{"id":99143,"date":"2025-11-28T13:46:12","date_gmt":"2025-11-28T13:46:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/99143\/"},"modified":"2025-11-28T13:46:12","modified_gmt":"2025-11-28T13:46:12","slug":"han-tar-ikkje-ansvar-for-det-han-har-gjort-nrk-trondelag-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/99143\/","title":{"rendered":"\u2013\u00a0Han tar ikkje ansvar for det han har gjort \u2013 NRK Tr\u00f8ndelag \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Arne Bye vil ikkje karakterisere dei forholda han er domfelt for av tingretten som overgrep.<\/p>\n<p>Det sa statsadvokat Eli Reberg Nessimo i si avslutning i Frostating lagmannsrett.<\/p>\n<p>\u2013 Men det er nettopp det dei er, la ho til.<\/p>\n<p>Nessimo p\u00e5peikte at overgrepa Bye er d\u00f8md for har ramma ei heil gruppe.<\/p>\n<p><strong>\u2013 N\u00e5r ein les dommen, ser ein at domfelte sine handlingar har ramma i generasjonar. Me finn m\u00f8drer, s\u00f8strer, venninner og naboar.<\/strong><\/p>\n<p>Den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta er d\u00f8md for 70 valdtekter og 82 tilfelle av \u00e5 ha misbrukt si stilling for \u00e5 oppn\u00e5 seksuell omgang.<\/p>\n<p>I ankesaka skal lagmannsretten avgjere kva straff Bye skal f\u00e5. Dommen er forventa \u00e5 kome 12. desember.<\/p>\n<p>\u2013 Han tar ikkje ansvar for det han har gjort<\/p>\n<p>Torsdag <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/trondelag\/hoyrde-arne-bye-forklare-seg-pa-nytt_-__det-er-framleis-ikkje-noko-anger-1.17669369\" ec-id=\"pp:article:1.17669369\" ec-name=\"forklarte Bye seg i retten om eigne tvangsliknande tankar\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">forklarte Bye seg i retten om eigne tvangsliknande tankar<\/a> og korleis det har p\u00e5verka han i livet og i jobben som lege.<\/p>\n<p>Rettspsykiatrisk sakkunnig diagnostiserte han med tvangsprega personlegdomsforstyrring.<\/p>\n<p>Men statsadvokaten meiner det ikkje er nokon samanheng mellom personlegdomsforstyrringa og handlingane til Bye.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Han tar ikkje ansvar for det han har gjort. Han skuldar p\u00e5 tvangen sin, seier Nessimo.<\/strong><\/p>\n<p>P\u00e5talemakta meiner Bye m\u00e5 d\u00f8mmast til maksstraff:<\/p>\n<p>\u2013 Straffa skal fastsetjast til fengsel i 16 \u00e5r.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer i dommerkl\u00e6r sitter i en rettssal. Den ene personen har langt h\u00e5r og b\u00e6rer \u00f8redobber. Den andre personen er kledd i hvitt og m\u00f8rkt. Omgivelsene har en trepanelvegg og synlige elektroniske enheter.\" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Statsadvokatane Eli Reberg Nessimo og Rikhard Haugen Lyng i Frostating lagmannsrett.<\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p>Bad om 14,5 til 15 \u00e5r i fengsel<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er angsten som har p\u00e5verka Bye sine handlingar.<\/strong><\/p>\n<p>Det sa Arne Bye sin forsvarar, Frode Wisth, i retten.<\/p>\n<p>Det er siste av tre dagar i ankesaka mot den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ei spesiell sak som har mange involverte, som er sv\u00e6rt krevjande for dei forn\u00e6rma og ogs\u00e5 sv\u00e6rt krevjande for Bye, la forsvararen til.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer i svart robe er til stede i en rettssal. En av dem sitter med ansiktet vendt mot siden, mens den andre st\u00e5r i bakgrunnen. Omgivelsene inkluderer vinduer og gardiner med rutete m\u00f8nster. Det er en kontorpult i tre i rettssalen.\" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Forsvarar Frode Wisth.<\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p><strong>Forsvararen meiner den tvangsprega personlegdomsforstyrringa m\u00e5 gje Bye strafferabatt og ber om 14,5 til 15 \u00e5r i fengsel.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Bye er einig i dag at det ikkje h\u00f8yrer heime \u00e5 ha ei gynekologisk unders\u00f8king p\u00e5 47 minutt. Men den gongen klarte han ikkje \u00e5 avslutte, sa Wisth.<\/p>\n<p>I tillegg meiner forsvararen mellom anna at Bye trakk anken over skuldsp\u00f8rsm\u00e5let tilseier at han m\u00e5 f\u00e5 fr\u00e5drag i straff.<\/p>\n<p>Han sa det gjorde at dei forn\u00e6rma slapp \u00e5 m\u00f8te opp i retten p\u00e5 nytt.<\/p>\n<p>\u2013 Bye har s\u00e5 langt det har latt seg gjere fors\u00f8kt \u00e5 sk\u00e5ne dei forn\u00e6rma, sa Wisth.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Rettstegning av Arne Bye og forsvarere fra ankesaken i Frostating lagmannsrett i Trondheim torsdag. Arne Bye og forsvarere ser p\u00e5 videobevis.\" title=\"Illustrasjon: Ane Hem \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Rettsteikning av Arne Bye og forsvararane. Fr\u00e5 venstre: Frode Wisth, Arne Bye, Eirik Svingen Bj\u00f8rgo og Linn Haug Holm.<\/p>\n<p>Illustrasjon: Ane Hem \/ NTB<\/p>\n<p>Meiner erkjenningane til Bye er verdilause <\/p>\n<p>Statsadvokat Nessimo viste til at <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/trondelag\/arne-bye-framstilt-for-varetektsfengsling-pa-nytt_-__eg-anser-meg-som-ikkje-straffeskyldig-1.17477727\" ec-id=\"pp:article:1.17477727\" ec-name=\"Bye trekte alle erkjenningane\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Bye trekte alle erkjenningane<\/a> han kom med i tingretten, etter at han anka dommen.<\/p>\n<p>F\u00f8r behandlinga av anken i lagmannsretten, trekte Bye anken over skuldsp\u00f8rsm\u00e5let og sa seg dermed skuldig og erkjenner det han er d\u00f8md for.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg tenker s\u00e6rleg p\u00e5 forklaringa fr\u00e5 Arne Bye, s\u00e5 verkar innhaldet i erkjenningane som verdilause, etter p\u00e5talemakta sitt syn.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Rettstegning av Arne Bye fra ankesaken i Frostating lagmannsrett i Trondheim onsdag.\" title=\"Illustrasjon: Ane Hem \/ NTB\"\/><\/p>\n<p>Illustrasjon: Ane Hem \/ NTB<\/p>\n<p>\u2013 Det at han tar til etterretning at han er d\u00f8md, betyr ikkje at han erkjenner skuld, la ho til.<\/p>\n<p><strong>P\u00e5talemakta meiner Arne Bye har hatt eit fast og vedvarande forsett.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Han brukte mykje tid p\u00e5 denne verksemda. B\u00e5de p\u00e5 \u00e5 rigge opp og ned kamera, skjule det eigenproduserte utstyret for kollegaane sine.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bilde viser et brett med flere objekter innpakket i plastposer. Blant objektene er ulike former som en rosa h\u00f8yttaler og flere r\u00f8r i metall og plast. Omgivelsene er en lys rom med trepaneler. Det er ingen personer synlige i bildet.\" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p>Lovendring kan gje kortare straff<\/p>\n<p>I tingretten blei Bye <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/trondelag\/dommen-mot-arne-bye-blir-lest-opp-i-trondelag-tingrett-i-steinkjer-1.17442021\" ec-id=\"pp:article:1.17442021\" ec-name=\"d\u00f8md til 21 \u00e5r i fengsel\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">d\u00f8md til 21 \u00e5r i fengsel<\/a>.<\/p>\n<p><strong>Men n\u00e5r Frostating lagmannsrett no skal behandle Bye si anke over straffeutm\u00e5linga, gjer ei lovendring at han maksimalt kan d\u00f8mmast til 16 \u00e5r i fengsel.<\/strong><\/p>\n<p>Den tidlegare kommuneoverlegen blei i Tr\u00f8ndelag tingrett mellom anna funnen skuldig i 38 brot av paragraf 292 i straffelova.<\/p>\n<p>Paragrafen inneheldt bestemmingar knytt til valdtekt ved innf\u00f8ring av gjenstandar.<\/p>\n<p>Strafferamma for brot p\u00e5 denne lova var 15 \u00e5r. N\u00e5r ein blir d\u00f8mt for fleire brot, kan ein f\u00e5 seks \u00e5r ekstra straff.<\/p>\n<p>D\u00e5 lovendringane som blir kalla samtykkelova tr\u00e5dde i kraft 1. juli blei paragraf 292 oppheva.<\/p>\n<p>    Frosta-saka<\/p>\n<ul aria-labelledby=\"b6055bd6-8105-4386-bf86-8ffe14cd8a7c\" role=\"list\">\n<li>Kvifor skal saka mot Arne Bye g\u00e5 for retten igjen?\n<p>Den 6. juni blei den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/trondelag\/dommen-mot-arne-bye-blir-lest-opp-i-trondelag-tingrett-i-steinkjer-1.17442021\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">d\u00f8mt til 21 \u00e5r i fengsel i Tr\u00f8ndelag tingrett.<\/a><br \/>\nHan blei funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for \u00e5 oppn\u00e5 seksuell omgang.<\/p>\n<p>Men s\u00e5 anka Arne Bye dommen, b\u00e5de straffeutm\u00e5linga og skuldsp\u00f8rsm\u00e5let. Han ville ha ei ny vurdering av om kvinnene var ute av stand til \u00e5 motsette seg det som skjedde p\u00e5 legekontoret.<\/p>\n<p>Frostating lagmannsrett avgjorde at Bye si anke over straffeutm\u00e5linga og anke over skuldsp\u00f8rsm\u00e5let for 18 tiltalepostar skal fremmast til ankeforhandling.<\/p>\n<p>Men s\u00e5 trakk Bye anken over skuldsp\u00f8rsm\u00e5let, men lagmannsretten skal framleis behandle Bye si anke over straffeutm\u00e5linga. <\/p>\n<p>Dermed er skuldsp\u00f8rsm\u00e5let rettskraftig avgjort, men lagmannsretten skal i ankeforhandlinga avgjere kva straff han skal d\u00f8mmast til for desse lovbrota.<\/p>\n<\/li>\n<li>Kva skal lagmannsretten behandle i ankesaka?\n<p>Frostating lagmannsrett skal behandle Arne Bye si anke over straffeutm\u00e5linga \u2013 alts\u00e5 kva straff Bye skal f\u00e5 for lovbrota han blei funnen skuldig i ved Tr\u00f8ndelag tingrett sin dom fr\u00e5 6. juni.<\/p>\n<p>I tingretten blei han funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for \u00e5 oppn\u00e5 seksuell omgang. Dette er med andre ord rettskraftig avgjort.<\/p>\n<\/li>\n<li>Kvifor har maksstraffa Arne Bye kan f\u00e5r blitt kortare?\n<p>N\u00e5r Frostating lagmannsrett no skal behandle Bye si anke over straffeutm\u00e5linga, gjer ei lovendring at han maksimalt kan d\u00f8mmast til 16 \u00e5r i fengsel.<\/p>\n<p>Den tidlegare kommuneoverlegen blei i Tr\u00f8ndelag tingrett mellom anna funnen skuldig i 38 brot av \u00a7 292 i straffelova.<\/p>\n<p>Paragrafen inneheldt bestemmingar knytt til valdtekt ved innf\u00f8ring av gjenstandar.<\/p>\n<p>Strafferamma for brot p\u00e5 denne lova var 15 \u00e5r. N\u00e5r ein blir d\u00f8mt for fleire brot, kan ein f\u00e5 seks \u00e5r ekstra straff.<\/p>\n<p>Dermed blei Arne Bye d\u00f8md til 21 \u00e5r fengsel i Tr\u00f8ndelag tingrett, den 6. juni 2025.<\/p>\n<p>D\u00e5 lovendringane som blir kalla \u00absamtykkelova\u00bb tr\u00e5dde i kraft 1. juli finst ikkje denne paragrafen lenger.<\/p>\n<p>I tillegg fjerna lovendringa minstestraffa p\u00e5 tre \u00e5r og \u00f8vre strafferamme p\u00e5 15 \u00e5r ved valdtekt til samleie.<\/p>\n<p>Dermed vil strafferamma for lovbrota Bye er d\u00f8md for vere 16 \u00e5r etter lovverket som er gjeldande i dag.<\/p>\n<p>Dersom han skal d\u00f8mmast til 21 \u00e5r i fengsel, m\u00e5 det bevisast at ei av valdtektene har vore grov.<\/p>\n<\/li>\n<li>Det har kome fleire nye saker mot Arne Bye. Kva skjer med dei?\n<p>Ankesaka som no g\u00e5r for retten p\u00e5verkar ikkje etterforskinga av dei nye sakene mot Arne Bye.<\/p>\n<p>Dette er to parallelle l\u00f8p: Sakene som g\u00e5r for retten og dei nye sakene som er under etterforsking.<\/p>\n<p>Den tidlegare kommuneoverlegen er sikta for 33 nye valdtektshandlingar overfor 16 forn\u00e6rma.<\/p>\n<p>Dette har vore under etterforsking sidan desember 2024 \u2013 parallelt med at saka mot Bye er under behandling i rettssystemet.<\/p>\n<p>Politiet har bekrefta at dei leiter etter manglande videomateriale i forbindelse med denne etterforskinga. <\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Lovendringa fjerna ogs\u00e5 minstestraff p\u00e5 tre \u00e5r og \u00f8vre strafferamme p\u00e5 15 \u00e5r ved valdtekt til samleie.<\/p>\n<p>Dermed vil strafferamma for lovbrota Bye er d\u00f8md for vere 16 \u00e5r etter lovverket som er gjeldande i dag.<\/p>\n<p><strong>B\u00e5de forsvararane og p\u00e5talemakta meiner lagmannsretten m\u00e5 ta utgangspunkt i lova som er gjeldande i dag.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Ikkje nok at lova gjev eit mildare resultat<\/p>\n<p><strong>Sj\u00f8lv om lova er endra, er det opp til lagmannsretten \u00e5 tolke om det er det gamle eller det nye lovverket som gjer seg gjeldande i denne saka.<\/strong><\/p>\n<p>Forsvarar Wisth argumenterte i retten for at det rette er \u00e5 bruke det nye lovverket som gjev kortare straff.<\/p>\n<p>Lagdommar Sven-J\u00f8rgen Lindsetmo stoppa forsvararen og spurde om forarbeida til lovendringa gjev uttrykk for eit \u00f8nske om \u00e5 senke straffeniv\u00e5et.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er ikkje nok at lova gjev eit mildare resultat, kommenterte Lindsetmo.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Lagdommern Sven-J\u00f8rgen Lindsetmo og rettspsykiatrisk sakkyndig K\u00e5re Nonstad\" title=\"Foto: Kim Nyg\u00e5rd \/ Adresseavisen\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Lagdommar Sven-J\u00f8rgen Lindsetmo og rettspsykiatrisk sakkunnig K\u00e5re Nonstad i retten torsdag.<\/p>\n<p>Foto: Kim Nyg\u00e5rd \/ Adresseavisen<\/p>\n<p>\u2013 Ein kan legge til grunn at straffeniv\u00e5et ikkje skal endrast. Det er berre maksimalstraffa som etter mi oppfatning skal endrast, svarte Wisth.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 statsadvokaten forst\u00e5r lovendringa slik at maksstraffa har endra seg i Arne Bye sitt tilfelle.<\/p>\n<p>\u2013 Det er p\u00e5talemakta sitt syn at lovgjevar her har sett og samtidig vurdert konsekvensane av \u00e5 senke strafferamma, sa Nessimo.<\/p>\n<p>\u2013 Kan det skuldast at ein rett og slett ikkje har hatt fantasi til \u00e5 sj\u00e5 for seg at det kunne blir s\u00e5 alvorleg og ekstremt at lova si \u00f8vre strafferamme kunne bli aktuelt \u00e5 bruke? spurde lagdommaren.<\/p>\n<p>\u2013 Eg skal ikkje g\u00e5 inn og spekulere i kva lovgjevar har tenkt, svarte Nessimo.<\/p>\n<p>    Hei!<\/p>\n<p>Er du eller nokon du kjenner p\u00e5verka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie \u00e5 fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven eg burde snakke med?<\/p>\n<p>D\u00e5 vil eg veldig gjerne h\u00f8yre fr\u00e5 deg!<\/p>\n<p>All informasjon blir behandla konfidensielt.\u00a0<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>28.11.2025, kl. 12.42<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>28.11.2025, kl. 12.47<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Arne Bye vil ikkje karakterisere dei forholda han er domfelt for av tingretten som overgrep. Det sa&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":99144,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-99143","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115627634569793133","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/99143","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=99143"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/99143\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/99144"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=99143"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=99143"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=99143"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}