{"id":98768,"date":"2025-11-28T07:04:09","date_gmt":"2025-11-28T07:04:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/98768\/"},"modified":"2025-11-28T07:04:09","modified_gmt":"2025-11-28T07:04:09","slug":"slike-ting-skjer-kvar-einaste-dag-nrk-urix-utenriksnyheter-og-dokumentarer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/98768\/","title":{"rendered":"\u2013 Slike ting skjer kvar einaste dag \u2013 NRK Urix \u2013 Utenriksnyheter og -dokumentarer"},"content":{"rendered":"<p>\u00abDei drap dei. Det er ingen gud utanom Allah\u00bb, h\u00f8yrer ein stemmer seier i bakgrunnen i videoen.<\/p>\n<p>Tungt v\u00e6pna israelske soldatar st\u00e5r utanfor ein bygning i Jenin p\u00e5 den okkuperte Vestbreidda. Ei gravemaskin held porten til bygningen open. Ut kjem to palestinske menn.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Soldater i kamputstyr er i aksjon utenfor en bygning. En av soldatene peker mot en mann som sitter p\u00e5 bakken. En kj\u00f8ret\u00f8y er parkert i n\u00e6rheten, og det er synlig rusk rundt omr\u00e5det. Hendelsen ser ut til \u00e5 v\u00e6re en milit\u00e6r operasjon.\" title=\"Foto: NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Med henda i v\u00earet skal dei to palestinarane ha signalisert at dei overgjev seg. <\/p>\n<p>Foto: NTB<\/p>\n<p>Dei har hendene i v\u00earet og dreg opp T-skjortene, som om dei overgjev seg.<\/p>\n<p>S\u00e5 skyt soldatane og palestinarane fell om. Begge d\u00f8yr p\u00e5 staden.<\/p>\n<p>Startar gransking<\/p>\n<p>Det israelske milit\u00e6ret meiner hendinga var del av ei etterforsking.<\/p>\n<p>Det blei f\u00f8rst publisert av den egyptiske TV-kanalen Al-raid. Etter at fleire medium har delt videoen, seier Israel at dei vil granske hendinga.<\/p>\n<p>\u2013 Hendinga blir granska av befalshavarane p\u00e5 bakken og skal overf\u00f8rast til dei relevante profesjonelle etatane, heiter det i ei fr\u00e5segn fr\u00e5 politiet og milit\u00e6ret IDF.<\/p>\n<p>Men dette trur ikkje generalsekret\u00e6r i Norsk Folkehjelp Raymond Johansen kjem til \u00e5 f\u00e5 noko reelle rettslege konsekvensar.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Slik som med alle andre granskingar kjem det ikkje til \u00e5 skje noko verdas ting, seier Johansen.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Byr\u00e5dsleder Raymond Johansen intervjuet direkte i NRK Dagsrevyen i forbindelse med skyting og drap p\u00e5 Gr\u00f8nland i Oslo\" title=\"Foto: Tom Balgaard\/NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Generalsekret\u00e6r i Norsk Folkehjelp Raymond Johansen har ikkje tru p\u00e5 at Israel si gransking kjem til \u00e5 f\u00f8re nokon stad. <\/p>\n<p>Foto: Tom Balgaard\/NRK<\/p>\n<p>Han peikar p\u00e5 fleire andre liknande hendingar der Israel har brukt gransking som ein m\u00e5te \u00e5 vise at dei ser p\u00e5 saka, utan at det f\u00e5r noko effekt.<\/p>\n<p>Det israelske milit\u00e6ret hevdar palestinarane tilh\u00f8yrde ein terrororganisasjon i byen og tidlegare hadde kasta eksplosiv og skote mot israelske styrkar.<\/p>\n<p>Ei kjelde i grensepolitiet blir sitert av Haaretz p\u00e5 at ein av palestinarane \u00abpr\u00f8vde \u00e5 komme seg opp og gjorde ei mistenkeleg r\u00f8rsle\u00bb, og at dei derfor bestemte seg for \u00e5 skyte.<\/p>\n<p>Vekker reaksjonar<\/p>\n<p>Videoen har spreitt seg gjennom fleire redaksjonelle medium og i sosiale medium.<\/p>\n<p>Johansen er rysta over videoen, men st\u00e5r fast ved at hendinga er langt fr\u00e5 unik.<\/p>\n<p>\u2013 Slike ting skjer kvar einaste dag, seier Johansen.<\/p>\n<p>Israel har okkupert dette omr\u00e5det sidan 1967. Fleire menneskerettsorganisasjonar har peika p\u00e5 israelske menneskerettsbrot mot palestinarar heilt sidan den gong.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ogs\u00e5 born blir drepne utan at det for rettslege konsekvensar. Det er rettsfridom for desse for gjer slike grove overtramp. Det reagerer eg sterkt p\u00e5, seier Johansen. <\/strong><\/p>\n<p>Den tidlegare israelske statsministeren Ehud Olmert seier ogs\u00e5 at det skjer liknande hendingar kvar dag p\u00e5 den okkuperte Vestbreidda. Det seier han til <a href=\"https:\/\/x.com\/amanpour\/status\/1994117961523540164?s=20\" ec-id=\"https:\/\/x.com\/amanpour\/status\/1994117961523540164\" ec-name=\"CNN\" rel=\"nofollow\">CNN<\/a> torsdag. <\/p>\n<p>Olmert er rasande over den auka valden mot palestinarar p\u00e5 den okkuperte Vestbreidda, utan referanse til denne hendinga spesifikt.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er utilgjeveleg. Kvar dag er det busetjarar som g\u00e5r til angrep p\u00e5 uskuldige personar. Aller verst er det at dei brenn ned husa deira, trugar dei og \u00f8ydelegg oliventrea deira, seier den tidlegare statsministeren. <\/strong><\/p>\n<p>Den palestinske ambassad\u00f8ren i Storbritannia, Husam Zomlot, kallar hendinga eit krigsbrotsverk og seier <a href=\"https:\/\/x.com\/hzomlot\/status\/1994080794231394800\" ec-id=\"https:\/\/x.com\/hzomlot\/status\/1994080794231394800\" ec-name=\"i ei melding p\u00e5 X\" rel=\"nofollow\">i ei melding p\u00e5 X<\/a> at ho er del av eit m\u00f8nster i det okkuperte omr\u00e5det.<\/p>\n<p>Interessert i \u00e5 f\u00f8lge med p\u00e5 det som skjer i verda? H\u00f8yr podkasten \u00abUrix\u00bb her: <\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>28.11.2025, kl. 07.30<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>28.11.2025, kl. 08.00<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u00abDei drap dei. Det er ingen gud utanom Allah\u00bb, h\u00f8yrer ein stemmer seier i bakgrunnen i videoen. Tungt&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":98769,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-98768","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories","23":"tag-verden","24":"tag-world","25":"tag-world-news","26":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115626053774652083","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/98768","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=98768"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/98768\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/98769"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=98768"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=98768"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=98768"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}