{"id":98519,"date":"2025-11-27T21:06:10","date_gmt":"2025-11-27T21:06:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/98519\/"},"modified":"2025-11-27T21:06:10","modified_gmt":"2025-11-27T21:06:10","slug":"ingen-tilfelle-av-livmorhalskreft-hos-nordnorske-kvinner-under-30-dei-siste-to-ara-nrk-troms-og-finnmark","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/98519\/","title":{"rendered":"Ingen tilfelle av livmorhalskreft hos nordnorske kvinner under 30 dei siste to \u00e5ra \u2013 NRK Troms og Finnmark"},"content":{"rendered":"<p>Eit lite stikk i arma p\u00e5 ein sjuandeklassing.<\/p>\n<p><strong>Det er alt som skal til for at livmorhalskreft om nokre \u00e5r kan vere historie.<\/strong><\/p>\n<p>Allereie no ser forskarane glade tal: Dei to siste \u00e5ra har ingen kvinner under 30 \u00e5r f\u00e5tt p\u00e5vist livmorhalskreft i Nordland, Troms og Finnmark.<\/p>\n<p>I overkant av 300 kvinner f\u00e5r livmorhalskreft \u00e5rleg og over 70 d\u00f8r kvart \u00e5r, if\u00f8lgje <a href=\"https:\/\/tidsskriftet.no\/2025\/03\/invitert-kommentar\/livmorhalskreft-pa-vei-mot-utryddelse\" ec-id=\"https:\/\/tidsskriftet.no\/2025\/03\/invitert-kommentar\/livmorhalskreft-pa-vei-mot-utryddelse\" ec-name=\"Tidsskrift for Den norske legeforening\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Tidsskrift for Den norske legeforening<\/a>.<\/p>\n<p><strong>I 2024 var det 269 registrerte tilfelle, som er det l\u00e5gaste nokon gong.<\/strong><\/p>\n<p>Tilfella er f\u00e6rre og f\u00e6rre, noko som blir knytt til vaksineringa av aldersgruppa.<\/p>\n<p><strong>No kan legane sj\u00e5 verkeleg gledelege nyheiter p\u00e5 omr\u00e5det: Tilfella av kreft i ung alder g\u00e5r ned.<\/strong><\/p>\n<p>Ser fram til 2038<\/p>\n<p>\u2013 Det er veldig bra. Det er heilt fantastiske resultat.<\/p>\n<p>Kontoret til Sveinung S\u00f8rbye ligg langt inni ein labyrint p\u00e5 Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) i Troms\u00f8. Sidan starten av 2000-talet har han jobba mykje med livmorhalskreft.<\/p>\n<p>Veggen av flytteesker fylt med testresultat fortel om ein mann som er ekstra engasjert i sitt fagfelt.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Flytteesker med HPV-tester\" title=\"Foto: H\u00e5kon Iversen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kasse p\u00e5 kasse med pr\u00f8ver ein kan kome til \u00e5 f\u00e5 bruk for.<\/p>\n<p>Foto: H\u00e5kon Iversen \/ NRK<\/p>\n<p>Overlegen er reikna som ein av dei fremste ekspertane i Noreg p\u00e5 HPV.<\/p>\n<p>HPV er namnet p\u00e5 ein gruppe virus som i stor grad smittar gjennom seksuell aktivitet. Ein kan da f\u00e5 ein HPV-infeksjon, som ein ikkje merker. Det kan g\u00e5 over av seg sj\u00f8lv.<\/p>\n<p><strong>Men hos nokre kan det utvikle seg vidare til kreft. Hos kvinner oppst\u00e5r dette som livmorhalskreft. Det kan ogs\u00e5 bli kreft i skjede, ytre kj\u00f8nnsorgan, anus, munn og hals. Hos menn kan det bli til kreft i penis, anus, munn og hals.<\/strong><\/p>\n<p>B\u00e5de jenter og gutar f\u00e5r derfor tilbod om HPV-vaksine i sjuandeklasse. Da rekk dei \u00e5 f\u00e5 den f\u00f8r dei er seksuelt aktive, og dermed kan smitta stoppast.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann sitter ved et skrivebord med to dataskjermer foran seg. Scenen viser en arbeidsplass med dokumenter og notater p\u00e5 veggen. Mannen gestikulerer med h\u00e5nden mens han ser mot kameraet. Utsikten gjennom vinduet viser en moderne bygning i bakgrunnen.\" title=\"Foto: H\u00e5kon Iversen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sidan starten av 2000-talet har Sveinung Wergeland S\u00f8rbye vore ein av dei som har jobba mest med HPV i Noreg.<\/p>\n<p>Foto: H\u00e5kon Iversen \/ NRK<\/p>\n<p>Avgjerande kvalitetssikring<\/p>\n<p>\u2013 Gamechangeren har vore HPV-vaksinen. N\u00e5r ein startar screening p\u00e5 25-\u00e5rsalder, kan du ikkje f\u00f8rebyggje det ho har f\u00e5tt f\u00f8r 25-\u00e5rsalder, seier S\u00f8rbye og forklarar:<\/p>\n<p>\u2013 F\u00e5r du vaksine f\u00f8r seksuell debut, s\u00e5 hindrar du viruset som lagar celleforandring og kreft i \u00e5 infisere kvinna. Da f\u00e5r vi slike resultat, og det er veldig bra.<\/p>\n<p>Held denne positive trenden fram, vil det ikkje vere lenge til ein ser 100 tilfelle kvart \u00e5r, mot rundt 300 i dag, meiner overlegen.<\/p>\n<p>Sidan 2016 har han og kollegaer p\u00e5 UNN gjort ei kvalitetssikring av normale cellepr\u00f8ver. Dette kallast HPV mRNA-test.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann ser inn i et mikroskop\" title=\"Foto: H\u00e5kon Iversen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sveinung Wergeland S\u00f8rbye er overlege p\u00e5 patologisk avdeling p\u00e5 Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN). Han gleder seg over utviklinga han ser.<\/p>\n<p>Foto: H\u00e5kon Iversen \/ NRK<\/p>\n<p>NRK har <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/viten\/sykehuset-tok-en-ekstra-sjekk-av-tonjes-normal-celleprove-_-fant-livmorhalskreft-1.15181152\" ec-id=\"pp:article:1.15181152\" ec-name=\"tidlegare omtala\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">tidlegare omtala<\/a> korleis dette har f\u00f8rt til at kreft har blitt avdekka hos pasientar som har f\u00e5tt beskjed om at alt var normalt.<\/p>\n<p>Denne kvalitetssikringa er blant \u00e5rsaka til at talet p\u00e5 nordnorske kvinner som utviklar livmorhalskreft g\u00e5r ned.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur det handlar om god deltaking i screening, tidleg vaksinering og at vi har brukt HPV mRNA-test som kvalitetssikring i mange \u00e5r. Det har gjort at forstadium til kreft blir oppdaga f\u00f8r dei utviklar seg vidare, forklarar S\u00f8rbye.<\/p>\n<p>Verdas helseorganisasjon har eit m\u00e5l om at det skal vere 4 tilfelle per 100.000 kvinne kvart \u00e5r. Kjem ein dit, vil ikkje livmorhalskreft vere reikna som eit folkehelseproblem i Noreg, fortel S\u00f8rbye.<\/p>\n<p>\u2013 Kor mange \u00e5r er det til ein er der, da?<\/p>\n<p>\u2013 2038, svarer forskaren kontant, og legg kjapt til:<\/p>\n<p>\u2013 Det er nokre \u00e5r igjen. S\u00e5 eg blir ikkje arbeidsledig med det f\u00f8rste.<\/p>\n<p>\u2013 Veldig bra<\/p>\n<p>Ein godt sn\u00f8ballkast unna den jublande overlegen p\u00e5 UNN, sit Helena Andersen og Aristea Dudi. Dei les til kvar sin eksamen ved UiT Norges arktiske universitet.<\/p>\n<p>\u2013 Eg tenker at det er veldig bra og at det har kome inn i vaksinasjonsprogrammet, og at det viser seg \u00e5 ha s\u00e5 god beskytting.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person med kort h\u00e5r sitter i et rom med store vinduer. Utenfor vinduene er sn\u00f8dekt landskap. Personen har p\u00e5 seg en m\u00f8rk genser med teksten &quot;Ride&quot;. Omgivelsene gir en rolig stemning, passende for en innend\u00f8rs setting.\" title=\"Foto: H\u00e5kon Iversen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Helena Andersen studerer farmasi, og er glad for \u00e5 h\u00f8yre om nyheita fr\u00e5 sjukehuset eit sn\u00f8ballkast unna.<\/p>\n<p>Foto: H\u00e5kon Iversen \/ NRK<\/p>\n<p>Helena studerer til \u00e5 bli farmas\u00f8yt, og har nyleg hatt forelesing om nettopp HPV-vaksinen. Ho synest det er fint \u00e5 sj\u00e5 resultata:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg blir glad p\u00e5 forskinga sine vegne, men ogs\u00e5 for dei som f\u00e5r vaksinen, at den har s\u00e5 god effekt. Eg er veldig glad for at alle f\u00e5r den.<\/strong><\/p>\n<p>Aristea har, i likskap med Helena, tatt HPV-vaksinen som del av barnevaksinasjonsprogrammet.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person med blondt h\u00e5r sitter og ser mot kameraet. Personen har p\u00e5 seg en lys hettegenser med et grafisk trykk. Det er et vindu i bakgrunnen med sn\u00f8dekte tr\u00e6r og bygninger synlige. En mikrofon er synlig i n\u00e6rheten, som antyder en intervjusituasjon.\" title=\"Foto: H\u00e5kon Iversen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Aristea Dudi synest det er fint \u00e5 vite at HPV-vaksinen har s\u00e5 god effekt.<\/p>\n<p>Foto: H\u00e5kon Iversen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Det er veldig bra, seier barnehagel\u00e6rar-studenten om nyheita om ingen tilfelle av livmorhalskreft i aldersgruppa dei to tilh\u00f8yrer.<\/p>\n<p>\u2013 Er du glad for at du har vaksinert deg?<\/p>\n<p>\u2013 Ja, definitivt.<\/p>\n<p>\u2013 Den aller beste kreften er den du ikkje f\u00e5r<\/p>\n<p>\u2013 Det gir meg g\u00e5sehud.<\/p>\n<p>Brage Larsen Sollund jobbar med kreft dagen lang. Han er regionleiar for Kreftforeningen i Nord-Norge. For han er dette ein rein gladnyheit.<\/p>\n<p>\u2013 Det er fantastisk, det er draumen v\u00e5r. No ser vi resultata av \u00e5 gje vaksine.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann st\u00e5r foran en skrivebord i et moderne kontormilj\u00f8. Han har p\u00e5 seg en bl\u00e5 genser med en detaljert skjorte under. I bakgrunnen er det datamaskiner og en gr\u00f8nn stol synlig. Kontoret har et lyst og \u00e5pent design med trehyller fylt med magasiner.\" title=\"Foto: Sigrid Agnethe Hansen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Regionleiar i Kreftforeningen i Nord-Norge, Brage Larsen Sollund, har all grunn til \u00e5 glise.<\/p>\n<p>Foto: Sigrid Agnethe Hansen \/ NRK<\/p>\n<p>Han meiner b\u00e5de forskarar og politikarar skal ha ein takk for at ein har kome s\u00e5 langt:<\/p>\n<p>\u2013 Wow, det er dette vi dr\u00f8ymer om. Vi dr\u00f8ymer om eit liv utan kreft. Og s\u00e5 ser vi at ei vaksine kan ha s\u00e5 positiv effekt at ingen kvinner i Nord-Noreg har f\u00e5tt p\u00e5vist dette, av dei yngste som har vore gjennom vaksinasjonsprogrammet.<\/p>\n<p>Regionleiaren h\u00e5par at s\u00e5 mange som mogleg takkar ja til vaksinen i sjuandeklasse. Han har ein enkel oppfordring til sist:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Den aller beste kreften er den du ikkje f\u00e5r. Det funkar, det nyttar, slutt opp om dei fantastiske programma vi har.<\/strong><\/p>\n<p>    Hei!<\/p>\n<p>Har du tankar om saka du las no, eller tips til heilt andre ting eg burde skrive om?<\/p>\n<p>I haust har eg fortalt historia om Karl Edvart Dahl, som overlevde <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/tromsogfinnmark\/xl\/her-ligg-ein-av-11-norske-titanic-overlevande-1.17629926\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Titanic-ulykka<\/a> og som ligg gravlagd i Troms\u00f8.<\/p>\n<p>F\u00f8r det skreiv eg om Lillian, som ikkje vil slutte \u00e5 jobbe. Den saka finn du <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/tromsogfinnmark\/regjeringa-vil-ha-fleire-eldre-i-arbeidslivet-1.17568163\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">her<\/a>.<\/p>\n<p>Eg har ogs\u00e5 skrive om korfor det skeive milj\u00f8et blei ekstra glad for den nye biskopen i Nord-H\u00e5logaland. Det kan du lese om <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/tromsogfinnmark\/pride-presten-stig-laegdene-fekk-ein-uvanleg-veg-til-biskopsetet-i-nord-halogaland-1.17577358\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">her<\/a>.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>27.11.2025, kl. 20.40<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Eit lite stikk i arma p\u00e5 ein sjuandeklassing. Det er alt som skal til for at livmorhalskreft om&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":98520,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-98519","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115623702306450888","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/98519","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=98519"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/98519\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/98520"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=98519"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=98519"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=98519"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}