{"id":99708,"date":"2025-11-29T07:10:13","date_gmt":"2025-11-29T07:10:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/99708\/"},"modified":"2025-11-29T07:10:13","modified_gmt":"2025-11-29T07:10:13","slug":"det-er-ein-kunst-nrk-sport-sportsnyheter-resultater-og-sendeplan","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/99708\/","title":{"rendered":"\u2013 Det er ein kunst \u2013 NRK Sport \u2013 Sportsnyheter, resultater og sendeplan"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert<\/p>\n<ul>\n<li>Johannes H\u00f8sflot Kl\u00e6bo og andre skil\u00f8parar nyttar ein spesiell \u00abdanseteknikk\u00bb for \u00e5 bremse ned etter m\u00e5lgang.<\/li>\n<li>Teknikken, kalla \u00abrulleskibremsing\u00bb, sparar skismurninga og reduserer slitasje p\u00e5 skia.<\/li>\n<li>Eit forbod mot fluorhaldig skismurning fr\u00e5 sesongen 2023\/24 har gjort slike detaljar viktigare enn f\u00f8r.<\/li>\n<li>Nye reglar krev at skil\u00f8parar brukar same skipar gjennom heile sprintkonkurransen, noko som gjer det avgjerande \u00e5 minimere slitasje.<\/li>\n<li>Aggressiv sn\u00f8 og skrensing kan \u00f8ydelegge b\u00e5de glidesmurning og festesmurning, noko som p\u00e5verkar prestasjonen.<\/li>\n<li>Skil\u00f8parar som Kl\u00e6bo og Valnes ser p\u00e5 dette som ein viktig del av konkurranseforberedelsane og ein eigen kunst.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>Med hoftebevegelsar p\u00e5 h\u00f8gde med dei beste i Skal vi danse bremsar han ned.<\/p>\n<p>N\u00e6rast som ein god samba i 2\/4-takt.<\/p>\n<p>Men Johannes H\u00f8sflot Kl\u00e6bo trenar nok ikkje til ei framtidig karriere i selskapsdans.<\/p>\n<p><strong>Han bremsar p\u00e5 ski.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det er ikkje tilfeldig, nei, seier han i det NRK vil prate med han om bevegelsane vi har sett.<\/p>\n<p>Filmen i toppen av artikkelen er fr\u00e5 da Kl\u00e6bo gjekk f\u00f8rst over streken i semifinalen p\u00e5 sprinten under sesongopninga p\u00e5 Beitost\u00f8len fredag. Ein sprint han seinare vann overlegent.<\/p>\n<p>Erik Valnes vart nummer tre i same skirenn.<\/p>\n<p>Han likar ogs\u00e5 \u00e5 nytte seg av \u00abdanseteknikken\u00bb. Sj\u00f8lv kallar han det for \u00abrulleskibremsing\u00bb, og viser til teknikken skil\u00f8parar brukar n\u00e5r dei skal bremse ned farten n\u00e5r dei g\u00e5r p\u00e5 rulleski.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ganske innarbeidd hos mange skil\u00f8parar. Det er faktisk ein ganske viktig detalj, seier Valnes til NRK.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Tre langrennsl\u00f8pere st\u00e5r p\u00e5 sn\u00f8dekt underlag, if\u00f8rt fargerike skikl\u00e6r og holder ski. En av dem har nummer 4 p\u00e5 brystet. Omgivelsene inkluderer flere tilskuere, reklameballonger og en bygning i bakgrunnen. L\u00f8perne forbereder seg til l\u00f8pet med fokusert uttrykk.\" title=\"Foto: Terje Pedersen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">VALNES: Erik Valnes passar p\u00e5 skia sine n\u00e5r han kjem i m\u00e5l. <\/p>\n<p>Foto: Terje Pedersen \/ NTB<\/p>\n<p>\u2013 Det er ein kunst<\/p>\n<p>Vanlegvis ville nok dei fleste av oss lagt p\u00e5 noko som liknar p\u00e5 ein sladd i staden for \u00e5 danse oss ned i fart.<\/p>\n<p>Men ein \u00abbreisladd\u00bb i m\u00e5lomr\u00e5det ville ha \u00f8ydelagd for Kl\u00e6bo og Valnes. Eller meir rett vil det nok vere \u00e5 seie at det ville ha \u00f8ydelagd for sm\u00f8rjarane til skil\u00f8parane.<\/p>\n<p><strong>For det er dette det handlar om: skismurning.<br \/>\n<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"\" title=\"Foto: Terje Pedersen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">RULLESKIBREMS: Johannes H\u00f8sflot Kl\u00e6bo p\u00e5 veg inn i m\u00e5lomr\u00e5det. <\/p>\n<p>Foto: Terje Pedersen \/ NTB<\/p>\n<p>\u2013 Eg sparar berre smurning. Eg gjer jobben hans (skism\u00f8rjaren) litt lettare, seier Kl\u00e6bo.<\/p>\n<p>Valnes stemmer i:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er slike ting som vi tenkjer p\u00e5 i sprint, alts\u00e5 \u00e5 ikkje k\u00f8yre p\u00e5 sn\u00f8 som slit smurning. Det er litt som i Formel-1 og det \u00e5 slite dekk, eigentleg. Det er ein kunst.<\/strong><\/p>\n<p>NRKs langrennsekspert P\u00e5l Golberg er klinkande tydeleg p\u00e5 dette er ein av mange detaljar som berre har vorte viktigare og viktigare.<\/p>\n<p>\u2013 Betyr det eigentleg noko?<\/p>\n<p>\u2013 Ja, det er jo ein detalj. Dei beste definerer no fleire ting som viktig. Det blir enda meir snakk om detaljane, og ikkje minst at vi ikkje lenger g\u00e5r med fluorsmurning. Det gjer at det set seg meir skit i skia, seier Golberg<\/p>\n<p>Sn\u00f8en kan \u00f8ydelegge<\/p>\n<p>For f\u00f8r sesongen 2023\/24 tr\u00e5dde nemleg eit forbod mot fluorhaldig skismurning i kraft. P\u00e5 same tid vart ein ny regel ogs\u00e5 innf\u00f8rt i sprintlangrenn: Kvar skil\u00f8par m\u00e5 bruke same skipar fr\u00e5 og med kvartfinalen.<\/p>\n<p>Det betyr at l\u00f8parane m\u00e5 g\u00e5 p\u00e5 same skipar heilt fram til ei eventuell finale.<\/p>\n<p>Sm\u00f8rjarane kan likevel legge p\u00e5 ny smurning mellom heata, men skiparet m\u00e5 alts\u00e5 vere det same.<\/p>\n<p>Og det er alts\u00e5 difor mange skil\u00f8parar dansar seg ned i fart: for \u00e5 spare skia og smurningen for slitasje.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Aggressiv sn\u00f8 kan ta bort ganske mykje av festesm\u00f8rjinga, men ogs\u00e5 denne glidesmurningen som er i glidsonen (p\u00e5 skia) slitast av skrensinga, seier NRK sin langrennsekspert P\u00e5l Golberg.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Tre ut\u00f8vere st\u00e5r p\u00e5 en sn\u00f8dekt plass, holder gavekort og ski. De er if\u00f8rt fargerike, merkede sportskl\u00e6r. En stor banner med teksten &quot;GRATULERER!&quot; er synlig i bakgrunnen. Det ser ut som en premieutdeling etter et skirenn.\" title=\"Foto: Terje Pedersen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">PALLEN: P\u00e5 Beitosprinten vann Johannes H\u00f8sflot Kl\u00e6bo suverent. Ansgar Evensen (til venstre) vart nummer to mens Erik Valnes (t.h) vart nummer tre. <\/p>\n<p>Foto: Terje Pedersen \/ NTB<\/p>\n<p>\u2013 Ikkje alltid det freistar<\/p>\n<p>Erik Valnes brukar auga mykje for \u00e5 planleggje fartssenkinga.<\/p>\n<p>\u2013 Eg ser p\u00e5 sn\u00f8en n\u00e5r eg eventuelt skal ploge. Eg ser etter at sn\u00f8en skal vere veldig laus der eg gjer det. Eg pr\u00f8ver i alle fall \u00e5 ikkje skrense p\u00e5 is. Da \u00f8ydelegg du jo, seier Valnes og forklarar at han ikkje alltid orkar \u00e5 sette hoftene i \u00abdansemodus\u00bb:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det med den rulleski-bremsinga n\u00e5r du er stiv: det er ikkje alltid det freistar. Men ein m\u00e5 jo nesten pr\u00f8ve \u00e5 spare der ein kan, seier han.<\/strong><\/p>\n<p>Johannes H\u00f8sflot Kl\u00e6bo forklarar at det heile nok har vorte ein vane. P\u00e5 Beitost\u00f8len fredag meiner han at det nok ikkje s\u00e6rleg stor betydning.<\/p>\n<p>\u2013 Slik som i dag er ikkje den verste dagen. Det er relativt lite slitasje i dag. I alle fall for min del trengte eg ikkje \u00e5 legge noko smurning undervegs i dag. Men p\u00e5 dei verste dagane kan det ha litt \u00e5 seie, seier Kl\u00e6bo.<\/p>\n<p>Erik Valnes fortel at han er obs p\u00e5 dette i alle skirenn han g\u00e5r.<\/p>\n<p>\u2013 Det er det same om ein g\u00e5r ein 10-kilometer eller ein 5-mil for den saks skuld. Det er stor slitasje p\u00e5 kunstsn\u00f8, og smurning m\u00e5 vi ha. Det er ein eigen kunst.<\/p>\n<p>\u2013 Det med skrensing i m\u00e5lomr\u00e5det er uansett viktig og b\u00f8r vere ein ryggmergsrefleks, avsluttar NRKs langrennsekspert P\u00e5l Golberg.<\/p>\n<p>        Feirer med \u00abgriddy\u00bb mot Brasil<\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" class=\"playlist-item__img\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/97HwrRFgzsynzvPNu_Ed4wYLR3oKRAa_stCTEcR1PkyA.jpeg\"\/><br \/>\n     Hvilken vinterut\u00f8ver skal vi frem til?<br \/>\n    00:55<\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" class=\"playlist-item__img\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/c6Nap-6C6TJujCn_iZLnUAtpwa6OWftIrVdj0F90F9wg.jpeg\"\/><br \/>\n     \u2013 Det ser ikke bra ut<br \/>\n    01:04<\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" class=\"playlist-item__img\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/11\/ed1Uw0I6Rsgvzpi75T_4NgRxz3L9dWqeLyRcaICkYYfg.jpeg\"\/><br \/>\n     Micky van de Ven l\u00f8per fra egen sekstenmeter og scorer &#8211; bilder fra TV 2<br \/>\n    00:16<\/p>\n<p>\n          Vis flere\n        <\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>29.11.2025, kl. 07.38<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert Johannes H\u00f8sflot Kl\u00e6bo og andre skil\u00f8parar nyttar ein spesiell \u00abdanseteknikk\u00bb for \u00e5 bremse ned etter m\u00e5lgang.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":99709,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-99708","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115631739800771979","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/99708","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=99708"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/99708\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/99709"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=99708"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=99708"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=99708"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}