{"id":99955,"date":"2025-11-29T13:08:07","date_gmt":"2025-11-29T13:08:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/99955\/"},"modified":"2025-11-29T13:08:07","modified_gmt":"2025-11-29T13:08:07","slug":"eg-er-singel-og-veldig-darleg-pa-a-date-nrk-kultur-og-underholdning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/99955\/","title":{"rendered":"\u2013 Eg er singel og veldig d\u00e5rleg p\u00e5 \u00e5 date \u2013 NRK Kultur og underholdning"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Eg er veldig, veldig d\u00e5rleg p\u00e5 \u00e5 date, fortel artist Benjamin Ingrosso om kj\u00e6rleikslivet.<\/p>\n<p>Akkurat d\u00e9t kan vere vanskeleg \u00e5 tru p\u00e5. Den 28 \u00e5r gamle superstjerna har dei siste \u00e5ra blitt eit av dei mest kjente namna i nordisk pop.<\/p>\n<p>Han kjem fr\u00e5 ein av Sveriges mest kjente familiar: Han er son av artisten Pernilla Wahlgren, fetter til Sebastian Ingrosso fr\u00e5 Swedish House Mafia \u2013 og ikkje minst er han broren til Bianca Ingrosso, influensar og suksessrik gr\u00fcnder bak Caia Cosmetics.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Foto: Kim Erlandsen, NRK P3\" title=\"Foto: NRK P3\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Benjamin Ingrosso er ein av nordens st\u00f8rste artistar. <\/p>\n<p>Foto: NRK P3<\/p>\n<p>Men sj\u00f8lv om han sjeldan datar, fekk han ei morosam og l\u00e6rerik oppleving under innspelinga av <a href=\"https:\/\/tv.nrk.no\/serie\/dama-til\" ec-id=\"tv:series:dama-til\" ec-name=\"\u00abDama til\u00bb.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">\u00abDama til\u00bb.<\/a><\/p>\n<p>Ei annleis datingoppleving<\/p>\n<p>\u2013 Eg har aldri opplevd noko slikt f\u00f8r, der ein skal date ei jente p\u00e5 den m\u00e5ten, i s\u00e5 mange dagar. Det kjendest s\u00e5 ekte, sj\u00f8lv om det ikkje var det.<\/p>\n<p><strong>Han fekk veldig sansen for programleiar Annika Momrak.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Ho er ti poeng. Ho er s\u00e5 morosam og s\u00f8t, og enkel \u00e5 jobbe med.<\/p>\n<p>Sidan han ikkje g\u00e5r s\u00e5 ofte p\u00e5 date var erfaringa nyttig, fortel han:<\/p>\n<p>\u2013 Eg syntest berre det var j\u00e6vlig morosamt. Det var l\u00e6rerikt for meg \u00e5 vite korleis eg skal gjere det n\u00e5r eg datar p\u00e5 ordentleg.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer sitter i sengen med puter rundt seg. Den ene personen holder en kopp, mens den andre har armene i fanget. Det er en lampe ved siden av sengen som gir et varmt lys. Omgivelsene er rolige med n\u00f8ytrale farger.\" title=\"Foto: NRK TV\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Benjamin Ingrosso og Annika Momrak slappar av i leilegheita hans i Stockholm. <\/p>\n<p>Foto: NRK TV<\/p>\n<p>Avsl\u00f8rer kj\u00e6rleiken i nytt album<\/p>\n<p>\u2013 For korleis g\u00e5r det med kj\u00e6rleikslivet?<\/p>\n<p>\u2013 Akkurat n\u00e5 fokuserer eg p\u00e5 andre ting, og p\u00e5 \u00e5 vere s\u00e5 mykje som mogleg i studio. D\u00e5 endar ein jo opp med \u00e5 skrive om det ein g\u00e5r gjennom. S\u00e5 eg tenker at ein f\u00e5r h\u00f8yre p\u00e5 musikken min n\u00e5r den kjem, og lage sin eigen tolking av korleis kj\u00e6rleikslivet g\u00e5r.<\/p>\n<p>\u2013 Kryptisk, men er du singel?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ja, eg er singel.<\/strong><\/p>\n<p>Ingrosso fortel vidare at n\u00e5r han fyrst vel \u00e5 date, er det ofte i utlandet:<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 eg datar jo sjeldan jenter som er fr\u00e5 Sverige. N\u00e5r eg er mykje utanlands og jobbar, da har eg lettare for \u00e5 date. Det kjennest enklare p\u00e5 eit vis, eg veit ikkje kvifor. Eg kan jo ikkje sitte p\u00e5 kva for ein helst restaurant, for eksempel.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Benjamin og Annika pa\u030a cafe i forbindelse med \u00abDama til\u00bb\" title=\"Foto: NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Eit romantisk augeblikk mellom Annika Momrak og Benjamin Ingrosso n\u00e5r de er p\u00e5 date saman. <\/p>\n<p>Foto: NRK<\/p>\n<p>Synest norske jenter er meir avslappa<\/p>\n<p>N\u00e5r han blir spurt om han kunne date ei norsk jente, svarer han raskt:<\/p>\n<p>\u2013 Ja, absolutt. Det har eg gjort.<\/p>\n<p>\u2013 Korleis skil norsk og svensk dating seg? <\/p>\n<p>\u2013 Spr\u00e5ket er vel det f\u00f8rste eg tenkjer p\u00e5. Eg synest norske jenter er meir avslappa og seg sj\u00f8lv, medan svenskar av og til speler litt \u00abhard to get\u00bb og kan vere meir usikre. Norsk dating kjennest generelt friare og enklare, svarer han.<\/p>\n<p>Forventingar og press som kjend<\/p>\n<p>Som kjend person merkar han at dating kan vere krevjande.<\/p>\n<p>\u2013 Her heime held det at ein g\u00e5r p\u00e5 ein date, og s\u00e5 st\u00e5r det plutseleg at ein er saman. Da har ein kanskje gitt nokon falske forh\u00e5pningar.<\/p>\n<p>Han har ogs\u00e5 f\u00f8lt p\u00e5 eit press om \u00e5 ha eit visst image \u00e5 leve opp til.<\/p>\n<p>\u2013 Ja, eg har hatt det, men eg har begynt \u00e5 sleppe litt p\u00e5 det no. M\u00e5let mitt er berre \u00e5 vere meg sj\u00f8lv i alle rom eg kjem inn i. Har eg ein d\u00e5rleg dag, s\u00e5 gir eg meg sj\u00f8lv tillating til \u00e5 ta det litt roleg, og ikkje vere s\u00e5 ut\u00e5tvend.<\/p>\n<p>\u2013 Om ikkje nokon likar det, s\u00e5 er det deira problem. Eg veit kven eg er innvendig, og det held.<\/p>\n<p>    <img alt=\"En person st\u00e5r foran en fotografisk bakgrunn med logoer fra VG-lista og sponsorer. Vedkommende har p\u00e5 seg en gr\u00e5 genser og bukser, og holder hendene sammen. Omgivelsene virker \u00e5 v\u00e6re fra et arrangement eller en reklameplakat. Det er flere logoer og navneskilt synlige i bakgrunnen.\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"Benjamin Ingrosso\"  loading=\"lazy\"\/>Tor Erik Schr\u00f8der\/NTB og Jessica Gow \/ Reuters \/ NTB<\/p>\n<p>Dedikert<\/p>\n<p>Programleiar Annika Momrak kan skrive under p\u00e5 at Ingrosso er ein varm og jordn\u00e6r person.<\/p>\n<p>\u2013 Han er veldig flink til \u00e5 vere til stades i augeblikket, trass i at det alltid er mykje action og mange folk rundt han.<\/p>\n<p>Det som likevel overraska ho mest var kor dedikert han er n\u00e5r det kjem til handverket bak musikken.<\/p>\n<p>\u2013 Han har hjartet sitt i kvar einaste detalj, og er med i heile prosessen fr\u00e5 id\u00e9 til ferdig l\u00e5t. Han er ikkje berre kjekk, han er rett og slett ein hartarbeidande musikar som g\u00e5r og tenker p\u00e5 nye songar heile tida.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en person som holder en eske\" title=\"Foto: Robert R\u00f8nning \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Annika Momrak fann lett tonen saman med Benjamin Ingrosso, som er ein av seks personar ho datar i sesong to av \u00abDama til\u00bb. <\/p>\n<p>Foto: Robert R\u00f8nning \/ NRK<\/p>\n<p>Draumedaten er i Oslo<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om Ingrosso er veldig fokusert p\u00e5 musikken, er han ikkje i tvil om korleis ein perfekt date hadde sett ut.<\/p>\n<p>\u2013 Min draumedate er \u00e5 henge ein dag i Oslo, ete p\u00e5 ein god restaurant som Little Wolf eller Pao, dra p\u00e5 W.B. Samson og kj\u00f8pe ein kanelbolle, kanskje g\u00e5 p\u00e5 kino eller p\u00e5 ein musikal.<\/p>\n<p>Under innspelinga var Ingrosso veldig forn\u00f8gd n\u00e5r Momrak kom med ein av hans favorittar.<\/p>\n<p>\u2013 Ho gav meg ein agurk- og osteskive, og ein kanelbolle. Eg fekk verkeleg alt eg \u00f8nskja meg, seier han og ler.<\/p>\n<p>Dr\u00f8ymer om familielivet<\/p>\n<p>N\u00e5r han ser framover, har han klare planar:<\/p>\n<p>\u2013 Min draum er vel at eg skal f\u00e5 vere pappa, ha barn og ha ein familie og leve i ein villa, samtidig som eg jobbar med det eg gjer. Eg \u00f8nsker \u00e5 ha eit liv som ogs\u00e5 inkluderer familieliv.<\/p>\n<p>Til slutt reflekterer han over den uventa vendinga i serien.<\/p>\n<p>\u2013 Eg syntest det var morosamt. At det var ein morosam twist p\u00e5 sj\u00f8lve programmet, \u00e5 bli dumpa, seier han og ler.<\/p>\n<p>Annika f\u00e5r leve ut ten\u00e5ringsdraumen som dama til ein av Nordens st\u00f8rste popstjerner, Benjamin Ingrosso. Men blir det like idyllisk som ho har tenkt?<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>29.11.2025, kl. 13.36<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Eg er veldig, veldig d\u00e5rleg p\u00e5 \u00e5 date, fortel artist Benjamin Ingrosso om kj\u00e6rleikslivet. Akkurat d\u00e9t kan&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":99956,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-99955","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115633147309503660","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/99955","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=99955"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/99955\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/99956"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=99955"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=99955"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=99955"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}