{"id":99346,"date":"2025-11-28T17:00:42","date_gmt":"2025-11-28T17:00:42","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/99346\/"},"modified":"2025-11-28T17:00:42","modified_gmt":"2025-11-28T17:00:42","slug":"dette-er-heimen-min-nrk-sorlandet-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/99346\/","title":{"rendered":"\u2013 Dette er heimen min \u2013 NRK S\u00f8rlandet \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p><strong>\u2013 Stavanger. Viking. Eg er her for \u00e5 bli. Dette er heimen min.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier lyngd\u00f8len Zlatko Tripic (32) i ein video fotballklubben Viking har delt p\u00e5 sosiale medium fredag morgon.<\/p>\n<p>H\u00e6rf\u00f8raren og kaptein for klubben som s\u00f8ndag kan sikre sitt f\u00f8rste seriegull p\u00e5 34 \u00e5r har signert ein ny avtale ut 2027.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er veldig glad for \u00e5 forlenge kontrakten. Det betyr mykje for meg \u00e5 representere Viking, og eg ser fram til \u00e5 vere med p\u00e5 \u00e5 bygge vidare p\u00e5 det vi held p\u00e5 med, seier Tripic til <a href=\"https:\/\/www.vikingfotball.no\/nyheter\/zlatko-tripic-2027\" target=\"_blank\" ec-id=\"https:\/\/www.vikingfotball.no\/nyheter\/zlatko-tripic-2027\" ec-name=\"Vikings nettside\" rel=\"nofollow noopener\">Vikings nettside<\/a>.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann i sportsuniform p\u00e5 en bane\" title=\"Foto: Carina Johansen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Zlatko Tripic jublar under kampen mot HamKam tidlegare i haust, ein kamp Viking vann 3\u20130.<\/p>\n<p>Foto: Carina Johansen \/ NTB<\/p>\n<p>Elska og hata<\/p>\n<p>Han er spelaren fansen elskar og motstandarane hatar. Zlatko Tripic har l\u00f8fta Viking til toppen av norsk fotball.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Han har vore vanvitig viktig. Eg kallar han for eit positivt dra-til-tryne. Ein s\u00e5nn spelar har alle lag som vinn noko.<\/strong><\/p>\n<p>Orda tilh\u00f8yrer Ingve B\u00f8e, gullhelt fr\u00e5 1991 og mange\u00e5rig Viking-spaltist i Stavanger Aftenblad.<\/p>\n<p>Viking-siger over V\u00e5lerenga heime i J\u00e5tt\u00e5v\u00e5gen s\u00f8ndag vil gi stavangerklubben ein etterlengta tittel.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En sportsut\u00f8ver tar en selfie mens han st\u00e5r ved avgrensningen p\u00e5 en stadion. I bakgrunnen er flere personer som tar bilder med mobiltelefoner. Tribunene er fylt med tilskuere. Ut\u00f8veren har p\u00e5 seg en m\u00f8rk jakke med logo.\" title=\"Foto: Carina Johansen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Lyngd\u00f8len har blitt ein sv\u00e6rt popul\u00e6r spelar blant Viking-fansen.<\/p>\n<p>Foto: Carina Johansen \/ NTB<\/p>\n<p>Poengspelar<\/p>\n<p>Med s\u00f8rlendingen Tripic som kaptein har Viking teke store steg og igjen blitt ein etablert gullkandidat.<\/p>\n<p>Lyngd\u00f8len var ein n\u00f8kkelspelar d\u00e5 det blei opprykk til Eliteserien i 2018, men forsvann til tyrkiske G\u00f6ztepe etter ein 2019-sesong som blei krona med cupgull.<\/p>\n<p>Han vende \u00abheim\u00bb v\u00e5ren 2021, og s\u00e6rleg dei tre siste sesongane har lyngd\u00f8len har skilt seg ut som poengkonge og kaptein med stor K.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Han er jo ein signalspelar p\u00e5 godt og vondt. Han tr\u00f8r til, og han f\u00e5r med seg medspelarar og \u00abfuckar opp\u00bb motspelarar, seier B\u00f8e til NTB og held fram:<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Men det viktigaste er at han er involvert i vanvitig mange sk\u00e5ringar og m\u00e5lgjevande pasningar. Det er vel tre sesongar no der han har passert ti og vel s\u00e5 det i b\u00e5de m\u00e5lgjevande og m\u00e5l, som er noks\u00e5 unikt i norsk m\u00e5lestokk.<\/p>\n<p>Gode med Tripic \u2013 og utan<\/p>\n<p>B\u00f8e har kontroll p\u00e5 statistikken. Dette er fasit for Tripic dei siste tre sesongane (Viking si ligaplassering i parentes):<\/p>\n<ul>\n<li><strong>2023 (4): 13 m\u00e5l og 10 m\u00e5lgjevande pasningar<\/strong><\/li>\n<li><strong>2024 (3): 10 m\u00e5l og 15 m\u00e5lgjevande pasningar<\/strong><\/li>\n<li><strong>2025 (1): 10 m\u00e5l og 14 m\u00e5lgjevande pasningar til no<\/strong><\/li>\n<\/ul>\n<p>32-\u00e5ringen med eit av dei beste h\u00f8grebeina i ligaen har g\u00e5tt f\u00f8re, men sj\u00f8lv d\u00e5 han sona karantene \u2013 etter \u00e5 ha krangla med Rosenborgs Adrian Pereira \u2013 klarte Viking \u00e5 ta poenga som skulle til for \u00e5 halde presset p\u00e5 Bod\u00f8\/Glimt.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>28.11.2025, kl. 10.20<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>28.11.2025, kl. 11.18<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Stavanger. Viking. Eg er her for \u00e5 bli. Dette er heimen min. Det seier lyngd\u00f8len Zlatko Tripic&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":99347,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-99346","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115628397233571438","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/99346","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=99346"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/99346\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/99347"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=99346"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=99346"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=99346"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}