{"id":99260,"date":"2025-11-28T15:41:21","date_gmt":"2025-11-28T15:41:21","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/99260\/"},"modified":"2025-11-28T15:41:21","modified_gmt":"2025-11-28T15:41:21","slug":"meiningar-debatt-kva-er-vitsen-med-eit-fakkeltog-for-palestina-no","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/99260\/","title":{"rendered":"Meiningar, Debatt | Kva er vitsen med eit fakkeltog for Palestina no?"},"content":{"rendered":"\n<p>Freden er p\u00e5 veg til Midtausten. Treng vi d\u00e5 \u00e5 g\u00e5 i fakkeltog?<\/p>\n<p>I oktober blei partane i Gaza-krigen endeleg einige om ei v\u00e5penkvile og ein fredsplan som kan bety slutten p\u00e5 krigen mellom Israel og Hamas. Med desse glimta av lys, tenker du kanskje at det har lite for seg med eit fakkeltog for fred.<\/p>\n<p>Sett fr\u00e5 Gazastripa er det dessverre langt att til noko som minner om fred. Bombene fell framleis over ruinane. Til og med i det Israel kallar \u00abtrygge\u00bb soner, kan kva som helst skje. Kanskje f\u00e5r du ein evakueringsordre p\u00e5 mobilen din f\u00f8r det smell, kanskje ikkje. Alle i Gaza veit at ingen eigentleg er trygge.<\/p>\n<p>Brota p\u00e5 v\u00e5penkvila har s\u00e5 langt teke 300 palestinske liv og nesten 800 er s\u00e5ra. Og i ly av det som skjer i Gaza, kryp krigshandlingane inn over Vestbreidda, der det israelske forsvaret held fram med \u00e5 rive heimar og tvinge folk vekk fr\u00e5 landsbyane sine. Stadig oftare har fanatiske nybyggarar g\u00e5tt laus p\u00e5 b\u00f8nder og rasert olivenlundar, med israelske soldatar som tause tilskodarar.<\/p>\n<p>FN sin dag for solidaritet med det palestinske folket er 29. november. Denne solidariteten trengst fordi tusenvis av menneske p\u00e5 Gazastripa enno strevar med det aller meste. Sj\u00f8lv om Sogndal ligg langt unna Palestina, betyr det mykje at ogs\u00e5 folk langt vekke viser at dei hugsar p\u00e5 dei og tenker p\u00e5 korleis det g\u00e5r akkurat no.<\/p>\n<p>Kva veit vi om livet i Gaza akkurat no? Ein ting er frykta for \u00e5 kunne d\u00f8y n\u00e5r som helst. Ein annan ting er det reint praktiske: Kor skal vi sove, kva skal ungane ete i dag, f\u00e5r vi tak i nok vatn? Vinternettene kan vere kalde for dei mange som har s\u00f8kt ly i utbomba hus og enkle telt. FNs barnefond reknar med at 85 prosent av familiane i Gaza no bur mindre enn ti meter fr\u00e5 open kloakk eller s\u00f8ppel. N\u00e5r regnet h\u00f8ljar ned, fl\u00f8ymer det skitne vatnet inn i teltleirane. S\u00e5pe og reint vatn finst knapt \u00e5 f\u00e5 tak i, og b\u00e5de vaksne og barn f\u00e5r hudplager og alle slags un\u00f8dvendige sjukdommar.<\/p>\n<p>\u00c5 samlast til fakkeltog er viktig fordi Israel framleis stenger grensene og hindrar folk i \u00e5 f\u00e5 livsviktig hjelp. Leger utan grenser melder at over 16 500 pasientar st\u00e5r i k\u00f8 for \u00e5 f\u00e5 reise ut og motta medisinsk hjelp. Samtidig held Israel att hjelpesendingar med medisinar, mat og alt det andre som trengst.<\/p>\n<p>Markeringar som den vi held i Sogndal er ein m\u00e5te vi kan vise avstand til Netanyahu-regimet p\u00e5 og minne om at krigsbrotsverka dei siste to \u00e5ra m\u00e5 straffast, p\u00e5 begge sider. Sj\u00f8lv om den israelske h\u00e6ren har uhyre treffsikker v\u00e5penteknologi, har dei sett sjukehus ut av spel, gjort helsepersonell og journalistar til eit m\u00e5l, bomba skular og universitet og rasert uerstatteleg kulturarv.<\/p>\n<p>I tillegg kjem alle drapa p\u00e5 uskuldige ungar og andre sivile. Svimlande mange har opplevd grufulle ting. Vi har h\u00f8yrt om kor ung befolkninga p\u00e5 Gazastripa er, og vi hugsar kor intens krigf\u00f8ringa har vore. Kor mange barn og unge som har f\u00e5tt psykiske skader dei siste to \u00e5ra, kan vi berre tenke oss til. Desse skadene kjem til \u00e5 sitje i lenge, kanskje resten av livet.<\/p>\n<p>Ja, Norge ligg langt unna Midtausten. Likevel kan vi vise at vi bryr oss. Viss vi verkeleg st\u00e5r for universelle menneskerettar, er det p\u00e5 tide \u00e5 krevje at palestinarane f\u00e5r leve verdige liv, b\u00e5de i Gaza og p\u00e5 Vestbreidda.<\/p>\n<p>Fakkeltog for fred blir arrangert i Sogndal 29. november av Palestinakomiteen i Sogn i lag med 12 andre organisasjonar.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Freden er p\u00e5 veg til Midtausten. Treng vi d\u00e5 \u00e5 g\u00e5 i fakkeltog? I oktober blei partane i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":99261,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,37,24,25,15,22,23,1939,13,30,28,29,14,1533,16,261,26,27],"class_list":{"0":"post-99260","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-debatt","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-headlines","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-meiningar","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-opinion","24":"tag-overskrifter","25":"tag-palestina","26":"tag-top-stories","27":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115628086603635094","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/99260","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=99260"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/99260\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/99261"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=99260"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=99260"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=99260"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}