{"id":98479,"date":"2025-11-27T20:23:08","date_gmt":"2025-11-27T20:23:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/98479\/"},"modified":"2025-11-27T20:23:08","modified_gmt":"2025-11-27T20:23:08","slug":"brann-straffe-og-redda-poenget-i-det-svarte-helvete-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/98479\/","title":{"rendered":"Brann straffe \u2013 og redda poenget, i &laquo;Det svarte helvete&raquo; \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Brann-trenar Freyr Alexandersson uttalte f\u00f8r kampen mot PAOK i kveld at han aldri kom til \u00e5 gl\u00f8yme kampen.<\/p>\n<p>Og det gjer nok heller ikkje Emil Kornvig, som fekk oppleve fotballen sine l\u00e5ge daler og h\u00f8ge toppar i kveld.<\/p>\n<p>Kornvig brann straffe &#8230;<\/p>\n<p>Det f\u00f8rste kvarteret fekk Brann ta mykje plass p\u00e5 den illgjetne bortebanen i Thessaloniki.<\/p>\n<p><strong>Og etter eit kvarter fekk dei alle tiders sjanse til \u00e5 ta leiinga.<\/strong><\/p>\n<p>Berre fire minutt etter at Jacob Lungi S\u00f8rensen skaffa seg eit vanskeleg utgangspunkt for nitti minutts spel d\u00e5 han tok tak i brasilianske Taison og skaffa seg det gule kortet, var han p\u00e5 farleg tokt i PAOK-boksen.<\/p>\n<p><strong>Der blei han felt, og dommaren peikte p\u00e5 straffemerket.<\/strong><\/p>\n<p>Derifr\u00e5 sette Emil Kornvig ballen l\u00e5gt til venstre, ein man\u00f8ver som ikkje lurte tsjekkiske Jir\u00ed Pavlenka i PAOK-buret.<\/p>\n<p>Den brente straffa s\u00e5g ut til \u00e5 vekke PAOK, som fekk ete seg stadig meir inn i kampen.<\/p>\n<p>Ved eit par anledningar fekk dei testa dagsforma til Mathias Dyngeland, som klarte \u00e5 halde buret reint til pause.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En spiller i r\u00f8d drakt forbereder seg p\u00e5 \u00e5 ta et straffespark i en fotballkamp. Motstandere i svarte og hvite drakter st\u00e5r i bakgrunnen. Publikum i stadion er synlig, men ansiktene er uskarpe. Stemningen er spent f\u00f8r straffesparket.\" title=\"Foto: Giannis Papanikos \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p>Foto: Giannis Papanikos \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>&#8230; og snudde det p\u00e5 tampen<\/p>\n<p>Heimepublikummet i Thessalonoki kan ikkje anklagast for \u00e5 vere lydlause.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 Taiko fann ein ledig veg inn til Luka Ivanusec i Brann sin boks blei det verkeleg lyd p\u00e5 Toumba Stadium.<\/p>\n<p><strong>Dyngeland gjorde seg lang i lufta, men klarte ikkje n\u00e5 skotet som Ivanusec prikka inn i motsett hj\u00f8rne.<\/strong><\/p>\n<p>Etter det blei det mykje PAOK utanfor Brann-boksen.<\/p>\n<p><strong>Men heilt h\u00e5plaust blei det aldri for Brann.<\/strong><\/p>\n<p>Dei siste ti minutta fekk dei raudkledde sendt inn fleire farlege innlegg framfor PAOK-boksen.<\/p>\n<p><strong>Og eitt minutt f\u00f8r ordin\u00e6r slutt-tid enda eit hj\u00f8rnespark fr\u00e5 Joachim Soltvedt p\u00e5 brystkassa til Kornvig og inn i PAOK-m\u00e5let.<\/strong><\/p>\n<p>Brann klarte ikkje \u00e5 f\u00e5 pirka inn end\u00e5 eit m\u00e5l bak eit PAOK-lag som s\u00e5g slite ut, og kampen enda uavgjort.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To spillere i svarte og r\u00f8de drakter kjemper om ballen p\u00e5 fotballbanen. Den ene spilleren, if\u00f8rt svart og hvit drakt, pr\u00f8ver \u00e5 drible forbi motstanderne. Det er tilskuere i bakgrunnen, og kampen ser ut til \u00e5 v\u00e6re intenst. Gresset p\u00e5 banen er gr\u00f8nt og godt ivaretatt.\" title=\"Foto: Alexandros Avramidis \/ Reuters \/ NTB\"\/><\/p>\n<p>Foto: Alexandros Avramidis \/ Reuters \/ NTB<\/p>\n<p>\u2013 \u00abPisse sjovt\u00bb<\/p>\n<p>Brann-trenaren var klar p\u00e5 at det kom til \u00e5 bli ein vanskeleg kamp.<\/p>\n<p>Mykje takka vere heimebana, som offisielt heiter PAOK si heimebane Toumba.<\/p>\n<p><strong>Supporterane si fiendtlege innstilling til bes\u00f8kande lag har gitt bana det klingande kallenamnet \u00abDet svarte helvetet\u00bb.<\/strong><\/p>\n<p>Likevel kalla Brann-trenaren det ein gutedram \u00e5 spele akkurat der.<\/p>\n<p>\u2013 Alle som f\u00f8lger fotball veit at dette er ein unik stadion som kan skape ein unik stemning. Det vert vanskeleg, men det vert \u00abpisse sjovt\u00bb., sa islendingen p\u00e5 pressekonferansen f\u00f8r kampen.<\/p>\n<p>Neste \u00e5rs Europa-sjansar avgjort p\u00e5 s\u00f8ndag<\/p>\n<p>Heime i Noreg ventar ein avgjerande siste serierunde p\u00e5 s\u00f8ndag.<\/p>\n<p>Den er avgjerande for om bronsen g\u00e5r til Troms\u00f8 eller Bergen, og dermed kven som f\u00e5r sjansen til \u00e5 kvalifisere seg til neste \u00e5rs Europaliga.<\/p>\n<p>Dersom TIL ikkje avgjer poeng mot Kristiansund g\u00e5r bronsen nordover, uansett om Brann skulle vinne over HamKam.<\/p>\n<p><strong>I s\u00e5 fall mister Brann til sjansen til \u00e5 gjenta \u00e5rets eventyr i Europaligaen. Likevel kan Brann-fansen f\u00e5 reise til kontinentet \u00f2g neste \u00e5r.<\/strong><\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om bronsen skulle gleppe er dei uansett sikra fjerdeplassen, og dermed sjansen til \u00e5 kvalifisere seg til serieligacupen, eitt niv\u00e5 ned fr\u00e5 Europaligaen.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>27.11.2025, kl. 20.42<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>27.11.2025, kl. 21.05<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Brann-trenar Freyr Alexandersson uttalte f\u00f8r kampen mot PAOK i kveld at han aldri kom til \u00e5 gl\u00f8yme kampen.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":98480,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-98479","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115623533195946871","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/98479","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=98479"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/98479\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/98480"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=98479"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=98479"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=98479"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}