Bye.<\/p>\n<p>Foto: J\u00f8te Toftaker \/ NRK<\/p>\n<p>Bye er d\u00f8md for valdtekt mot Vinge, men frifunnen for misbruk av stilling for \u00e5 oppn\u00e5 seksuell omgang mot ho.<\/p>\n<p>\u2013 Han seier jo at han har hatt god tid til \u00e5 tenke og at han lurer p\u00e5 kva han eigentleg har halde p\u00e5 med. S\u00e5 det var veldig merkeleg, samanlikna med korleis han oppf\u00f8rte seg i tingretten, legg Vinge til.<\/p>\n<p>\u2013 Synest du han verkar som ein angrande syndar?<\/p>\n<p>\u2013 Nei, ikkje angrande. Han vil rettferdiggjere at han er s\u00e5 grundig og han meiner at det er tvang som f\u00f8rer til dei handlingane, svarar Vinge.<\/p>\n<p>\u2013 Korleis hamna eg i denne situasjonen?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Korleis har eg hamna i denne situasjonen? sp\u00f8r Bye seg sj\u00f8lv i retten.<\/strong><\/p>\n<p>Deretter g\u00e5r han inn p\u00e5 det han ser p\u00e5 som tvangsliknande trekk hos seg sj\u00f8lv, for \u00e5 gje ei forklaring p\u00e5 dette.<\/p>\n<p>\u2013 Eg ser jo det at min tvangsprega tendens til \u00e5 gjenta ting og gjere ting un\u00f8dvendig grundig, inklusiv filminga, har vore eit kjempeproblem.<\/p>\n<p>I tingretten diagnostiserte dei rettspsykiatrisk sakkunnige Arne Bye <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/trondelag\/sakkunnige-om-frosta-legen__-har-tvangsprega-personlegdomsforstyrring-1.17117607\" ec-id=\"pp:article:1.17117607\" ec-name=\"tentativt med tvangsprega personlegdomsforstyrring\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">tentativt med tvangsprega personlegdomsforstyrring<\/a>.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Rettspsykiatrisk sakkyndig, K\u00e5re Nonstad.\" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Rettspsykiatrisk sakkunnig i saka er psykologspesialist K\u00e5re Nonstad.<\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p>Dette meiner psykologspesialist K\u00e5re Nonstad er tydelegare etter \u00e5 ha h\u00f8yrd Bye si forklaring i lagmannsretten.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Personlegdomsforstyrringa er klarare no enn ho var i februar 2024, seier han i lagmannsretten.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Han s\u00f8ker perfeksjonisme, er oppteken av kontroll for \u00e5 unng\u00e5 angst og verkar noko pedantisk i forklaringar og rettferdiggjering, legg Nonstad til.<\/p>\n<p>    Hei!<\/p>\n<p>Er du eller nokon du kjenner p\u00e5verka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie \u00e5 fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven eg burde snakke med?<\/p>\n<p>D\u00e5 vil eg veldig gjerne h\u00f8yre fr\u00e5 deg!<\/p>\n<p>All informasjon blir behandla konfidensielt.\u00a0<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>27.11.2025, kl. 15.07<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>27.11.2025, kl. 15.36<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Eg flirer jo litt av det han seier nokre gonger. Eg blir frustrert over m\u00e5ten han ser&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":98239,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-98238","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115622274865768660","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/98238","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=98238"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/98238\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/98239"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=98238"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=98238"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=98238"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}